Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Småfugler – islandsk realisme

Den islandske filmen Småfugler handlar om utanforskap, oppvekst og vanskelege familieforhold. I denne oppgåva skal de sjå filmen, diskutere tematikken og utforske korleis han er ein del av den realistiske tradisjonen.

1. Kva vil filmen fortelje dykk?

Sjå filmen. Etter de har sett han, skal de jobbe både individuelt og saman om kva filmen eigentleg vil formidle.

  1. Skriv åleine: Kva syntest du var det viktigaste i denne filmen? Altså: Kva er det han vil fortelje deg? Grunngi svaret ved å vise til scenar frå filmen.

  2. Snakk i grupper: Samanlikn svara dykkar. Hadde de lagt vekt på det same? Diskuter eventuelle forskjellar.

  3. I klassen: Diskuter tematikken i filmen i plenum. Skriv gjerne stikkord på tavla eller i eit samskrivingsdokument.

2. Ein realistisk film

Jobb i par:

  1. Les artikkelen "Realismen, både ein skrivemåte og ein epoke", som handlar om realismen som skrivemåte i litteraturen.

  2. Lag ei liste over kva som kjenneteiknar den realistiske skrivemåten.

  3. Diskuter korleis de kan kjenne igjen den realistiske tradisjonen i filmen Småfugler. De skal altså ta utgangspunkt i notata om skrivemåten, men overføre dette til realismen i filmmediet.

3. Innhald og forteljemåte

Skriv ein tekst på 300–500 ord der du forklarer korleis det du meiner er tematikken i filmen, blir formidla gjennom ein realistisk forteljestil. Bruk fagomgrep som "miljøskildring", "indirekte personskildring" og "" i teksten din.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2023

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme