Jens Bjørneboe og det vondes problem
I denne dokumentarfilmen leier forfattar og filmskapar Terje Dragseth ein samtale mellom forfattarane Vigdis Hjorth, Truls Øhra og Maria Kjos Fonn og filosofane Arne Johan Vetlesen og Lars Fredrik Svendsen.
Samtalen tek utgangspunkt i Jens Bjørneboes Bestialitetens historie og utforskar det vondes problem frå ulike perspektiv.
Jens Bjørneboe og det ondes problem aktualiserer Bjørneboes forfattarskap og er ein film som bidreg med interessante perspektiv på vondskap og det vondes problem.
Det vondes problem handlar i denne samanhengen om å forstå kvifor og korleis vi menneske kan utføre forferdelege handlingar mot kvarandre.
Filmen inviterer til refleksjon og diskusjon om vondskap som fenomen i lys av krisar og utfordringar i samtida og i historia.
Filmen løftar også fram interessante problemstillingar omkring det å angre på vonde handlingar. Er det forskjell i graden av anger hos personar som utfører ei vond handling med overlegg, samanlikna med personar som gjer noko vondt i affekt eller på impuls?
Trilogien Bestialitetens historie blir av mange rekna som Jens Bjørneboes hovudverk. Romanserien består av desse tre bøkene:
Frihetens øyeblikk (1966)
Kruttårnet (1969)
Stillheten (1973)