Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bjørneboe, Aakvaag og ungdommen

Jens Bjørneboe var ein helt for mange unge på 60- og 70-talet. Han var ein opprørar og tilrådde ungdom å ikkje lytte til den eldre generasjonen. Kan ungdom i dag forstå Bjørneboe, eller har de blitt altfor lydige? Og blir de provoserte av sosiologen Gunnar Aakvaag som set ein diagnose på dykk?
Forfattaren Jens Bjørneboe sit på ein stol i stova si. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva veit de om 60- og 70-talet?

Jens Bjørneboe var kjend som ein forfattar som angreip autoritetar, støtta dei undertrykte og gjekk mot straumen. Diskuter i grupper:

  • Kva straumdrag i tida på slutten av 60- og starten av 70-talet kan forklare at tankane til Bjørneboe slo an hos ungdommen?Bruk gjerne stikkorda under til hjelp:

Studenteropprøret i Paris, ungdomsopprør, hippietid, Woodstock, kvinnekamp

Del 2: Kven var Jens Bjørneboe?

Sjå intervjuet med Jens Bjørneboe under. Kva inntrykk får du av han? Kva var han oppteken av?

Du kan sjå heile intervjuet, eller sjå frå 35:58 der han snakkar om "avvikarar" og "dei skikkelege menneska".

Del 3: "Om formyndermennesket"

Les essayet "Om formyndermennesket" på Nasjonalbiblioteket

A. Forstå teksten

  1. Beskriv med eigne ord kva Jens Bjørneboe meiner er eit formyndarmenneske.

  2. Kva yrke meiner Bjørneboe formyndarmenneska blir trekte til, og kvifor akkurat desse?

  3. Kva meiner Bjørneboe er årsaker til at nokon menneske blir formyndarmenneske?

  4. Les gjennom Bjørneboes fem bod for å verne seg mot formyndarmennesket. Kva for nokon av desse er du einig i, og kva er du ueinig i? Grunngi svaret ditt.

B. Vurder argumentasjonen

  1. Jens Bjørneboe bruker mykje ironi i teksten sin. Klarer du å finne han? Kvifor trur du Bjørneboe bruker ironi?

  2. Kva for andre verkemiddel bruker Bjørneboe for å overtyde?

  3. Appellerer Bjørneboe i hovudsak til etos, patos eller logos? Grunngi svaret ditt.

C. Diskuter teksten og konteksten

Ein demonstrasjon der mange unge menneske deltek. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter i plenum:

  1. Diskuter teksten i konteksten han kom ut i. Kvifor trur de tankar som dette slo an hos unge menneske i 1970?

  2. Er desse tankane utdaterte i dag, eller er teksten framleis aktuell? Grunngi svaret.

Del 4: "Generasjon lydig" og "ulydig"

A. Generasjon lydig

Gunnar C. Aakvaag er ein norsk sosiolog. Han arbeider ved universitet og møter unge studentar i jobben sin. I 2013 omtalte han studentane han møtte på denne måten:

Minst like viktig er hva nye generasjoner vil bruke den innflytelsen demokratiet gir dem til. Her vil jeg hevde at dagens ungdom synes å være den første i etterkrigstiden uten et kollektivt politisk prosjekt. Dette vil jeg igjen hevde skyldes deres mangel på intellektuell nytenkning. [...] Dermed er vi fremme ved dagens ungdomsgenerasjon, født på 1980- og 1990-tallet. Denne kan ta både velstand, antiautoritære institusjoner og hverdagstoleranse for gitt. Så hva er deres generasjonsprosjekt? Svaret synes enkelt: De har ikke noe. Dette er en veldig seriøs og ordentlig generasjon som drikker mindre, røyker mindre, ruser seg mindre, debuterer senere seksuelt og søker tryggere utdanninger enn min generasjon – alt mens de lever superhektiske liv på sosiale medier. Noe "stort" felles prosjekt som utfordrer samfunnet leter man forgjeves etter. Politisk har vi fått Generasjon Lydig: Den første generasjonen i Etterkrigs-Norge som ikke har tatt sin demokratiske plikt til ungdomsopprør alvorlig[...) Jeg har som lærer ved Universitetet i Oslo de siste ti årene, hatt det privilegium å undervise et par tusen av dagens unge. De slår meg som meget oppegående, seriøse, hyggelige – og intellektuelt tannløse. Ja, jeg vil påstå at dagens ungdomsgenerasjon er den intellektuelt mest lydige og konturløse i norsk etterkrigstid.

(Aakvaag, 2013)

Ung jente sit ved pulten og smiler. Ho har blokk og penn klar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter i grupper

  1. Kva er det Aakvaag angrip unge menneske for?

  2. Kva forhold meiner Aakvaag generasjon lydig har til autoritetar?

  3. Kan de kjenne dykk igjen i kritikken til Aakvaag?

B. Generasjon ulydig

Jente tenner på ein joint med ein raud lighter. Foto.

Då Aakvaag skreiv kronikken "Generasjon lydig", var det ikkje dykk han skreiv om. Generasjon lydig var generasjonen fødd 1980-2000. I 2019 skreiv han derfor ein ny kronikk, om det som var ein ny generasjon unge, nemleg "generasjon ulydig".

  1. Les kronikken om generasjon ulydig i Morgenbladet

  2. Diskuter i grupper:

    • Kva meiner Aakvaag kjenneteiknar dagens ungdomsgenerasjon?

    • Kva prosjekt meiner Aakvaag det er viktig for dagens ungdom å ta opp?

    • Kva er likevel årsakene til at Aakvaag tviler på at dagens generasjon vil lykkast med ungdomsopprøret sitt?

C. Diskuter i plenum

Ta opp alle problema Aakvaag peikar på ved dykkar generasjon. Er de einige i at de er

  • for sjølvsentrerte

  • for umodne

  • for nærtakande

  • for psykisk ustabile

  • for skjermavhengige

  • for utolmodige

  • for lite intellektuelle

  • for individualiserte

Del 5: Ung og opprørsk

Sjå dokumentaren "Ung og opprørsk" (under). Medan du ser dokumentaren, skal du notere ned kva som har kjenneteikna opprør mot autoritetar opp gjennom generasjonane. Legg særleg merke til:

  • Kva skjedde ute i verda som påverka ungdommen?

  • Kva autoritetar gjorde ungdommane opprør mot?

  • Korleis har unge menneske gjort opprør opp gjennom tidene?

Del 6: Tekst i kontekst

Skriv ein tekst der du reflekterer over desse spørsmåla:

  • Har ungdom i dag noka nytte av å lese Bjørneboes tekst "Om formyndermennesket", eller har de ikkje lenger nokon autoritetar å utfordre?

  • Kva autoritetar fanst det å utfordre for ungdommen på 60- og 70-talet?

  • Har Aakvaag rett i tankane sine om dagens ungdomsgenerasjon, eller har han berre ikkje forstått dykk?

Kjelder

Aakvaag, G. (2013, 3. september). "Hva skal dagens unge bruke stemmeretten til?" i Aftenposten. Henta frå https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/zlnjw/hva-skal-dagens-unge-bruke-stemmeretten-til

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme