Hopp til innhald

Fagstoff

Fargelære i frisørfaget

Hårfarge kan vere med på å skape identitet og stil. Ein frisør som har kunnskap om hår og hårfarge, kan bruke dette til å fremje stilen til kunden, velvære og trivsel. Her kan du kan bruke dei kreative evnene dine og hjelpe kunden til få å fram det uttrykt han eller ho ønskjer.
Tenåringsjenter med rosa hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Identitet og stil

Menneske bruker ofte fargar til å uttrykkje seg på ulike arenaer, og fargar kan påverke kjenslene våre. Farge pregar kultur og samfunn, men vi tenkjer kanskje ikkje så mykje over det?

Mest sannsynleg er det fargebiletet som fangar blikket ditt. Bilete med fargar sender sterkare signal og gir oss meir informasjon om personane. Vi kan sjå på det som eit kommunikasjonsmiddel. Slik blir hårfarge med på å skape identiteten og stilen til ein kunde, og kan fortelje litt om kven personen er.

Hårfarge er eit stort emne innan frisørfaget, og det blir brukt som eit avansert verkemiddel. Ein frisør som er dyktig på grunnlæra om hår og hårfarge, kan bruke denne kunnskapen til å fremje stilen til kunden og skape velvære og trivsel. Her kan du bruke dei kreative evnene dine til å skape uendeleg mange uttrykk. Slik kan du hjelpe ein kunde til få å fram den beste utgåva av seg sjølv.

Kva treng ein frisør å kunne om hår og farge?

For å bli god på hårfarging bør du ha kunnskap om:

  • Ittens fargelære
  • korleis kommunisere med ein kunde
  • oppbygginga til håret og kvalitetane på håret
  • dei kjemiske prosessane og verkestoffa til hårfargen
  • ulike fargeteknikkar
  • korleis halde ved like ein farge

Ittens fargelære i frisørfaget

Ittens fargesirkel. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ittens fargelære er nøkkelen til ei suksessfull fargebehandling. Jo meir du kjenner til systemet, jo betre frisør blir du. Det er fordi systemet kan hjelpe deg til å forstå korleis fargane verkar på kvarandre.

Resultatet av ein hårfarge blir påverka av dei fargepigmenta som allereie eksisterer i eit hår. Ittens fargesirkel kan brukast som ein guide i forkant av kjemiske behandlingar, når du analyserer håret til kunden, og undervegs i prosessen, med å blande fargar.

Tre ulike hårfargar (brunt, blondt og raudt hår). Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På høgre sida i fargesirkelen ligg dei varme fargane, og på den venstre sida ligg dei kalde fargane. Dei varme primær- og sekundærfargane: gul, oransje og raud, er fargar som vi har naturleg. Desse kallar vi underliggjande pigment. Ofte finn du ein fargesirkel på baksida av eit fargekart. Fargekart er eit nødvendig verktøy for ein frisør.

Naturskalaen

Naturskalaen tek utgangspunkt i dei fargepigmenta vi naturleg har i håret. Vi deler han inn i ein skala ut frå kva tonehøgde håret har, der 2 er den mørkaste naturfargen, og 10 er den lysaste naturfargen.

Prøvar av ulike hårfargar i ein skala frå lys til mørk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturskalaen blir brukt til å analysere utgangspunktet til kunden og har ei eiga dekkevne, til dømes 100 % dekking av grått hår.

Kommunikasjon om fargar

Det kan vere umogleg å forklare ein farge heilt korrekt, berre ved hjelp av ord. Auget vårt oppfattar fleire millionar fargar, og vi klarer ikkje å gi alle namn. Når vi snakkar om ein bestemd farge, er det ikkje sikkert at han vi snakkar med, forstår kva farge vi meiner. Eit fargekart med kodesystem blir eit viktig kommunikasjonsmiddel som hjelper frisøren og kunden til å forstå kvarandre riktig.

Øving om fargenamn

Er eplegrøn berre éin bestemd farge?

Snakk med naboen din om ulike fargenamn. Til dømes gulfargar, raudfargar, blåfargar eller grønfargar.

Kodesystem

Vi har kodesystem for å skape ei felles oppfatning av farge. Det finst ulike kodesystem. Enkelte leverandørar av hårfarge bruker kodar som inneheld tal og bokstavar, andre leverandørar har berre talkodar. Når du har lært eitt av desse systema, er det lett å forstå andre system, då dei har fellestrekk i oppbygginga.

Kodane er sett opp slik at vi skal vite kva tonehøgde og kva fargenyansar fargen inneheld. Det første talet angir tonehøgda, kor lyst eller mørkt håret er. Tala eller bokstavane som kjem etterpå, beskriv fargen. Her kan det stå talrekkjer eller fleire bokstavar, men vi bruker bokstavar i vårt døme. Den første bokstaven er hovudfargen, dei neste bokstavane er tilleggsfargar. Hovudfargen har dobbelt så mange fargepigment som tilleggsfargane. Blir same bokstav gjenteke fleire gonger, betyr det at han inneheld ekstra pigment av ein bestemd farge, og at han er meir intens.

Fargekoden på biletet er 6KR. Talet 6 står for ei mørk blond tonehøgde. K står for kopar, og dette er hovudfargen. R betyr raud, og dette er ein tilleggsfarge. Kopar inneheld dobbelt så mange fargepigment som raudfargen.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Frisørfaget