Echo Mountain - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Echo Mountain

Echo Mountain – forteljingar frå L.A. er ei prosabok med ei rekkje småtekstar. Dette utdraget handlar om pengar og alt du kan gjere om du plutseleg får tak i mykje pengar.

Pengar
(veks på tre, tre veks på kroppen min)

Eg prøver å begripe kor mykje pengar er verdt. Eg prøver å tenkje på pengar utan å forhalde meg til kor mykje pengar eg sjølv har, å berre tenkje at der finst pengar, der finst ting, og opplevingar, å bruke pengar på. Eg prøver å forstå kva det er verdt, å ha ei stor mengde pengar; kva ei stor mengde pengar er, ikkje for meg, men objektivt. Objektivt mykje pengar. Pengebingar. Eller?

Eg bur i ein by der eg kan få alt dersom eg har nok pengar. Eg bur i ein by der alle behov pengar kan dekke, er tilgjengelege. Eg bur i ein by der det finst folk med pengar nok til å få alt, folk med objektivt mykje pengar. Men kor mange det finst av dei, veit eg ikkje. Eg slit med å sjå forskjell på mykje pengar og ekstremt mykje pengar. Eg har enno ikkje forstått kor mange pengar objektivt mykje pengar er.

For nokre dagar sidan fekk eg pengar. Det er ingen vits i å fortelje kor mange, kanskje ville de le, kanskje ville de ikkje ha tenkt over slike pengar dersom dei kom til dykk. Kanskje er de personar med pengebingar. Men det var mange pengar for meg. Det er poenget. Det var pengar eg ikkje visste var mine; men dei tilhøyrde meg og dei kom til meg. Ikkje på nokon snuskete eller ulovleg måte, sjølv om det kanskje framstår slik no. Pengane kom til meg via ein telefonsamtale, ein e-post, ei overføring til bankkontoen min. Ein sum, uventa; eit beløp på bankkontoen som la seg oppå det allereie romslege beløpet, ein veksande mage av pengar, nullar, på konto.

Det var så uventa, og så mykje, at eg måtte stoppe opp og sjå på den store dynga av pengar og spørje meg sjølv om eg skulle bruke den til noko. Eg bur i ein by der eg kan få alt dersom eg har nok pengar; eg kan ikkje sjå for meg kva det skulle vere som eg ikkje skulle kunne få. Bortsett frå alt som er verdt noko, talent, suksess, kjærleik, skjønnheit (ekte – alt saman ekte). Det er derfor du kjem så skakt av garde når du har fått mykje pengar, uventa, og tenkjer for lenge på kva du vil bruke dei til.

Kva vil eg ha? spurde eg. Det er mange ting eg vil ha, små ting, som stiller seg opp på rad og rekkje og ikkje betyr noko. Tenk større, sa eg. Og eg tenkte på større investeringar eg kunne ha lyst til å gjere. Men eg begynte å lure på om eg skulle bruke opp alle pengane, eller berre ein del av dei. Eg begynte å lure på om eg skulle bruke pengane på ting eller oppleving. Pengar er både fysiske og abstrakte. Kanskje skulle eg ta pengane ut av banken, ta på dei.

Eg begynte å tenkje at eg måtte bruke pengane på noko ekstraordinært, no når eg først bur i denne byen der eg kan få alt. (Men eg kan ikkje ete solnedgangen når den er så svakt lilla at eg lurer på om det berre er ein skugge frå åsane, eller refleksjonen frå havet, eller dei blå bygningane i Downtown, som smittar av på horisonten.)

Eg klarer ikkje eingong førestille meg kva folk faktisk brukar pengar på i denne byen, dei som har mykje av dei. Eg ser for meg at nokon kjøper hus, bustadar, hotell, tomter, at nokon kjøper heile landområde og gjer dei om til noko som kan bli selt til høgare pris. Det var det dei første rikmennene i denne byen gjorde, dei kjøpte land og gjorde seg feite på det.

At nokon kjøper bilar. At nokon kjøper ei stor livsforsikring. At nokon kjøper kjolar, smykke, klokker, sigarar, årgangsvin, antikvitetar. At nokon kjøper bedrifter, kunst, ville dyr, at nokon kjøper meet & greet med Bieber. At nokon kjøper timar hos eksklusiv coach, massør, yogainstruktør. Ein time i ein tank med saltvatn. At nokon kjøper ei som kan piske dei. Pengar er både fysiske og abstrakte.

Eg tenkte på smykke. Eg tenkte på eit par av dei enkle, overprisa øyredobbane eg har sett på så ofte; ein strek av gull gjennom øyret. Eg tenkte på håret mitt, at det er flisete i tuppane, og at krøllane er tørre, eg kunne få ein dyr frisør til å gjere noko ekstravagant med det. Men så begynte eg å tenkje på huda mi, og tennene mine, og kroppen min. Når du har pengar, og begynner å tenkje på kroppen, er det som å køyre kjelke, på isen; du kan ikkje styre, og er straks på botnen. Slik er denne byen, dette årstalet. Pengane legg seg i kroppen som glød, som fylde, som oppoverdrift, ei slette av fysiske, uforanderlege pengar. Kroppen rotnar og blir til jord og veks opp igjen, ny og sterk, i haugen av pengar.

Men her var eg allereie kommen skakt av garde, ser de det? Her hadde eg allereie sett sjakta, kjent suget; her løfta eg til sides alle steinar på leiting etter kaninhol, ekstraordinære idéar. Eg tenkte på dop. Eit ekstraordinært dop, førsteklasses. Dop + pengar, alle veit det. Men dop er ikkje heilt som bilar. Eg visste ikkje kva eg burde kjøpe, om kokain framleis lukta pengar, eller om det fanst meir obskure dop eg burde velje. Korleis kunne eg nyte å ta det inn i kroppen om eg ikkje visste at det gjorde kroppen eksklusiv.

Så eg tenkte på kjærleik. Eg tenkte på å kjøpe meg ei attraktiv kvinne, ein eskorte, eller heiter det luksusprostituert, eller er det noko anna. Ein slik tanke gir ikkje slepp dersom du først har tenkt den. Det ville vere interessant, sa eg, etter å ha tenkt at det berre ville gjere meg trist, å gå igjennom alle dei ubehagelege (og behagelege?) kjenslene det ville dra med seg. Det ville vere noko å skrive om, sa eg. Det ville vere å dukke ned i eit velkjent litterært motiv, sa eg, eit maskulint motiv, forfattaren som prøver å få seg ei hore. Det kunne eg skrive om, sa eg, og der blei eg verande. Ein eskorte. Både fysisk og abstrakt.

Eg gjekk ned til baren på hjørnet. Downtown lyste i botnen av bakken og gjorde himmelen pelsgrå. Lyset frå blokkene som rikdommar å plukke. Eg ville sitje i baren og vite at eg kunne kjøpe alle der. Eg kjøpte dyr sprit. Kroppen min vaks under meg, svulma som iskrem når den smeltar, med spriten og pengane vaks kroppen.

Og eg heldt fram. Pengar blir straks vulgært. Pengar, for ein person som ikkje er van med pengar, kjennest uovervinneleg. Eg treng ikkje kjøpe meg inn, eg kan kjøpe meg ut. Eg tenkte på å setje meg i bilen, køyre ut på motorvegen, og ikkje tenkje på kva som kan skje. Kor mykje pengar treng eg for å kunne kjøpe meg ut av ei ulukke. Kor mykje pengar treng eg for ikkje å døy. Fingrane mine, mot leppene, då eg lente haka i handa, kjendest ikkje som mine fingrar, kjendest framande, som stoff, eller tre, eller ein annan person sine fingrar, som eg kunne bite av utan å kjenne noko. Kor mykje pengar treng eg for å bite mine eigne fingrar av utan å ta skade av det. Kor mykje pengar treng eg for å føle min eigen kropp. Dette var verkeleg ekstraordinært.

Eg prøver å begripe kor mykje pengar er verdt. Ingen vil ha det dei kan få, det er derfor eg ikkje fattar kor mykje pengar er verdt. Det er derfor pengar straks blir vulgære, det er derfor eg forsøker å kjøpe kjærleik, immunitet, liv. Pengar veks på tre. Ein gong vaks det bjørnebær i California. Ustyrlege bjørnebær. Folk dreiv vestover. Folk dreiv mot grensene, og over, og så kom dei til California, der kontinentet slutta, der sanden smuldra i havet. Og kjøpte land og delte opp land og dreiv ut
det som fanst og sette nye planter og bygningar i grunnen og levde som dei ville. Det var det som var vitsen med pengane: fridom (personleg). Men fridommen er berre abstrakt, og ikkje i slekt med pengar.

Baren stengde. Bartenderen sa: Eg ser du vil kjøpe alle som er her. Han tok meg med heim.

Eg undrast på kven eg ville ha vore dersom objektivt mykje pengar strøymde inn på kontoen min. Eg undrast på kva slags vanar eg ville ha lagt meg til, og kva eg ville ha gjort for å bryte vanane. Vanar er ordinære, dei har ingenting med pengar å gjere. Vanar glitrar ikkje på himmelen som fly som skal til å lande i solnedgangen. Vanar er trygge, heilt ulikt pengar.

Og fly landar og landar og landar. Det er heilt ekstraordinært det som kjem til å skje viss fly held fram med å lande, viss havet held fram med å stige. Det ville eg ha gjort, for å bryte vanen: Eg ville ha floge jorda rundt og rundt.

Kjelde

Kleiva, A. (2018). Echo Mountain – forteljingar frå L.A. Oslo: Forlaget Oktober.

Skrive av Anna Kleiva. Rettshavar: Forlaget Oktober
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021