Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Brud i romantisk stil

Ein kunde skal gifte seg. Bruda ønskjer ein romantisk stil og kjem til deg for å få tips og råd til håret sitt. Korleis kan du hjelpe henne til å bli den beste utgåva av seg sjølv denne dagen?
Vakker brud som ser på blomsterbuketten sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case:

Ein kunde planlegg eit romantisk bryllaup med borddekor som består av kvite og varme fargetonar, gullstolar og draperingar i taket. Selskapslokalet skal vere opent og lyst. Kunden ser for seg å stå i stil med desse omgivnadene og kjem til deg for å få tips og råd til håret sitt. Ho ønskjer å ha det oppsett, men er open for andre forslag.

Festbord med roseoppsats. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Planlegg og dokumenter

  1. Finn bilete som skal vere inspirasjon til kunden din. Lag eit moodboard som viser idéen din og forslaga til kunden.
  2. Du skal planleggje ein selskapsfrisyre ut ifrå moodboardet, og tenkje ut teknikkar og produkt som passar den stylinga du skal gjennomføre. Alt håret skal vere frisert, og du kan bruke pynt i frisyren.
  3. Som ein del av planlegginga skal du lage skisser og arbeidsteikning.

Del 2: Gjennomføring

Vakker brud med oppsett hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn ei dokke eller kunde som har ein hårlengde som kan passe til planen din.
  2. Du skal gjennomføre vald selskapsfrisyre, ved hjelp av teknikkar og produkt tilpassa casen. Det skal vere samsvar med vald skisse og arbeidsteikning.
  3. Skaff eller lag den pynten du ønskjer. Bruk god festeteknikk i frisyren og pynten.
  4. Ta bilete av det ferdige resultatet.

Del 3: Vurdering

  1. Grunngi vala av pynt og stylingprodukt som er med på å framheve ønskt resultat.
  2. Vurder arbeidet ditt, og grunngi vala av formingsteknikkar og verktøy.
CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2020

Læringsressursar

Frisørfaget