Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva var postmodernismen?

Utforsk postmodernistisk kunst, litteratur og arkitektur.

Oppgåve 1

Les fagsida "Postmodernisme" og sjå undervisningsvideoen om same emne.

  1. Kva er postmodernisme? Gi ei kort forklaring.
  2. Modernistane braut medvitent med tradisjonen og tok avstand frå massekulturen, Kva slags forhold har dei postmodernistiske kunstnarane til tidlegare tiders kunststilar og til massekulturen?
  3. I fagteksten og videoen er det nemnt fleire kjennemerke ved postmodernistisk kunst, mellom anna dei som er lista opp nedanfor. Forklar dei litt nærmare.
    • stilblanding og sjangerblanding
    • medvitne lån frå andre(s) verk
    • metafiksjon
    • fokus på prosess framfor ferdig kunstverk
    • brott med kravet om originalitet
  4. Kvifor kallar Per Thomas Andersen Aker Brygge i Oslo for eit postmoderne landskap?
  5. Gjer kort greie for nokre av dei postmodernistiske prosjekta til Kjartan Slettemark, Kristoffer Schau og Triztan Vindtorn.
  6. Nemn nokre kjenneteikn ved det postmoderne samfunnet og ved menneska som lever i dette samfunnet.
  7. Den franske filosofen Jean-François Lyotard har hevda at dei "store forteljingane" er døde i det postmoderne samfunnet.
    • Kva meinte han med det?
    • Gi nokre eksempel på slike "store forteljingar".
    • Kva for ei stor forteljing var det Lyotard framfor alt hadde i tankane?
  8. Kva gjer Hanne Ørstavik og Erlend Loe til postmoderne forfattarar?

Oppgåve 2

Popkunst – ei postmodernistisk kunstretning

Andy Warhol (1928–1987) var blant dei første postmoderne biletkunstnarane. I staden for å måle eller teikne eigen "original" kunst, valde han å bruke allereie kjende bilete og fotografi. Han manipulerte og omarbeidde reklameannonsar og bilete frå magasin og leikte seg med å setje dei saman på nye måtar. Bildekollasjen nedanfor er eit godt eksempel på denne typen "resirkulering" av eksisterande verk.

Warhol var ein representant for popkunsten (Pop Art), som blei til ei av dei dominerande kunstretningane i USA på 1960-talet. Mens dei modernistiske målarane såg ned på masse- og under-haldningskulturen, lånte popkunstnarane tema og teknikkar frå nettopp denne kulturen.

Biletet Sixteen Jackies av Warhol viser 16 portrett av ei og same kvinne. Grafikk.
  1. Når blei popkunsten til ei av dei dominerande stilretningane i USA?
  2. Kva for ein kunstnar var ein viktig representant for denne retninga?
  3. Peik på typisk postmodernistiske trekk ved pop-kunsten.
  4. Kunstnaren Hariton Pushwagner er ein norsk representant for popkunsten. Finn noko informasjon om han på Wikipedia. Og finn ut kvifor han valde kunstnarnamnet Hariton Pushwagner!
  5. Gå på heimesida til Pushwagner og ta ein titt på serigrafiserien En dag i familien Manns liv frå 1980. Kva slags inntrykk får du av kvardagen og livet til denne familien?

Relatert innhald

Mange postmodernistiske forfattarar omfemner den nye medierøyndommen og kombinerer høgkultur og massekultur

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme