Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Postmodernistisk operadystopi

"Postmodernistisk operadystopi" høyrest veldig vanskeleg ut. Målet med denne oppgåva er at du skal utforske eit måleri og ein teikneserie og til slutt sitje igjen med eit klart bilete av kva frasen kan bety.
Operahuset i Bjørvika. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Skrik og Opera under vann

Sit i par. Jobb saman med spørsmåla under:

A. Edvard Munchs Skrik (1893)

Sjå først på Edvard Munchs bilete Skrik frå 1893. (De kan gjere biletet større ved å klikke på pilene øvst til høgre i biletet).

  • Beskriv kva som er i forgrunnen, mellomgrunnen og bakgrunnen i måleriet.

  • Kva stemning synest de det er i måleriet?

  • Kva er årsaka til at de synest biletet har denne stemninga?

  • Kva vil de seie er temaet til måleriet?

B. Rolf Grovens Opera under vann (2009)

Trykk dykk vidare til biletet Opera under vann av Rolf Groven.

  • Beskriv kva som er i forgrunnen, mellomgrunnen og bakgrunnen i biletet.

  • Kva stemning synest de det er i biletet?

  • Kva er årsaka til at de synest biletet har denne stemninga?

  • Kva vil de seie er temaet til biletet?

  • Kva funksjon har det at Groven har brukt Skrik-motivet i biletet sitt?

C. Intertekstualitet

Les teorien om intertekstualitet under. Diskuter deretter korleis denne teorien kan overførast på Grovens bilete.

Intertekstualitet handler om å låne uttrykk og innhold fra andre tekster og bruke dem til å utvide innholdets egen (nye) tekst.[...] Slik intertekstualitet kaller vi allusjoner og er svært vanlig. Virkningen kan være svært sterk: gjennom små lån eller henvisninger til andre tekster, kan en utvide innholdet i sin egen tekst og ikke minst dra nytte av de kreftene som finnes i andre tekster. (Aksnes og Gram Økland, 2019)

D. Postmodernistisk dystopi

Biletet til Groven kan kategoriserast som ein "postmodernistisk dystopi". Men kva i all verda betyr det?

Jobb i par

  1. Ein av dykk les om artikkelen "Postmodernisme" på NDLA. Den andre les definisjonen av "dystopi" på Store norske leksikon.

  2. Fortel kvarandre kva som kjenneteiknar postmoderne og dystopisk kunst. Diskuter deretter kvifor vi kan setje denne merkelappen på Grovens bilete.

Del 2: "Guidet tur"

Teikneserien er skriven av Flu Hartberg (Copyrighted). Rettshavar: No Comprendo Press.

Guidet tur

Les teikneserien "Guidet tur" av Flu Hartberg. Du finn ei tekstbeskriving av teikneserien ved å velje den relaterte artikkelen nedst på sida. Svar på desse spørsmåla:

Innhald

  1. Kva meiner du er temaet/bodskapen i teikneserien? Grunngi svaret ditt.

  2. Teikneserien er både humoristisk og samfunnskritisk. Korleis då?

Form

  1. Sjå på korleis Hartberg bruker biletutsnitt i teikneserien. Kommenter særleg kva funksjon biletutsnittet i den aller siste ruta har.

  2. Vurder samspelet mellom tekst og bilete i teikneserien. Korleis speler dei to modalitetane saman for å skape humor og samfunnskritikk?

  3. Kva er høgdepunktet/vendepunktet i teikneserien? Grunngi svaret ditt.

Diskuter i par

Flu Hartberg blir beskriven på denne måten i ei melding av ein av dei nyare bøkene sine, Spesialklassen:

Hartberg er en av Norges beste og mest hardtarbeidende tegneserieskapere. Det han (heldigvis) mangler av respekt for autoriteter, tar han så til de grader igjen i form av medmenneskelighet. Hartbergs serier sparker alltid oppover, og hans drøyeste karikaturer har alltid en god porsjon ubehagelig sannhet i seg. (Lønningen, 2020)

Diskuter om denne karakteristikken av Hartbergs kunst også gjeld for "Guidet tur". Grunngi svaret dykkar.

Del 3: Samanlikn dystopiane

To figurar som held i kvar sin tråd og beveger dei som i bølger. På den eine står det tekst 1, på den andre tekst 2.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå saman i par. Lag eit foredrag der de samanliknar Rolf Grovens Opera under vann og Flu Hartbergs "Guidet tur". Målet med foredraget er å

  1. vise at de kan kople saman verkemiddel og tema i dei to tekstane

  2. nytte fagomgrep på ein relevant måte

Tips til foredraget:

  • Det visuelle, altså bileta og teikneserien, bør vere i fokus (på presentasjonsverktøyet de bruker) i presentasjonen.

  • Forklar med eigne ord, peik på bilete/tekst og klipp gjerne ut utsnitt og/eller zoom inn for å vise evne til å nærlese.

  • Prøv å heile tida kople saman verkemiddel og bodskapar i dei to tekstane. Altså: Korleis kjem samfunnskritikken til syne?

Desse fagomgrepa bør vere med:

  • samfunnskritikk

  • satire

  • humor

  • intertekstualitet

  • dystopi

  • allusjon/alludere

  • ekspresjonisme

  • postmodernisme

  • samansett tekst

  • modalitet

  • biletutsnitt

  • totalbilete

Kjelder

Lønninga, P. (2020, 18. mars). Klassekamp og rumpehumor. Empirix. Henta frå https://www.empirix.no/spesialklassen-anmeldelse/

Aksnes, M. & Gram Økland, T. (2019). Intertekstualitet. NDLA. Henta frå https://ndla.no/article/12121

Relatert innhald

Teikneserie frå Oslo i år 2110 laga av Flu Hartberg. Med tekstsbeskriving.

Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på modernismen i 1970-1980-åra. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme