Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis opplever du diktet?

Kva ord bruker du for å beskrive den estetiske opplevinga av eit dikt? Påverkar skildringane til kritikarane ditt eige litterære "smaksapparat"?
Diktaren Yahya Hassan les frå si eiga bok på ein scene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Set ord på ei estetisk oppleving

Sjå forfattaren Yahya Hassan lese opp diktet "Barndom" heilt i starten av Bokprogrammet i NRK:

Yahya Hassan i Bokprogrammet på NRK.

  1. Individuelt: Korleis opplever du denne teksten? Liker du denne teksten? Noter inntrykka du sit igjen med etter å ha høyrt diktet, gjerne i stikkordform.

  2. Del stikkorda med klassen, og lag ei ordsky eller eit felles notat med alle orda.

  3. Gå saman i par og analyser orda som blir brukte til å beskrive diktet "Barndom" med utgangspunkt i desse spørsmåla:

    • Er det enkelte ord som går igjen? Viss det ikkje er mange felles enkeltord, kan de gruppere ord og skildringar som er tett på kvarandre i innhald.

    • Kva seier orda de har brukt, om kva sider ved teksten som har gjort inntrykk på dykk? Er det handlinga, innhaldet, forteljarstemma, ordvalet, rytmen eller andre sider ved diktet?

    • Diskuter det de har funne ut i par, med heile klassen.

    • Var det vanskeleg å beskrive korleis de opplevde diktet? Grunngi.

    • Forma på diktet er ikkje typisk poetisk, det liknar òg på episke tekstar. Trur de dette påverka korleis de opplevde det?

Del 2. Kva seier kritikarane?

I boksen under finn du ord som ulike kritikarar har brukt om Yahya Hassans dikt (Beddari, 2019 og Rem, 2014).

Ord frå kritikarane om Yahya Hassans dikt

direkte, ujålete, hardkokte, motkulturell, dynamisk, valdelege, sjølvhatande, sjølvherleggjerande, frekke, glatte, svidande, vitalitet

  1. Les gjennom orda. Slå opp ord du er usikker på kva betyr, til dømes i Bokmålsordboka/Nynorskordboka.

  2. Diskuter med ein partnar: Likna skildringane til kritikarane på dykkar? Kvifor eller kvifor ikkje?

  3. Skriv ned tankane dine om korleis skildringane til kritikarane kan passe til diktet "Barndom".

  4. Høyr på diktopplesnaden ein gong til. Legg du merke til andre sider ved diktet no?

  5. Diskuter i klassen: Kva slags erfaringar med estetikken i tekstar frå denne oppgåva (både del 1 og del 2) kan de ta med dykk vidare i arbeidet med tekstar?

Kjelder

Beddari, C. A. (2019, 15. november). Den raske og rasende. Morgenbladet. https://www.morgenbladet.no/boker/anmeldelser/2019/11/15/den-raske-og-rasende/

Rem, H. (2014, 26. mars). Mellom Knausgård og Koranen. Bok 365. https://bok365.no/artikkel/mellom-knausgard-og-koranen/

Relatert innhald

Kva inneber det eigentleg å gjere estetiske vurderingar av tekstar?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Estetikk