Hopp til innhald
Øving

Ulike ansiktsformer

Ofte ønskjer kundar å få rettleiing på kva frisyrar han eller ho kan ha. For å kunne svare på det må du kjenne til dei ulike ansiktsfasongane. Forma på eit ansikt varierer frå person til person og er med på å bestemme kva som passar til kunden eller ikkje.

Del 1: Gjer deg kjent med ulike ansiktsformer

  1. Kva former kjenner du til?
  2. Kva ansiktsform trur du at du sjølv har?
  3. Studer ansiktsformer du finn bilete av på nettet.
    Søk opp desse namna og kjenn igjen forma:

  • Reese Witherspoon
  • Keira Knightley
  • Selena Gomez
  • Kelly Osbourne
  • Olivia Wilde
  • Demi Moore
  • Jessica Simpson

    Midt på nettsida til Dress techinfus.com finn du ein illustrasjon av ni ulike ansiktsformer. Studer desse, og prøv å finne eigne døme på alle dei ulike ansiktsformene.

Ansiktsformer hos motemagasinet Dress techinfus

Del 2: Eksperiment med ulike frisyrar til dei ulike ansiktsformene

  1. Les NDLA sin fagartikkel om ansiktsform og frisyre.
  2. Forstørr illustrasjonen av dei ni ansiktsformene, og skriv dei ut i A4-format. Prøv deg fram med ulike klippeformer og frisyrar til alle dei ulike ansiktsformene. Prøv å utfordre deg sjølv, og teikn fleire forslag til dei ulike ansiktsformene. Her skal du berre skape og eksperimentere kreativt ut ifrå retningslinjene. Kva frisyrar fungerer best? Bli kjent med ansiktsformene, leik og teikn så mange du rekk.
  3. Vel to skisser av dei frisyrane du liker best. Teikn desse med lys og skugge på teikneark i A4-format. Fargelegg håret i ein farge som du meiner kan framheve denne klippeforma.

Del 3: Refleksjonsnotat

Skriv eit referat om vala dine, og fortel kva som gjer at denne frisyren er kledeleg til den ansiktsforma du har valt å jobbe med.

Del 4: Utstilling

Heng opp resultatet av dei to siste teikningane i ei utstilling.

Relatert innhald

Fagstoff
Ansiktsform og frisyre

Forma på eit ansikt varierer frå person til person og er med på å bestemme kva frisyrar som passar.