Hopp til innhald

Fagstoff

Kvardagssminke

Tannaz Mafazi er seniorstylist og makeup-artist. I filmen lærer ho oss korleis vi kan leggje sminke til kvardagsbruk.

Kvardagssminke

Tannaz Mafazi viser korleis ho legg ein vanleg makeup. Ho er seniorstylist og makeup-artist. Ei ansiktssminke kan ha fleire oppgåver. Dels skal sminka vere dekorativ og framheve ansiktstrekka på ein gunstig måte. Dels kan ho brukast til å skjule kviser, raude føflekkar, teleangiectasia (utvida små blodårer) eller pigmentflekker.

Reinsing av huda

Eit reint underlag er ein føresetnad for ein vellykka makeup. Derfor reinsar vi først huda slik at ansiktet er heilt reint. Til å reinse bruker vi reinsekrem eller reinsemjølk, eventuelt ansiktsvatn. Hugs at huda på halsen også må reinsast.

Foundation

Underlaget for all makeup er ein foundation, som består av makeupkrem. Prøv å finne ein farge som er så lik huda sin eigen farge som mogleg. Dersom du ikkje finn ein farge som er heilt lik, vel du ein tone lysare enn huda, ikkje mørkare. Det vil fort sjå unaturleg ut. Foundation finst som tyntflytande krem, gel, stift eller pudder.

Rouge er eit sminkeprodukt som framhevar ansiktsfargen og konturane. Pudderrouge blir først børsta på med ein børste. Børsten bør ikkje vere for liten.

Augesminke

Sminke ved auga skal ta sikte på å få fram vakre, blanke og opne auge. Til det bruker vi kajalstift, augeskugge, vippefarge og eventuelt augebrynstift. Når du skal leggje sminke ved auga, må du ta omsyn til augeforma og augeplasseringa hos kunden.

Augelok

Augeloka blir påførde augeskugge. Med lys augeskugge i den indre augekroken får vi avstanden mellom tettsitjande auge til å verke større. I den ytre augekroken bruker vi mørk augeskugge. Når auga sit langt frå kvarandre, korrigerer vi ved å leggje mørk augeskugge i dei indre augekrokane. Små auge verkar større når vi bruker lys augeskugge rundt om heile auga. Djuptliggjande auge får vi til å kome meir fram ved å bruke lys augeskugge. Framståande auge kan dempast med mørk augeskugge.

Augebryn

Eit av dei vanlegaste arbeida på eit ansikt er å rette augebryna. Det medverkar til å opne auga, løfte trekka og skape ei øvre ramme for augepartiet. Det er vanleg å justere forma på augebryna ved å nappe ut hår. Vi følgjer bryna si naturlege linje og understrekar denne linja. Ein god regel er å rette nedste kanten, og eventuelt fjerne enkelthår over og dei håra på sida som får bryna til å henge. Augebryna kan fargast eller forsynast med ferdig farga bryn. Målet er å framheve augepartiet.

Augevipper

Augevippene kan fargast eller forsynast med ferdig farga vipper. Målet er å framheve augepartiet. Dersom vippene ikkje er så tettvaksne som ønskjeleg, kan vi leggje på litt kajalstift på den ytre delen av vippene. På den måten vil dei verke tettare. Kajalstiftar er laga ved samansmelting av bindemiddel som harpiks, feitt, voks og fargestoff. Kajalstiftar blir også kalla kolstiftar. Dei finst i svart, brunt og fleire andre fargar. Vel ein farge som passar til auga og fargen på vippene. Vippene fargar vi grundig med maskara heilt ut til spissane. Maskara finst i fleire fargenyansar, men svart er mest brukt. Maskarafargen blir valt etter fargen på vippene og den verknaden vi ønskjer å oppnå. Denne korrigeringa skal vere usynleg. Når maskara er lagt på, børstar vi vippene slik at dei ikkje klistrar seg saman.

Ultranært bilete av eit sminka auge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lepper

Leppekontur

Kva slags farge og form leppene skal ha, er avhengig av moten og den personlege smaken til kunden. Leppekonturane blir først trekte opp med ein mjuk konturstift som er ein fargetone mørkare enn den fargen som vi skal leggje på leppene. Med konturstiften kan vi korrigere leppeforma litt. Vi kan få tjukke lepper til å verke smalare ved å trekkje konjunkturlinja langs den indre leppekanten. Smale lepper gjer vi tilsynelatande breiare ved å trekkje konturlinja langs den ytre leppekanten. Lyse og lysande fargar understrekar denne verknaden. Dersom munnen er for brei, bruker vi hudfarga dekkstift i munnvikane og teiknar inn ei mindre leppeform.

Leppestift

Påføring av leppestift er neste trinn. No målar vi leppestiftfargen heilt ut til konjunkturlinja. For at fargen skal vare lenge, pressar vi eit leppepapir lett mot leppene, og etterpå legg vi eit nytt lag med leppestift. Leppeglans gir ein glinsande effekt når han blir lagd over leppestiften. Dersom kunden ønskjer ei meir forsiktig framheving av leppene, kan vi leggje fargelaus eller farga leppeglans direkte på leppene. Leppelakk over leppefargen gir ei ekstra haldbar leppesminke. Den blir lagd på med pensel, men finst også i kulepennutgåve. Den hinna som legg seg over leppene, held seg lenge, men har den ulempa at ho tørkar ut leppene. Fordelen er at vi kan halde fast på dei klare konturane vi har teikna og sminka.

I ein salong skal leppestift aldri brukast direkte på leppene dersom det ikkje er kunden sjølv som eig stiften. Ein vanleg arbeidsmåte er å skrape litt leppestift med spatel og leggje den på med leppepensel. Etter behandlinga reinsar vi penselen i rein alkohol.

Leppestift blir lagt på med ein pensel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavarar: NRK og Yrkeslitteratur AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget