Hopp til innhald

Fagstoff

Projeksjonsvinkel og distribusjon

I frisørfaget er projeksjonsvinkelen den vinkelen vi held håret i forhold til det naturlege fallet når vi klipper det. Mens distribusjon er uttrykk for korleis vi held håret i forhold til delelinja.

Projeksjonsvinkel

Håret fell naturleg i forhold til tyngdekrafta og hovudforma, når kunden held hovudet rett. I frisørfaget er projeksjonsvinkelen den vinkelen håret blir halde i forhold til det naturlege fallet når det blir klipt.

Projeksjonsvinklar blir viste i forhold til hovudform. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Delelinja

Vi deler hovudet inn i arbeidsområde som kallast seksjon og passé. Det kallast seksjon viss det er større parti som blir delt inn, og passé viss det er mindre parti. Sjølve inndelinga mellom desse partia kallast ei delelinje. Vinkelen på delelinja varierer i forhold til korleis designlinja skal sjå ut. Ei designlinje er den avsluttande linja i klippen. Vinkelen på delelinja blir òg bestemd etter kva klippeform du jobbar med, og kva effekt du ønskjer å oppnå i hårfrisyren.

Distribusjon

Distribusjon er i frisørfaget eit uttrykk for korleis vi held håret i forhold til delelinja. Vi har tre ulike distribusjonar:

  • naturleg distribusjon
  • perpendikulær distribusjon
  • skiftingsdistribusjon

Naturleg distribusjon

Naturleg distribusjon er ein klipp i naturleg fallretning, og delelinja er horisontal.

Distribusjonsvinkel blir vist i forhold til hovudform. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Perpendikulær distribusjon

Perpendikulær distribusjon er ein klipp vinkelrett ut frå delelinja, med ei klippelinje som følgjer delelinja.

Perpendikulær distribusjon blir vist i forhold til hovudform. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skiftingsdistribusjon

Skiftingsdistribusjon er ein klipp som ikkje er vinkelrett frå delelinja, som vi bruker for å auke lengdeforskjellar i klippen.

Skiftingsdistribusjon blir vist i forhold til hovudform. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Svein Sandnes, Inger Gilje Sporaland og Anita Nordtveit Ekrene.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget