Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lektor Rukla og Sinnapsykologen

Genanse og verdighet av Dag Solstad og Sinnapsykologen av Synne Sun Løes har eit fellestrekk: Begge romanane opnar med samanbrotet til hovudpersonen. Kva er det som får ein lektor på 1990-talet og ein psykolog på 2020-talet til å gå av skaftet?
Nærbilete av Dag Solstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Ein lærar som kallar elevane "fitte" og "flesketryne"

Romanen Genanse og verdighet av Dag Solstad handlar om Elias Rukla som er lærar ved Fagerborg videregående skole. Ein heilt vanleg arbeidsdag endar i katastrofe på denne måten:

De sto og måpte, urørlige omkring ham, men stadig på respektfull avstand. Flere av dem hadde matbokser i hendene, for det var midt i det store spisefriminuttet. Som gjennom en dis kunne han skimte ansiktene til de fremste av dem, merkverdig tydelig også. En stor blond pike så forbauset på ham, kunne han merke, og det gjorde også et par gutter fra avgangsklassen, ansiktene deres, som så latterlig forbauset ut, gjorde ham enda mer rasende. Han stirret på den store blonde piken. Fitte! ropte han. Spis maten din! Flesketryne! (Solstad, 1994, s. 40)

  1. Kva førsteinntrykk får de av Elias Rukla etter å ha lese dette vesle utdraget?

  2. Elias Rukla har oppført seg anstendig som lærer fram til dette utbrotet. Skriv ned ein hypotese om kva som kan vere årsaka til Ruklas samanbrot.

  3. Del hypotesane med kvarandre.

Del 2: Kvifor fell lektor Rukla?

Ein mannleg lærar sit ved eit kateter med masse bøker ved sida av seg. Han legg hovudet i hendene og ser fortvila ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lektor Ruklas samanbrot skjer på side 40 i romanen. Du finn boka på Nasjonalbiblioteket.

  1. Les side 5–40 i romanen Genanse og verdighet. Det er fint om de les utdraget høgt i klassen.

  2. Skriv ned det du meiner er årsaka til at Elias Rukla får eit samanbrot. Du skal grunngi ved å vise til minst eitt sitat frå romanen.

  3. Samanlikn det de har skrive med svara til dei andre i klassen.

  4. Les sitatet av Dag Solstad frå eit intervju med i han Skolefokus (under). Er de einige med han? Grunngi svaret.


Visst skal de kjede seg! Det skulle bare mangle om de ikke kjedet seg når kulturarven ble gjennomgått. Det hadde ikke vært mye til kulturarv hvis det ypperste vi hadde innen litteratur fullt ut ble forstått og verdsatt av 18 år gamle, umodne mennesker, med banale såpeoperadrømmer i hodet. Skal man strebe mot landets høyeste allmennutdannelse, kreves det blant annet at man setter seg inn i Ibsens diktning, siden Ibsen altså var norsk, og det skal være kjedelig! Her har det forresten skjedd en kolossal forflatning. I dag har man ikke engang vett til å skamme seg hvis man ikke forstår seg på Ibsen (Skjønsberg, 1995, s. 41–42)

Interessert i ei tolking frå ein "proff" litteraturtolkar?

Viss de vil vite meir om Elias Ruklas samanbrot, kan de sjå litteraturforskar Frode Helmich Pedersens løysing på kvifor lektoren bryt saman i foredraget hans om Genanse og verdighet på Litteraturhuset i Bergen ("Løsningen" frå 30:00 og ut foredraget).

Del 3. Sinnapsykologen

Portrett av Synne Sun Løes. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Romanen Sinnapsykologen (2021) av Synne Sun Løes handlar om psykologen Idunn Jæger. Til liks med Elias Rukla opnar romanen med at ho bryt saman like utanfor arbeidsplassen sin.

A. Draumeyrket?

Psykolog er draumeyrket for mange. For å komme inn på studiet må du ha nesten 6 i snitt. (Universitetet i Oslo, u.å.). Diskuter i klassen:

  1. Kvifor trur de mange ønskjer å bli psykolog?

  2. Veit de eigentleg kva jobben som psykolog inneber? Forklar.

B. Ein psykolog bryt saman

  1. Les første del av romanen Sinnapsykologen på ISSUU (PDF). Les gjerne utdraget høgt i klassen.

  2. Skriv ned det du meiner er årsaka til at Idunn Jæger får eit samanbrot. Du skal grunngi ved å vise til minst eitt sitat frå romanen.

  3. Samanlikn det du har skrive med svara til dei andre i klassen.

Kva seier Synne Sun Løes sjølv om samanbrotet til psykologen?

Vil de sjå kva forfattaren sjølv seier om Idunn Jæger? Sjå intervjuet "Eggkasting og nullvisjon" på Boktips.

Del 4: Samanlikn Elias Rukla og Idunn Jæger

Skriv ei samanlikning av Elias Rukla og Idunn Jæger. Du skal både samanlikne måten samanbrotet blir beskrive på (form) og årsakene til at dei to karakterane bryt saman.

Forslag til djupnelesnad

Vil du gå i djupna på karakterar som bryt saman? Mange av dei mest kjende norske forfattarane har skrive litteratur om personar som ytre sett lever vellykka liv, men plutseleg bryt saman. I tillegg til Genanse og verdighet kan vi tilrå:

Naiv. Super (1996) av Erlend Loe: Ein ung mann bryt saman etter å ha tapt mot broren i krokket.

Doppler (2004) av Erlend Loe: Ein vellykka familiefar med god jobb bestemmer seg for å flytte ut i skogen og bli venner med elgen Bongo.

Nei og atter nei (2016) av Nina Lykke: Den skikkelege lektoren Ingrid har alt på stell: mann, to barn og fint hus. Men boka endar med fullt forfall, og ho endar opp med å flytte inn i bilen sin.

Full spredning (2019) av Nina Lykke: Fastlegen Elin er lei av både pasientane og mannen sin. Boka er også ein satire over Noreg og nordmenn sine "problem".

Kjelder

Skjønsberg, H. (1995). Elevane SKAL kjede seg! Skulefokus, 1995, s. 40–42.

Universitetet i Oslo. (u.å.). Psykologi (profesjon). Søknadsfrist og opptak. Henta frå https://www.uio.no/studier/program/psykologi-profesjon/opptak/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Postmodernisme og realisme