Hopp til innhald

Fagstoff

Klassisk farging

Lær deg å farge hår. Mirja Rahm viser korleis ho gjennomfører ei klassisk farging med påfølgjande skylling og massasje av hovudbotnen.

Fargebehandling

Vi skil mellom tre typar fargebehandling: klassisk farging, minikolorasjon og glansvask. Dersom vi ønskjer å gi håret ein lysare tone, kan vi også bruke lysfarging eller bleiking. I filmen viser Mirja Rahm korleis ho gjennomfører ei klassisk farging. Den kjemiske prosessen som skjer i håret under ei klassisk fargebehandling gjer at vi får ei varig fargeendring.

Når vi påfører fargestoffet, vil håret svelle fordi ammoniakken opnar skjellaget og trengjer inn i håret. Hugs at ammoniakk fordampar lett, slik at intensiteten blir svekt i løpet av den tida stoffet verkar. Hydrogenperoksidet verkar som eit oksidasjonsmiddel. Etter svelleprosessen trengjer fargestoffa inn i håret. Dei fargelause fargeemna som blir brukte i eit hårfargemiddel, blir kopla saman til fargestoff ved hjelp av oksidasjonsmiddel. Fargeemna lagrar seg oppå kvarandre i håret, og fargepigmenta blir større. Dei blir derfor ikkje så lett vaska ut av håret. Vi får ein permanent hårfarge. I dei fleste fargekremane er det ofte adderande fargepigment i tillegg, særleg av raude nyansar. Dette blir tilsett for å forsterke fargeeffekten.

Blandingsforholdet

Blandingsforholdet ved klassisk farging er som oftast ein del fargekrem og ein del hydrogenperoksid (vasstoff). Dette blir kalla oksidasjonshårfarge. Gjennom oksidasjonsreaksjonar får ein fargestoffa til å utvikle seg. Dette gir håret den fargen ein ønskjer. Det krevst minimum 2 % hydrogenperoksid for å få kopling, men blandingsforholdet kan variere noko, så her er det viktig å lese bruksrettleiinga og bli betre kjent med fargane. Ein oksiderande farge som inneheld hydrogenperoksid vil alltid vere tokomponent, det vil seie at han må blandast før bruk.

Innsmørjing av fargen

Det er viktig å ta omsyn til hårsonene når vi skal smørje inn fargen. Vi har ei varm sone, ei kald sone og ei porøs sone. Den varme sona er nærmast hovudbotnen og om lag 3 cm ut på hårskaftet. Her vil varmen frå hovudbotnen kunne innverke på fargen. Den kalde sona er dei neste 3 cm til lengdene, det vil seie fram til der den porøse sona startar. Den porøse sona er dei ytste lengdene på håret, frå den kalde sona og heilt ut. Her kan håret ofte vere strukturskadd og kjemisk behandla.

Sjølve innsmørjngsteknikkane varierer avhengig av om det er varme eller kalde fargar. Særleg om håret ikkje har blitt farga tidlegare, må vi vere særleg nøye med sonene for å unngå misfarging. Spesielt viktig er dette ved sterke raudfargar. Merk også at vi påfører fargen til forskjellig tid i dei ulike sonene når vi brukar kalde og varme fargar.

Varme fargar smør ein først inn 2 cm frå hovudbotnen, i den kalde sona, deretter i den varme sona nærmast hovudbotnen. I porøse spissar bruker vi fargekremen tynna ut med vatn eller ein glansvask.

Kalde fargar smør ein først nærmast hovudbotnen, deretter i den kalde sona. I dei porøse spissane gjer vi det same som med varme fargar.

Vi startar innsmørjing like etter at fargekremen er blanda, og bruker ikkje meir enn ti minutt for å unngå at det blir ulik verketid frå der vi startar til der vi avsluttar. Fargekremen inneheld nemleg ein ”brems” som gjer at han ikkje begynner å verke før etter ti minutt.

Verketid

Fargekrem verkar etter om lag ein halvtime. Deretter må vi skylje håret grundig. Først skyl vi håret litt, så skummar vi opp fargekremen med fingrane og masserer bort fargerestar på huda. Deretter skyl vi håret godt, heilt til vatnet er fritt for farge.

Frisørlærling som skyl hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etterbehandling

Det er nødvendig med ei etterbehandling av håret etter alle kjemiske behandlingar, også farging. Vi bruker eit surt produkt som balsam eller rinse. Etterbehandlinga skal fjerne eller nøytralisere kjemikalierestane. Denne behandlinga skal også stoppe etteroksidasjonen av hårfargen og stabilisere fargestoffet, og dessutan lukke håret slik at skjellaget legg seg tett inntil hårskaftet og gjer det lettare å kjemme håret.

Massasje

Vi avsluttar behandlinga med massasje av hovudbotnen. Vi bruker dei same grepa ved massasje som ved vasking, men med ein tydelegare bruk av fingertuppane og med lågare fart. Vi startar med rolege strykingar og held fram med sirkelrørsler. Masser hovudet med mjuke rørsler, først oppover og deretter nedover.

Til slutt kan vi gi litt nakkemassasje. Dette er ei avslappande og roande behandling. Begynn med å løyse opp bindingar i skuldrene ved hjelp av sirkelmassasje. Plasser deretter begge tommelfingrane mot nakken og arbeid med fingrane frå skuldrene mot ryggsøyla tre gonger. Arbeid med rullande rørsler på sida av nakken tre gonger på kvar side frå midten og ut. Masser nakken med knokane nedanfrå og oppover og innover mot midten. Gi øyra ein lett massasje. Avslutt massasjen med å trekkje lett i håret. Det er eit signal om at hårkuren kan skyljast ut og behandlinga kan avsluttast.

Skyl med kaldt vatn til slutt og masser då med lette sirkelrørsler. Hugs å seie frå til kunden at vatnet er kaldt før det blir påført.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes og Marja Rahm. Rettshavarar: NRK og Yrkeslitteratur AS
Sist fagleg oppdatert 06.03.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget