Referat, scene og skildring

Referat og scene
Dersom ein handlingsgang blir samanfatta og gjenfortalt, seier vi at framstillinga er refererande. Forfattaren kan òg skildre viktige hendingar i større detalj og gi att replikkar og dialogar direkte. Det siste kallar vi scenisk framstilling fordi det minner om måten handlinga utspeler seg på i eit drama. Scenisk framstilling er med på å gjere handlinga meir levande.
Døme
Seksten år etter den dag stod Tord i prestens stue. "Du holder deg godt, du Tord," sa presten, han så ingen forandring på ham. "Jeg har heller ingen sorger," svarte Tord. Til dette tidde presten, men en stund etter spurte han: "Hva er ditt ærend i kveld?" — "I kveld kommer jeg for å snakke om sønnen min som skal konfirmeres i morgen." — "Han er en flink gutt."
— "Jeg ville ikke betale presten før jeg hørte hvilket nummer han fikk på kirkegulvet." — "Han skal stå nummer 1." — "Jeg hører dette, — og her er 10 daler til presten." — "Er det ellers noe?" spurte presten, han så på Tord." — "Ellers er det ingen ting." Tord gikk.
Utdrag fra "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson
Auka spenning
Bruk av scenisk framstilling er òg eit verkemiddel for å auke spenninga og for å setje søkelyset på avgjerande situasjonar. I eventyret om Raudhette og ulven til dømes, finn vi scenisk framstilling tre gonger: Når ulven lurer Raudhette til å ta ein omveg gjennom skogen, når ulven kjem til bestemorhuset og sluker bestemora, og når Raudhette sjølv kjem til bestemorhuset og blir lurt og eten av ulven.
Skildring
Dei fleste forteljingane inneheld korte eller lengre skildringar av stader, omgivnader og personar. Blandinga av referat, scene og skildring i episke tekstar er med på å skape variasjon og gi liv til framstillinga. Kor mykje skildring vi finn i ei forteljing, er elles avhengig av sjangeren og av skrivestilen til forfattaren.
Døme
Han hører den igjen. Denne sterke lyden, den sterkeste han noen gang har hørt, men denne gangen blir han kasta ned på bakken. Plutselig hører han ingenting, ingenting unntatt stillheten. Denne stillheten er litt avslappende, men samtidig veldig irriterende, fordi den er det eneste han hører nå. Han ligger på bakken, løfter hodet litt og ser på den nye bloddammen som danner seg av blodet som nå renner fra magen hans.
Utdrag frå novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzi
Relatert innhald
Eventyret om Raudhette og ulven