Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yahya Hassan

Den danske lyrikaren Yahya Hassan var nok like kjend for korleis han levde, som for kunsten sin. Kvifor vakte han slik interesse? I denne ressursen skal de både undersøkje personen og forfattaren Yahya Hassan.

Del 1: Yahya Hassan – mannen, myten og kunsten

Brageteateret har laga ei førestilling om Yahya Hassans liv og kunst. Sjå traileren for framsyninga over og diskuter:

  • Kva slags inntrykk får de av Yahya Hassan?

  • Kva får de greie på når det gjeld livet hans?

  • Får de vite noko om litteraturen han skreiv?

Del 2: Les og lytt til Yahya Hassans dikt "Barndom"

  1. Finn diktet "Barndom" på Cappelen Damm. Ha diktet framfor deg mens du høyrer Yahya Hassan lese det høgt på videoen på YouTube.

  2. Diskuter i grupper:

    • Kva meiner de er temaet i diktet?

    • Diktet handlar utvilsamt om ein vanskeleg oppvekst, men er det også ein samfunnskritikk i det? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

    • Kva funksjon har det at diktet ikkje har teiknsetjing og er skrive med store bokstavar?

    • Kva funksjon har måten Yahya Hassan les opp diktet på?

Del 3: Sjå eit intervju med Yahya Hassan

Sjå intervjuet med Yahya Hassan. Diskuter deretter:

  1. Yahya Hassan var eit litterært stjerneskot i Danmark. Kvifor slo han sånn an?

  2. Han var også ein kontroversiell forfattar. Kva sider ved forfattarskapen hans blei kritisert?

  3. I intervjuet snakkar Yahya Hassan mykje om hykleriet til innvandrarar og barna deira. Kva meiner han er hyklerisk åtferd?

  4. Kvifor inspirerte Karl Ove Knausgård Yahya Hassan til å skrive?

Del 4: Les og diskuter diktet "Plastblomst"

Les diktet "Plastblomst" på Foreningen !les

  1. Korleis framstiller Yahya Hassan oppveksten sin?

  2. Kan de forstå at Hassan har blitt kritisert for å gi innvandrarfiendtlege rasistar bensin på bålet etter at de har lese dikta "Barndom" og "Plastblomst" ?

  3. Er det delar av Hassans lyrikk som gjer særleg inntrykk på dykk? Grunngi svaret.

Del 5: Yahya Hassan og Karl Ove Knausgård

Yahya Hassan seier han er begeistra for Karl Ove Knausgård. Sjå intervjuet med Knausgård og lytt til opplesnaden hans frå Min kamp 1.

Kva likskapar ser de mellom Karl Ove Knausgård og Yahya Hassans forfattarskap? Sjå på

  • forholdet mellom fiksjon og verkelegheit

  • tema dei tek opp

Del 6: Yahya Hassans liv – eit drama med ein brå slutt

Yahya Hassan blei berre 24 år gammal. Før det hadde han levd eit dramatisk liv som skapte overskrifter i avisene. Les om Yahya Hassan på internett og finn ut kva hendingar og utsegner som gjorde Hassan kjend – ikkje berre som forfattar – men som person.

Avslutt gjerne med å sjå intervjuet med Hassan på Louisana Channel eller lytt til podkasten "Yahya Hassan – et minde" på Den2Radio.

Relatert innhald

Kva ord bruker du for å beskrive den estetiske opplevinga av eit dikt? Påverkar skildringane til kritikarane ditt eige litterære "smaksapparat"?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme