Hopp til innhald

Fagstoff

Fargebehandling trinn for trinn

Ved ei fargebehandling jobbar du systematisk. Det betyr at du bør lage deg gode rutinar, slik at du tek godt vare på kunden. På den måten vil kundane dine merke at dei er i trygge hender, og dei blir gjerne faste kundar hos deg.
Ein frisør held eit fargekart opp mot håret til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 1: konsultasjon og analyse

  • Konsultasjon: Kva ønskjer kunden, og kva tilrår du?
  • Analyse: Kva slags utgangspunkt har du å jobbe med når det gjeld kvaliteten på håret, historikk og lys- og mørkheitsgrad?

Konsultasjon

Ein konsultasjon er ein samtale med kunden der du kartlegg ønska til kunden, hårkvaliteten og historikken til håret. Det er viktig at du stiller spørsmål slik at du skaffar deg mest mogleg informasjon. Her er kunden din rettleiar, og svara du får, er med på å avgjere kva val du bør gjere.

Analyse av håroppbygginga og hårkvaliteten

Grunnlaget for eit godt fargeresultat er å kjenne til korleis håret er bygd opp, og kva stand det er i. Kva slags struktur håret har, kor sterkt det er, og korleis det har vore behandla tidlegare, varierer frå kunde til kunde. Derfor er det viktig at du analyserer håret for å avgjere kva produkt du bør velje, og kva prosess som passar best til akkurat denne fargebehandlinga. Bruk eit fargekart som ein rettleiar, og sjå på det saman med kunden, slik at de finn den fargen som kjem nærast det han eller ho ønskjer seg.

Jo fleire hår du studerer, jo betre trent blir du på å gjennomføre ein konsultasjon og analysere hår. For å øve på dette må du både kjenne på og sjå på håret.

Oppbygginga av eit hårstrå. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er hår bygd opp?

Illustrasjonen til høgre viser eit kraftig forstørra menneskehår. Håret har trådliknande strukturar som inneheld keratin. Keratin gjer at håret blir glatt og skinande. Jo jamnare og glattare hårskaftet er, jo meir glansfullt blir håret.

Øving

Ta eit hårstrå og legg det mellom peikefingeren og tommelen. Dra fingrane nedover frå rot til spiss. Kva kjenner du? Dra så fingrane i motsett retning. Er det forskjell? Kan du samanlikne hårstrået med illustrasjonen av korleis eit hårstrå er bygd opp?

Trinn 2: førebuingar

  • førebehandling etter behov
  • inndeling i seksjonar
  • val av produkt og formel

Eit godt resultat krev kunnskap om kjemiske prosessar og verkestoff

Teknologien innanfor farging er komen langt, og som frisør kan du innfri tallause ønske frå kundar. Du må ha kunnskap om farge og verknaden av ulike fargekonsept for å vere ein profesjonell yrkesutøvar.

Hårfarge er eit kjemisk framstilt produkt. For å bli ein trygg og profesjonell fargeteknikkar må du derfor kunne litt om kjemi i tillegg til fargelære.

Førebehandle håret etter behov

Ofte i samband med ei fargebehandling må du gjere nokre førebuingar. Dersom du til dømes skal gjennomføre ei balayage-behandling på ein kunde, må du lysne håret på førehand. Her består førebehandlinga i å bleikje håret før du byrjar på sjølve farginga.

Bleiking av hår hos frisør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei anna førebehandling som kan vere aktuell, er å pleie strukturen, til dømes dersom noko av håret er porøst. Til dette finst eigne produkt som jamnar ut strukturen, og som dermed bidreg til eit jamt fargeresultat.

Inndeling i seksjonar

Det er lurt å starte med å dele inn håret før du byrjar å farge. Dette signaliserer til kunden at du har kontroll på det du gjer. Dessutan sparer det deg for tid og gir deg god oversikt over jobben du skal gjere.

Val av produkt og formel

For å oppnå eit godt fargeresultat treng du gode frisørprodukt. Det vil seie produkt som pleier strukturen i håret samtidig som du får den fargen kunden ønskjer. Hårfargeprodukt er i dag utvikla slik at du skal oppnå optimal glans og alle fargenyansar du kan drøyme om. Med nokre fargar kan du til og med oppnå ein 3D-effekt når håret blir reflektert i dagslys. Dagslys og ein sunn hårstruktur reflekterer glansen i ein hårfarge maksimalt.

Når du har blitt einig med kunden om kva resultatet skal bli, må du kanskje blande fleire fargar saman for å oppnå dette resultatet. For å blande riktig må du vere kjend med både Ittens fargesirkel og fargekodane i kartet.

Hårfarge blir pensla inn i eit hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 3: teknikk og påføring

  • val av inndeling, teknikk og utstyr
  • påføring av farge
  • verketid med oppfølging av kunden

Val av inndeling, teknikk og utstyr

Det finst uendeleg mange inndelingar å jobbe ut ifrå, alt etter kva resultat kunden ønskjer. Ved ei ettervekstbehandling, der du berre fyller farge inst ved hovudbotnen, bruker vi ei såkalla stjerneinndeling. Dette er ein klassisk innsetjingsteknikk. Det finst mange namn på innsetjingsteknikkar, til dømes

  • lysning
  • toning – glossing
  • color balancing
  • balayage
  • sombré
  • ombré
  • dip dye
  • color melt

Det finst òg diverse utstyr du må bruke for å få det rette resultatet. Noko av utstyret du kan få bruk for, er folie, plast, ei heklenål, spesialhetter og varierte fargekostar.

Påføring av farge

Når du påfører fargen, er det viktig å jobbe med tynne passasjar, slik at du får dekt heile håret med farge. Det er òg viktig at du påfører nok mengd med farge for å oppnå eit jamt og glansfullt resultat.

Verketid med oppfølging av kunden

Alle fargar har ei minimums- og ei maksimumsverketid. Det er ditt ansvar å følgje med på tida og sjekke både at kunden har det bra undervegs, og at håret reagerer på fargen slik du ønskjer. Ved enkelte behandlingar må du gjerne etterfylle farge undervegs for at resultatet skal bli perfekt. Bruk gjerne ei stoppeklokke for å ha kontroll på tida.

Kunde får rettleiing av ein frisør. Foto.

Trinn 4: pleie og styling

  • etterbehandling
  • opplæring av kunden
  • finish

Etterbehandling

Ei fargebehandling er ei belastning for håret sjølv om fargeteknologien er komen langt. Det er uansett ei kjemisk behandling som bryt ned og fjernar dei naturlege næringsstoffa i håret. Derfor er det viktig å få tilbake desse næringsstoffa, slik at håret blir så sterkt som mogleg att. Etter ei omfattande fargebehandling, til dømes med ei førebehandling som bleiking, treng håret god pleie. Produkta skal då hjelpe til med å lukke skjellaget i håret med riktig pH-verdi og styrkje bindingane i håret. Slik byggjer du opp att strukturen og glansen i håret.

Opplæring av kunden

Det er lurt å lære kunden kva som skjer med håret, kva håret har vore gjennom, og kva som er bra for det framover. Forklar kunden kva du tilrår til vidare behandling heime.

Det er vanleg å føne og style håret etter ei behandling. Fortel kunden kvifor du vel akkurat dei stylingprodukta du gjer.

Finish

Finish vil seie å gå over ein siste gong. Set frisyren med til dømes ein finish-spray. Vis fram håret til kunden frå alle vinklar med ein handspegel, og forsikre deg om at kunden er nøgd. Etterpå kan du vise han eller ho til kassen.

Trinn 5: vedlikehald

  • meirsal
  • ny time

Meirsal

Meirsal er å selje meir enn det kunden i utgangspunktet har bede om. Ved ei fargebehandling er det aktuelt å selje produkt som kunden kan trenge for å halde ved like fargebehandlinga heime. Det å halde ved like ein frisyre heime med riktige produkt kan du forklare som ein slags garanti for at frisyren skal halde seg fin lenge. Har du vore flink til å gi kunden råd om styling og finish, og til å forklare om fargeprosessen du har gjennomført, og føremålet med dei ulike etterbehandlingane, vil kunden mest sannsynleg ta nokre av råda dine med seg heim òg.

Ny time

Hugs å spørje om kunden ønskjer ein ny time. Då er det større sjanse for at kunden kjem tilbake, og at han eller ho kjem til deg. Det kan vere trygt for ein kunde å ha ein fast frisør, for då er det du som bli eksperten på akkurat hans eller hennar hår.

Relatert innhald

Lær deg å farge hår. Her får du demonstrert korleis du kan gjennomføre ei klassisk farging med påfølgjande skylling og massasje av hovudbotnen.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget