Hopp til innhald

Fagstoff

Verkelegheitslitteratur

Karl Ove Knausgård og Tore Renberg tilhøyrer ein ny generasjon realistiske forfattarar. Litteraturen på 2000-talet tematiserer ofte tilhøvet mellom den medieskapte røyndomen og den faktiske røyndomen.
Knausgård signerer bøker
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jakta på den eigentlege røyndomen

I vår tid er alt på mange måtar relativt. Røyndomen er ikkje lenger noko objektivt og handfast som alle opplever på same måte. Då vert det viktig for litteraturen å gripe fatt i noko som lesarane kan oppleve som verkeleg.

Ein av dei mest omdiskuterte forfattarane i vår samtid er Karl Ove Knausgård (1968–). I det omfattande seksbindsverket Min kamp (2009–2011) skriv han realistisk, utleverande og biografisk om alt frå oppvask og brødsmular til eksistensielle refleksjonar knytte til medmenneskelege relasjonar. Knausgård sjølv har omtalt verket som "et nesten søvndyssende realistisk prosjekt".

Omsynslaus realisme?

Et av spørsmålene denne boken har reist for meg når jeg har skrevet den, er hva det er å vinne ved å overskride det sosiale, ved å beskrive det som ingen vil at skal beskrives, altså det hemmelige og skjulte. Formulert på en annen måte: hvilken verdi har det hensynsløse?

… konsekvensene av det går ikke ut over bare meg, men også andre. Samtidig er det sant. For å skrive det, må man være fri, og for å være fri, må man være hensynsløs. Det er en ligning som ikke går opp.

Karl Ove Knausgård: Min kamp, bind 6

Verkelegheitslitteratur

Dokumentasjonen av det verkelege livet vert så omfattande at det kan minne om ein hysterisk realisme. Men kva kan motivet bak ein slik verkelegheitslitteratur vere?

Kanskje er det trongen til å finne noko handfast og konkret, noko verkeleg, i ei verd som framstår som ubegripeleg? Ja, kanskje denne skriveforma er ein medisin mot ei kjensle av at livet og omgivnadene er uverkelege?

På fest hos litteraturen

Ein annan forfattar som gjer stor suksess med å skildre mellom anna oppvekst, kjærleiksliv og tilhøvet til eigen far er Tore Renberg (1972–). Romansyklusen hans om Jarle Klepp har også klare sjølvbiografiske trekk. I Mannen som elsket Yngve (2003) og Kompani Orheim (2005) er handlinga lagd til Stavanger, Renberg sin eigen heimby. Ein kan knytte fleire av dei lokale forankringane til forfattaren si eiga ungdomstid i byen. Renberg bruker tidsriktig musikk, klede og sjargong for å skape eit realistisk uttrykk i tekstane sine.

I essaysamlinga På fest hos litteraturen har Tore Renberg sjølv skrive eit sterkt forsvarsskriv for den realistiske tradisjonen. Han starta som modernistisk forfattar, ein tradisjon som i akademia ofte vert sett på som ei meir høgverdig form for litteratur. Men Renberg seier at han fann si eiga forteljarrøyst da han gjenoppdaga – og forelska seg i – den realistiske litteraturen. Her såg han moglegheiter han ikkje fann i modernismen, der teksten ofte skal gi motstand og utfordre lesaren.

Målsettinga til den realistiske tradisjonen om å spegle røyndomen, og å få lesaren til å leve seg inn i karakterane og handlinga, vart starten på Renbergs poetiske raptus. For Renberg er det eit heilt sentralt poeng at litteraturen skal engasjere, vekkje kjensler og skape innleving – litteraturen skal invitere til fest. Røyndomen er ein kamp nok i seg sjølv.

Relatert innhald

Forfattarar har gjerne ein gjenkjenneleg stil. Vi har sett litt på nokre verkemiddel som går igjen i Karl Ove Knausgård si essaysamling Om høsten (2015).

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme