Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hårvask og analyse av hår og hovudbotn

Hårvask er ein viktig del av frisørtenesta. Fleire kundar ønskjer rettleiing ut frå behovet sitt. Ein hår- og hodebunnsanalyse er eit godt utgangspunkt for å tilby eigna hårpleieprodukt. Gå saman to og to, og øv dykk på å rettleie og vaske håret til kvarandre.
Mannleg frisør vaskar håret på ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon

God kommunikasjon er viktig for å gi kunden ei positiv oppleving. La ønska og behova til kunden vere utgangspunkt for samtalen. Bruk kunnskapen din om hår og hovudbotn til å gi gode råd om hårpleieprodukt.

Del 1: Analyse av hår- og hovudbotn

  • Gå saman to og to, og utfør ein analyse av hår- og hovudbotn på kvarandre.
  • Vel produkt ut frå analysen.
  • Forklar den andre kvifor du tilrår desse produkta.

Analyseskjema

Til hjelp med analysen av hår- og hovudbotn kan du bruke eit enkelt skjema og fylle inn opplysningar:

analyseskjema

HÅRKVALITET

Kjenneteikn

Behandling

Normalt



Kjemisk behandla hår



Termisk skadd hår



Naturleg tørt hår



Mekanisk skadd hår



HOVUDBOTN



Normal



Tørr/sensitiv



Feit



Flass



Del 2: Hårvask

  • Børst gjennom håret med ein naturbørste, dersom det er behov for å løyse opp knutar, tupéring eller restar av styling.
  • Gjennomfukt håret med temperert vatn. Hugs å spørje kunden om temperaturen er behageleg.
  • Fordel sjampoen i heile handflata og masser han inn i heile hovudbotnen. Øv på eit jamt og behageleg tempo.
  • Skyl så ut, gjenta sjamponering og skyl godt.
  • Klem ut overflødig vatn og tilfør kur eller balsam. Start med å fordele balsam i lengder og spissar, og jobb deg oppover mot hovudbotnen. Massar i eit rolegare tempo som ei avslutning på behandlinga.
  • Skyl godt.
  • Klem ut overflødig vatn. Bruk deretter eit handkle til å klemme ut vatnet, ikkje gni.

Del 3: Vurdering og tilbakemelding

Gi kvarandre tilbakemelding på korleis de opplevde kommunikasjonen og behandlinga.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020

Læringsressursar

Frisørfaget