Hopp til innhald

Fagstoff

Dei fire grunnformene i klipp

Vi deler klippeteknikkane inn i ulike grunnformer. Ein frisyre er som regel sett saman av to eller fleire av grunnformene. I filmen demonstrerer Marja Rahm og Tannaz Mafazi dei fire grunnformene i klipp: heil form, gradering, aukande lengder og like lengder.

Dei fire grunnformene i klipp

Det er berre fantasien som set grenser for kor mange ulike kombinasjonar vi kan få ut av dei fire grunnformene. I videoen ovanfor viser Tannaz Mafazi korleis ein klipper grunnformene, medan Marja Rahm forklarer forskjellen mellom dei. Vi bruker alltid minst ei av desse formene når vi klipper. Heil form, like lengder og aukande lengder er klippeformer som kan utgjere ein sjølvstendig frisyre, mens gradering som oftast må kombinerast med ein av dei andre.

Heil form

Grunnforma heil form er kortast i det ytre området og lengst i det indre området. Vi startar klippen ved hårfestekanten i det ytre området, det vil seie i nakken eller i eitt av sidepartia. Pass på at projeksjonsvinkelen er 0o.

Projeksjonsvinklar blir viste i forhold til hovudform. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å få fram forma blir alt håret klipt etter den fastsette guidelinja. Kvar passé må haldast loddrett, ikkje i rett vinkel på hovudbotnen. Denne linja vil heile tida vere rettleiande for klippen vidare. Det er derfor viktig at ein ny passé ikkje er tjukkare enn at guidelinja er synleg. Hovudstillinga er avgjerande for eit vellykka resultat. Teksturen vil vere ikkje-aktiv både i det indre og i det ytre området. Vi vel sjølve forma på designlinja. Den kan vere konkav, konveks, diagonal bakover, diagonal framover eller horisontal.

Profil med blått felt som viser hårlengda på ein frisyre med heil form. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gradering

Grunnforma gradering er kortast i det ytre og lengst i det indre området. For å klippe gradering trekkjer vi andre passé litt ut frå den naturlege fallretninga, slik at klippevinkelen blir meir enn 0o. Vi skil mellom låg gradering (1o til 30o), mellomgradering (31o til 60o) og høg gradering (61o til 89o).

Graderingsforma blir alltid kombinert med ei eller fleire av dei andre grunnformene. Dersom du ønskjer ein markert graderingskant, kombinerer du han med heil form i det indre området. Då vil det bli ein ikkje-aktiv tekstur i det indre området og aktiv tekstur i det ytre området.

Dersom du kombinerer kanten med like eller aukande lengder, vil han vere aktiv både i det ytre og det indre området. Når projeksjonsvinkelen er meir enn 0o eller mindre enn 90o, blir det graderingsform. Omgrepa låg gradering, mellomgradering og høg gradering viser kor høgt du graderer og kva slags projeksjonsvinkel du bruker. Dersom du har ein høg graderingsvinkel i det ytre området, får du heilt kort nakke. Graderingskanten er den kanten spissane skaper når vi har klipt ei gradering. Det er tre beskrivingar av graderingskantar: parallell, aukande og minkande. På fagteikningar har gradering gul fargekode, og koden kan symboliserast som ein trekant med spissen ned.

Profil med gult felt som viser graderte lengder på håret. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Like lengder

Grunnforma like lengder bruker vi når hårlengda skal vere like lang over heile hovudet. Du startar klippen der du sjølv ønskjer. Der du vel å begynne, bestemmer du guidelinja for klippinga videre. Startar du med 5 cm lengde, skal det være 5 cm lengde over heile hovudet. Håret skal klippast av når vi held det vinkelrett (90o) frå hovudbotnen.

Frisør klipper ung dame. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom designlinja blir endra etter at det er klipt like lengder, vil det medføre at det blir ein kombinasjon av fleire klippeformer. Teksturen vil vere aktiv i det indre og ytre området. På fagteikningar har like lengder grøn fargekode, som kan symboliserast med ein sirkel.

Profil med grønt felt som viser hår med lik lengde. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aukande lengder

Grunnforma aukande lengder bruker vi når håret i det indre området skal vere kortare enn håret i det ytre området. Vi løfter opp kvar enkelt passé og klipper av etter guidelinja 180o vinkel. På grunn av hovudforma fører dette til at hårlengda aukar etter kvart som vi flytter guidelinja horisontalt utover. Vi kan også mate med passear til same guidelinje midt i indre område. Då får vi meir auking av lengdene. Dersom håret heile tida blir trekt opp til guidelinja, vil du ha ein avsluttande projeksjon på 180o.

Designlinja her vil automatisk bli diagonal bakover, dersom du ikkje går inn og justerer linja. Teksturen vil vere aktiv både i det indre og det ytre området. På fagteikningar har aukande lengder raud fargekode, som kan symboliserast med ein ellipse.

Profil med raudt felt som viser aukande hårlengder. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavarar: NRK og Yrkeslitteratur AS
Sist fagleg oppdatert 08.03.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget