Hopp til innhald

Fagstoff

Effilering

Ordet effilere betyr å tynne ut håret ved klipping. Til dette bruker vi helst ei effileringssaks, men du kan også skjere ut hår med ei vanleg saks. Vi skil mellom tre ulike former for effilering: rot-, mengde- og spisseffilering.

Effilering

Ordet effilere kjem frå latin og betyr å tynne ut håret ved klipping. Effilering er når vi klipper ein viss prosent av håret med ei spesiell effileringssaks eller skjer ut hår med ei vanleg saks.

Effileringssaks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil mellom tre ulike former for effilering:

  • Roteffilering er når vi klipper ein viss prosent av håret om lag ein centimeter frå hovudbotnen. Det blir gjort for å få støttehår som gir volum i frisyren om det trengst i det indre området.
  • Mengdeeffilering er når vi effilerer om lag fire til fem centimeter frå hovudbotnen. Det blir gjort for å redusere hårmengda. Mengdeeffilering gjer at tjukt hår ligg penare og blir lettare å stelle.
  • Spisseffilering blir gjort i hårtuppane. Det vil hindre at håret ser butt ut, og spissane flyt betre i kvarandre.
CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavarar: Yrkeslitteratur AS og NRK
Sist fagleg oppdatert 06.03.2020

Læringsressursar

Teknikkar i frisørfaget