Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Karl Ove, Gunnlaug og fedrane deira

I denne oppgåva skal du møte 2000-talets mest kjende romanfigur. Karl Ove Knausgård skreiv 3600 sider om seg sjølv og blei internasjonalt kjend for det. Du skal lese eit utdrag frå bind 4 av romanserien og samanlikne det med Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.

Kva skal du gjere?

I denne oppgåva skal du

  • utforske og samanlikne to tekstar som er skrivne med 1000 års mellomrom
  • øve deg på å bruke fagomgrep om litteratur
  • reflektere over korleis tekstane speglar samtida si
  • diskutere korleis mannsrolla har forandra seg på 1000 år

Gode strategiar når du skal samanlikne tekstar:

  • Sjølv om du skal samanlikne to tekstar, bør du setje deg inn i kvar tekst grundig før du går i gong med samanlikningsperspektivet. Då vil du enklare kunne peike på både likskapar og forskjellar.
  • Lag skriftlege oversikter for deg sjølv som både viser likskapar og forskjellar.
  • Konsentrer deg først om å forstå temaet i tekstane. Deretter kan du setje deg inn i forma.
  • Bruk fagomgrep.

Del 1: Min kamp

Utdraget under er frå fjerde bok i romanserien. Karl Ove har blitt ungdom og bur saman med far sin. Vi møter Karl Ove, faren og stemora.

Relatert innhald

Utdrag frå romanen Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård.

A) Jobb aleine. Du skal skrive ned svar på spørsmåla under:

Les utdraget frå Min kamp 4 grundig, minst tre gonger.

  • Etter at du har lese teksten for første gong – kva meiner du er motivet i teksten? (Kva skjer i dette utdraget?)
  • Etter at du har lese teksten for andre gong – korleis synest du forholdet mellom far og son verkar i teksten?
  • Etter at du har lese teksten for tredje gong – kva meiner du er temaet i teksten?

B) Gå saman i par og samanlikn svara dykkar:

  • No er det interessant å sjå om de har lagt merke til det same. Fortel kvarandre kva de har skrive på dei tre punkta over.
  • I tillegg: Bli einige om eitt sitat frå utdraget som de synest er viktig for å forstå temaet i utdraget.

C) I plenum:

  • Kvart par fortel klassen kva dei har kome fram til.
  • Les opp sitatet de har valt og forklar kvifor de valde akkurat dette.

Del 2: Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Utdraget (under) er frå første delen av sagaen. Sagahelten blir først presentert, deretter les vi om ei ueinigheit mellom faren, Illuge, og sonen.


Utdrag fra Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Om Gunnlaug er det sagt, at han ble tidlig voksen og stor og sterk; han hadde vakkert, lysebrunt hår, sorte øine og et godt ansikt, men nesen kunne vært penere. Han var midjesmal og bredskuldret og meget velbygget. Av lynne var han arrogant og ærekjær, stri og hard støtt og en god skald, glad i å gjøre nidviser, — derfor ble han kalt Gunnlaug Ormstunge. Hermund var mer vennesæl og var rent som en høvding å se til. Da Gunnlaug var femten år gammel, ba han faren om utrustning til en reise; han sa han ville fare utenlands og se andre folks skikker. Illuge bonde drog på det, — det var ulikt å sende ham utenlands, for det var snaut han rådde med ham her hjemme, sa han. Kort etter dette gikk Illuge bonde ut tidlig en morgen og fikk se at stabburet stod åpent; noen varesekker var lagt ut, og likeens kløvgreier. Som han stod og undret seg, kom det én leiende med fire hester. Det var Gunnlaug. Han sa: «Det er meg som har lagt ut sekkene». Illuge spurte, hvorfor han det hadde gjort. Han svarte at det var til reisen hans. «Til den får du ingen hjelp av meg», sa Illuge, «og ingensteds skal du reise, før jeg vil»; og dermed kastet han varesekkene inn igjen. Da red Gunnlaug av gårde og kom til Borg om kvelden; Torstein bonde ba ham være der, og det tok han imot.

Gå gjennom denne teksten på same måten som de gjorde med utdraget frå Min kamp:

  1. Les først grundig aleine
  2. Samanlikn svara dykkar i par
  3. Diskuter i plenum

Del 3: Samanlikn innhaldet i tekstane

No har de jobba grundig med motiv og tema i kvar tekst. Då er de klare for å samanlikne dei.

Tips til samanlikninga

Legg merke til konflikten i tekstane. I sagaen er det ein open konflikt mellom far og son. Men korleis vil de karakterisere konflikten i Min kamp?

Kva for ein av fedrane verkar mest omsorgsfull? Kvifor?

Kven av sønene viser mest kjensler mot omgivnadene?

Samanlikn kva Karl Ove fortel om korleis han oppfører seg overfor faren og stemora, og kva han seier om tankane og kjenslene sine.

Legg spesielt merke til avslutninga frå utdraget til Min kamp. Kvifor trur de Karl Ove byrjar å gråte når han tenkjer "Likte han meg"? Kva seier det om dei kjenslene han har for far sin?

Kva kan vere motivet for at Gunnlaug ønskjer å reise i viking?

A) Jobb i par og fyll ut skjemaet under:

B. I plenum:

  • Fire par viser fram og fortel kva dei har skrive. Det første paret tek likskapane i tekstane, det andre forskjellane, det tredje samanlikninga av sønene og det fjerde samanlikninga av fedrane.
  • La klassen kome med positive kommentarar og innspel etter kvar framføring.

Del 4: Samanlikn forma i tekstane

No skal de gå over til å studere korleis tekstane er skrivne, altså det som er forma til utdraga. Her skal de øve spesielt på

  • å bruke norskfaglege omgrep om litteratur
  • å vise korleis form og tema heng saman

A) Kva synsvinkel er brukt?

  1. Jobb først aleine. Les gjennom dei to utdraga og skriv ned det du meiner er det riktige namnet på synsvinkelen i tekstane. Om du er i tvil om omgrepa, så les gjennom artikkelen om synsvinklar under.
  2. Samanlikn svaret ditt med tre andre i klassen. Om de har ulike svar, bør de diskutere tekstane saman og kome fram til det de meiner er riktig svar. Grunngi ved å bruke sitat.
  3. Kva funksjon har synsvinkelen i dei to tekstane? Diskuter dette ved å svare på desse spørsmåla:

    • Ein av tekstane er fortalde av ein personal forteljar, medan den andre har ein autoral forteljar. Kva har val av synsvinkel å seie for kven sine tankar vi får tilgang til?
    • Vi får berre innsyn i kjenslene til ein av karakterane. Kva har det å seie for korleis vi oppfattar historiene og karakterane?

Relatert innhald

B) Framstillingsformer: referat, scene og skildring

  1. Jobb først aleine: No skal du sjå på kva framstillingsformer som blir brukte i tekstane. Det er vanleg at dei fleste historier blir fortalde med ei veksling mellom referat, scene og skildring. Men somme tekstar kan ha meir av det eine enn det andre. Marker alle stader i dei to tekstane som er fortalde med

    • handlingsreferat
    • tankereferat
    • scenisk framstilling
    • naturskildring
    • direkte personskildring
    • indirekte personskildring

    Relatert innhald

  2. Gå saman i par. Samanlikn svara dykkar.
  3. Diskuter i firargrupper:

    • Kva for nokre av framstillingsformene dominerer i dei ulike tekstane?
    • Kva for framstillingsformer manglar heilt?
    • Korleis heng val av synsvinkel saman med val av framstillingsformer?
    • I Min kamp 4 blir vi stort sett kjende med faren gjennom indirekte personskildring. Korleis verkar han i replikkane sine og i handlingane sine?
    • Påstand: "Gunnlaug blir skildra både direkte og indirekte". Finn døme på dette i teksten.

Del 5: Tekst i kontekst

Jobb først aleine. Skriv ned alle dei momenta du tenkjer kan vere relevante som svar på spørsmåla under:

  • Både Gunnlaug og Karl Ove er tenåringar, men dei lever på høvesvis 900- og 1900-talet. Synest du desse to tenåringane verkar som dei er typiske for si tid?
  • Kunne Karl Ove vore ein sagahelt? Kvifor (ikkje)?
  • Utdraget har vist at tenåringen Karl Ove er full av kjensler. Likevel prøver han å skjule dei for faren og stemora. Betyr det at mannsrolla ikkje har forandra seg på 1000 år? Er det lov for gutar i dag å gråte?
  • Kva rolle speler ære for dei fire mannlege karakterane du har møtt i utdraga?

Del 6: Skriv om tekstane

Korleis ville sagaen vore om han blei fortald av ein personal forteljar? Og korleis ville Min kamp ha verka om vi las om den stille konflikten mellom far og son gjennom ein autoral forteljar?

Vel ei av oppgåvene under:

  1. Skriv om utdraget frå Gunnlaug Ormstunge. No skal forteljaren vere personal. Synsvinkelen ligg hos Gunnlaug.
  2. Skriv om utdraget frå Min kamp 4. Synsvinkelen skal vere autoral.

Les tekstane høgt for kvarandre. Kven synest de lykkast best med å skrive om tekstane med ny forteljar og ny synsvinkel?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2021

Læringsressursar

Familien i litteraturen