Hopp til innhald

Fagstoff

Postmodernismen

Mange postmodernistiske forfattarar omfemner den nye medierøyndommen og kombinerer høgkultur og massekultur. Dei alluderer til kjende tekstar, og ironiserer over både eigne og andres verk. Resultatet er ofte eit leike og frodig uttrykk.

Eit oppgjer med modernismen

Frå 1960-talet og utover ser vi nye tendensar og straumdrag innan kunst, arkitektur og litteratur og musikk som vi kan samanfatte under omgrepet postmodernisme. Postmodernismen er mellom anna som eit oppgjer med krava til innhald og form i den modernistiske kunsten. Der høgmodernistane bevisst braut med tidlegare kunstformer og tok avstand frå massekulturen, gjer postmodernistane det stikk motsette: Dei kombinerer nytt og gammalt, høgkultur og massekultur, dei alluderer (viser til eller speler på) til kjende tekstar, ironiserer over både eigne og andres verk. Resultatet er ofte eit leike og frodig uttrykk.

Det postmoderne samfunnet: eit mediesamfunn

Vi lever i eit eit mediesamfunn som nærmast bombarderer oss med inntrykk og informasjon. Mange postmodernistiske forfattarar omfemner den nye medierøyndommen dei er ein del av. Andre igjen er skeptiske til kva dette mediesamfunnet gjer med oss: Korleis skal vi klare å skilje det som er viktig frå det som er mindre viktig? Kva gjer denne utviklinga med vår måte å kommunisere på?

Går verda eigentleg framover?

Menneska i det postmoderne samfunnet har ikkje lenger den same tiltrua til teknologi og vitskap som tidlegare. Dei ser at modernisering og menneskelege inngrep i naturen ofte får utilsikta konsekvensar, og at menneske og natur blir ramma vilkårleg og utan omsyn til landegrenser.

Samtidig er mange av desse farane vanskelege å få auge på. Vi kan for eksempel ikkje sjå farlege tilsetjingsstoff i mat eller radioaktivitet, drivhuseffekt og ozonhol. I tillegg kan det ta mange år før skadeverknadene blir synlege. I eit komplisert moderne samfunn er det stadig færre område der vi forstår og har kontroll med kva som skjer.

Bilete som viser åtaket på Twin Towers 9. september 2001
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Dei store forteljingane er døde"


I boka Den postmoderne tilstand: Ein rapport om kunnskap (1979) skriv den franske filosofen Jean-François Lyotard (1924–1998) at "dei store forteljingane er døde". Det han meiner med forteljingar, er dei ideologiane som vi trur på og som set det vi gjer og opplever til dagleg, inn i ein samanheng og gir det meining.

Lyotard hevdar særleg at dei overordna ideane som det moderne prosjektet byggjer på – fridom, framsteg og fornuft –, ikkje lenger er gyldige. Vitskapen og den teknologiske utviklinga har ikkje gitt alle menneska eit betre liv og større fridom, tvert om. Det kan faktisk sjå ut som om den vitskaplege utviklinga skaper fattigdoms- og miljøproblem mange stader i verda snarare enn å løyse dei.

Frå store til små forteljingar

Når dei store forteljingane er døde, må menneska må sjølv skape sine eigne små forteljingar – finne si meining i livet. Hanne Ørstavik (1969–) og Erlend Loe (1969–) er to forfattarar som problematiserer nettopp korleis vi som enkeltmenneske i ei stor, uoversiktleg og til tider skremmande verd prøver å skape meining i liva våre.

Dere sier at den store fortellingen er død?

Dere vil ha små fortellinger?

Det skal dere faen meg få.

Erlend Loe: L (1999)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme