Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Blodspor

Les novella "Blodspor" og jobb med spørsmåla.

Del 1: Undersøk kontekst

Novella skildrar ei scene frå krigen i Bosnia på 1990-talet.

  1. Kva handla krigen om?

  2. Kven var det som starta krigen, og kven var det krigen gjekk sterkast ut over?

Del 2: Sjå på handling og struktur

  1. Gjer kort greie for handlinga i novella. Tre-fire setningar er nok.
  2. Kva slags opning på teksten har forfattaren valt?
  3. Kva verknad har denne typen opning? Skaper ho ei roleg stemning, eller skaper ho spenning med ein gong?
  4. Kan du peike på nokre typiske novelletrekk ved denne teksten?
  5. Når er det handlinga i novella snur? Og korleis forandrar lydane som guten høyrer seg i denne augeblinken?

Del 3: Undersøk språklege verkemiddel

  1. Ordet blod speler ei viktig rolle i denne teksten. Blant anna heiter tittelen "Blodspor".

    • Finn minst fem setningar i teksten der ordet blod er nemnt.

  2. I mange kulturar er blod eit tradisjonelt symbol for livskrafta eller sjela. Kva signaliserer ordet i novella, liv eller død? Forklar.
  3. Siste avsnitt i novella er det vi med eit faguttrykk kallar ein metakommentar, det vil seie ein kommentar som ikkje er ein del av sjølve forteljinga: "Alle gatene i Sarajevo har blitt sånn: Noen rakk enden – og noen gjorde det ikke."

    • Forklar med eigne ord kva forfattaren meiner med denne kommentaren.

Del 4: Diskuter fiksjon og røyndom

Ei novelle er ein skjønnlitterær tekst, det vil seie ein tekst som er oppdikta. Men skjønnlitterære forfattarar hentar alltid idear til tekstene sine frå røyndommen.

  • Kva i novella til er Ahmethodzic er henta frå røyndommen, og kva er oppdikta?

Relatert innhald

Blodspor

Novelle med motiv frå Bosnia-krigen.

Skrive av Anne Ely Thorenfeldt og Marion Federl.
Sist oppdatert 03.06.2026