Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arne Garborg og Anna Kleiva om pengar

For over 100 år sidan skreiv Arne Garborg "Um pengar", ein tekst full av påstandar om kva vi kan og ikkje kan kjøpe for pengar. Temaet er evig aktuelt, for over 100 år seinare går Anna Kleivas eg-person rundt i LA og tenkjer på kva hen skal gjere med ein overraskande slump pengar hen har fått.
Kvinne som kastar mange pengesetlar opp i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Påstandar om pengar

Diskuter desse påstandane i klassen

  • Å ha mykje pengar gjer deg lykkeleg.

  • Folk i rike land er lykkelegare enn folk i fattige land.

Kronestykker i stablar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Les forsking om pengar og lykke

Kva seier eigentleg forsking om samanhengen mellom lykke og pengar? Les artikkelen "Gjør penger oss lykkeligere?" på nmbu.no.

Diskuter i klassen

  1. Kva svar gir forskinga på dei påstandane de diskuterte i del 1?

  2. Var det nokon av forskingsresultata som overraska dykk? Grunngi svara dykkar.

Del 3. Arne Garborg om pengar

Portrett av ein sitjande Arne Garborg. Maleri.

I 1903 skreiv Arne Garborg diktet "Um pengar". Det er eit dikt med ein bodskap. Men kva er bodskapen? De finn diktet under.

Jobb i par

  1. Nokre ord er utelatne frå diktet. Les diktet, og prøv å dra rett ord til rett stad.

  2. Forstod de bodskapen i diktet? Diskuter kva Garborg skriv om pengar, og kva vi kan gjere og ikkje gjere med pengar.

Del 4. Anna Kleiva om pengar

Boka Echo Mountain – forteljingar frå L.A. (2018) er ei reiseskildring frå Los Angeles. De finn prosateksten "Pengar (veks på tre, tre veks på kroppen min)" under. Les teksten, og svar deretter på dei følgjande spørsmåla.

Jobb åleine

  1. Teksten verkar litt gåtefull. Kva meiner du han vil fortelje deg?

  2. Eg-personen ramsar opp alt hen vil kjøpe om hen skulle bli rik. Lag ei liste over alle tinga hen vurderer å kjøpe.

  3. Sjå over lista du har laga. Kva funksjon meiner du det har at eg-personen ramsar opp alle desse tinga hen kan kjøpe for pengar?

  4. Les dei tre siste avsnitta i prosateksten om igjen. Kva vil du seie er bodskapen i desse avsnitta?

Diskuter i grupper

  1. Samanlikn svara dykkar. Har de oppfatta teksten likt?

  2. Finn minst tre sitat som de synest er sentrale for å forstå tematikken i prosateksten.

Relatert innhald

Ein tekst av Anna Kleiva om pengar og kva du kan få for dei.

Del 5. Ein fagsamtale om pengar og lykke

  1. Sjå episoden "Lykke" på Broshow på Nrk.no.

  2. Frå 07:20 snakkar gutane om samanhengen mellom pengar og lykke. Diskusjonen viser at dei er ueinige. Sitt saman i grupper, og diskuter kva samanheng de meiner det er mellom pengar og lykke. I diskusjonen skal de vise til alle dei fire tekstane de har gått gjennom her:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme