Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når minoriteten beskriv majoriteten

Korleis blir den norske majoriteten framstilt av Ailo Gaup og Nils Aslak Valkeapää? I denne ressursen skal du lese samiske dikt om norske verdiar og overmakt i tillegg til å lese norsk-somaliske Sumaya Jirde Alis skildring av det typisk norske.
Mann i samedrakt saman med rein med utsmykka sele og slede. Dei står i snøen. Samen steller med selen til reinsdyret, og vi ser han bakfra. Reien ser vi forfra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: I Stallos natt

  1. Les dei to dikta "De kom" og "Papirene" på s. 7–9 i diktsamlinga I Stallos natt på Nasjonalbiblioteket.

  2. Pronomenet "De" blir brukt i begge dikta. Kven er "De"?

  3. Lag ei skildring av "De". Korleis oppfører dei seg? Korleis verkar dei?

  4. Kven er "Vi" i dikta? Korleis blir "vi" framstilt?

  5. Kva rolle meiner du naturen speler i dei to dikta?

Del 2: Tekst i kontekst – kampen om jorda

To telt og ein lavo er sette opp i snøen. Fleire vinterkledde personar står ved telta. På ei snøfonn kan vi sjå påskrifta: "ELVA SKAL LEVE". Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kva kontekst kom eigentleg diktet til Gaup ut? For å forstå dette er det viktig at de kjenner til fornorskingspolitikken (ca. 1850–1950) og Alta-saka (ca. 1968–1982).

Jobb i par

  1. Ein av dykk les dykk opp på fornorskingspolitikken, den andre på Alta-saka.

  2. Fortel kvarandre om det de har lese.

  3. Diskuter korleis både fornorskingspolitikken og Alta-saka kan vere ein bakgrunn for dei to dikta til Ailo Gaup.

  4. Sjå episoden "Kampen om jorda" frå dokumentarserien Den stille kampen på NRK. Diskuter deretter:

    • Korleis argumenterer samane for at jorda ikkje skal brukast til gruvedrift?

    • Kan de sjå temaet Ailo Gaup tek opp i dikta sine i dokumentaren?

Del 3: Vindens veier av Nils-Aslak Valkeapää

Les utdraget frå Vindens veier (1985) på side 190 (frå "Jeg holder de gamle samenes liv i ære") til side 196 ("ærefrykt har jeg for Sápmi"). Du finn boka Vindens veier på Nasjonalbiblioteket.

  1. Korleis blir samane og livet deira framstilte i dette utdraget?

  2. Korleis blir "de" framstilt?

  3. Samanlikn framstillinga av det samiske livet med livet til dei som Valkeapää kallar "de", "andre" og "de vise".

  4. Kva for sider ved måten det moderne mennesket lever på, er det Valkeapää kritiserer i teksten? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

Reinflokk på veg til sommarbeite. Flokken går på flekkar med snø og flekkar med bar mark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Samar, nordmenn og naturen

Skriv eit mini-essay på cirka 500 ord der du reflekterer over korleis tekstane til Nils-Aslak Valkeapää og Ailo Gaup framstiller norske verdiar og majoriteten si behandling av naturen. Bruk sitat frå dikta i teksten din.

Del 5: Sumaya Jirde Ali om å bli norsk

Ung kvinne med hijab. Foto.

Du har no lese dikt frå 1980-talet om den norske majoriteten sett frå den samiske synsvinkelen.

Korleis framstiller ei ung minoritetskvinne typisk norske verdiar i vår tid?

Les diktet frå diktsamlinga Kvinner som hater menn på Frekk Forlag.

Diskuter i par:

  1. Korleis blir det typisk norske framstilt i dette diktet?

  2. Kva vil du seie er temaet i diktet?

  3. Samanlikn framstillinga av det norske i dette diktet med dikta til Nils-Aslak Valkeapää og Ailo Gaup.

Relatert innhald

Fordjup deg i tekstar og oppgåver som tek for seg det å vere ein minoritet i Noreg.

Minoritetsstress er knytt til eigen identitet og andre sine haldningar. Tilhøyrer du ei gruppe i mindretal, kan du bli utsett for ei tilleggsbelastning.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme