Hopp til innhald

Fagstoff

Klassisk håroppsetting

Tannaz Mafazi frå Opplæringskontoret for frisørfaget i Oslo og Akershus viser korleis ho set opp hår på ein klassisk måte.

Klassisk oppsetjing med fokus på festeteknikk

Skjema over feste av klyper ved oppsett av hår. Teikning.

Tannaz Mafazi viser oss korleis ho set opp hår på ein klassisk måte. Først deler ho håret inn ved hjelp av ei linje som går frå øyre til øyre. Etterpå tuperer ho håret i bakhovudet for å skape volum.

Ho deler håret i bakhovudet på midten og lagar to stramme hestehalar nedst. Desse festar ho med hårstrikkar med krok. Ho børstar hestehalane med naturbørste og sprayar for at frisyren skal halde seg.

Etterpå lagar ho lokkar som blir tuperte lett, og festar dei med hårnåler. Så sprayar ho frisyren igjen. Legg merke til at ho fjernar dei hårnålene som synest. Til slutt pyntar ho håroppsetjinga med ein blomster.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavarar: NRK og Yrkeslitteratur AS
Sist fagleg oppdatert 06.03.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget