Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skap ein karakter ved hjelp av sminke, hår og spesialeffektar

Korleis kan du endre utsjånaden til ein person ved hjelp av sminke, hår og spesialeffektar? Finn ein karakter som fascinerer deg. Test ut korleis du kan skape ulike uttrykk og få fram den personlegdommen du ønskjer.

Innleving i karakterar

Vi identifiserer oss gjerne med personar vi blir kjende med gjennom film, litteratur og teater. Sjølv om dei lever andre liv, kan vi ofte kjenne oss igjen i sorger, gleder og utfordringar dei møter.

Korleis kan du som maskør skape ein truverdig karakter? Det første du må gjere, er å setje deg inn i kven personen er, og korleis hen ser ut.

Del 1: Utforsk og studer ein karakter eller skap din eigen

Du kan velje om du vil beskrive ein kjend karakter, eller om du vil dikte opp ein eigen person.

A) Lag ei personskildring av ein kjend karakter

  1. Vel ein karakter som fascinerer deg, frå ei valfri bok, ein serie eller ein film. Om du vil, kan du velje ein av dei fem karakterane i filmklippa under.

  2. Bruk fleire kjelder og finn ut korleis personen ser ut, og kva karaktertrekk hen har.

  3. Dersom du vel ein karakter frå ein historisk periode, bør du òg undersøkje korleis moten var på denne tida.

B) Lag ei personskildring av ein karakter du sjølv diktar opp

Beskriv korleis personen ser ut, kva eigenskapar hen har, og kva slags tid og miljø karakteren høyrer heime i.

Fotomontasje av seks dokkehovud med parykkar og tilbehøyr.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Idéutvikling

Lag skisser for korleis du kan bruke hår og sminke til å få fram det uttrykket du ønskjer.

Vurder om du skal bruke spesialeffektar. Lag i så fall skisser til korleis du kan løyse dette.

Fotografi av kvit og blå hovudmaske med piggar av lateks.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Eksperimentering og førebuingar

  1. Prøv ut ulike løysingar, og finn ut kva teknikkar og materiale du vil bruke.

  2. Lag eventuelle lause delar du vil bruke som spesialeffektar.

Fotomontasje som viser forma til avstøyping av eit øyre, og det ferdige øyret.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Gjennomføring

Fotografi av skodespelar Charlotte Frogner, sminka som gamal kvinne.

Samarbeid med ein medelev, og byt på å vere modell for kvarandre.

  • Ta bilete av personen som skal sminkast, før de byrjar. Fotografar undervegs i arbeidsprosessen og når karakteren er ferdig.

  • Bruk, sminke, hår og eventuelle spesialeffektar til å skape karakteren du valde i del 1.

  • Ha god dialog med modellen din. Forklar kva teknikkar du bruker, og kva slags verknad du ønskjer å oppnå med dette.

Fotomontasje av kvinne med og utan sminke.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Dokumentasjon og eigenvurdering

  1. Ta utgangspunkt i personskildringa i del 1 og vurder korleis du har klart å attskape denne karakteren.

  2. Beskriv korleis du har gjort den handverksmessige delen, gjennom bilete og tekst. Kva erfarte du gjennom utprøvingane dine, og korleis påverka dette vala dine?

  3. Vurder kvaliteten i arbeidet ditt.

Fotografi av arbeidsteikning som viser korleis ein teaterkarakter skal sminkast.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Frisørfaget