Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer fargekartet

Gå saman to og to og studer fargekartet. Samanlikn hårfargar og finn tonehøgder og fargekodar.

Namn på fargane i fargesirkelen

Fargekodar

Kodane er laga slik at vi skal vite kva tonehøgd og kva fargenyansar ein farge inneheld. Det første talet angir tonehøgda, det vil seie kor lyst eller mørkt håret er. Tala eller bokstavane som kjem etterpå, beskriv fargen.

Naturskalaen

Figur 1 viser ein skala med dei fargane i eit hår som er synlege for auget. Trinna i skalaen angir kva tonehøgd håret har – 2 er den mørkaste naturfargen, og 10 er den lysaste naturfargen.

Skalaen i figur 2 er ein oversiktstabell som viser dei pigmenta som finst i håret, men som vi ikkje ser.

Oppgåve

Gå saman to og to og studer fargekartet.

  1. Finn naturserien i fargekartet. Kva tonehøgd har hårfargen dykkar?
  2. Kan de finne ein farge i naturserien som er lik etterveksten til ein medelev? Kva heiter fargen, og kva tyder fargekoden?
  3. Finn de andre fargar i kartet som er like hårfargen dykkar? Kva heiter dei, og kva tyder kodane?
  4. Sjå i fargesirkelen på baksida av fargekartet, eller i fargesirkelen som høyrer til fargesystemet dykkar. Kvar i fargesirkelen ligg fargane de har funne? Kva for nokre underliggjande pigment har de i håret?
Ein frisør vurderer eit fargekart opp mot håret til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Ein frisør som har kunnskap om hår og hårfarge, kan bruke dette til å fremme stilen, velværet og trivselen til kunden.

CC BY-SASkrive av Anita Nordtveit Ekrene og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020

Læringsressursar

Frisørfaget