Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv ein fagartikkel om tekst i kontekst

Her finn du fire oppgåveforslag med vedlegg. Skriveoppgåvene dekkjer temaa "Realismen som epoke og skrivestil", "Opprøret mot autoritetane", "Mennesket, naturen og sivilisasjonen" og "Individ og samfunn".
To jenter sit ved ein pult og samarbeider om notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under kvar oppgåve finn du relaterte ressursar. Desse kan vere til hjelp når du skal løyse oppgåvene.

Oppgåve 1: Realismen som epoke og skrivestil

Realistiske forfattarar og målarar ønskjer å etterlikne verkelegheita. Omgrepet "realisme" blir brukt om litteraturen og kunsten i perioden 1870–1890. I tillegg er det namnet på ei stilretning innan kunsten og litteraturen.

Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for realismen både som skrivestil og epoke. I fagartikkelen skal du bruke døme frå vedlegget "Arbeidsnever" og minst eitt av dei andre vedlegga. Du kan også trekkje inn andre tekstar du kjenner til. Du bør samanlikne form og innhald i tekstane og drøfte den konteksten dei blei gitt ut i.

Vedlegg:

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du jobbe med omgrepet "realisme". Kvifor seier vi at det er både ein skrivestil og ein epoke?

Oppgåve 2: Opprøret mot autoritetane

Litteraturen har ofte blitt brukt til å kritisere samfunnet. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis dei vedlagde tekstane er eit opprør mot autoritetar, og der du drøftar konteksten dei kom ut i.

Vedlegg:

Relatert innhald

Oppgåve 3: Mennesket, naturen og sivilisasjonen

Dei tre vedlegga nedanfor handlar om korleis mennesket forvaltar naturen. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis forholdet mellom mennesket, sivilisasjonen og naturen blir skildra. Drøft også den konteksten tekstane blei gitt ut i.

Vedlegg:

Relatert innhald

Den verdskjende forfattaren Karl Ove Knausgård heldt ein appell under ein klimademonstrasjon i Oslo. Les og vurder appellen.

Oppgåve 4: Individ og samfunn

Dei tre vedlegga nedanfor handlar på ulike måtar om forholdet mellom individuell fridom og normene og forventningane i samfunnet. Skriv ein fagartikkel der du utforskar korleis vedlegga behandlar temaet, og der du drøftar teksten i kontekst. Du kan også trekkje inn andre tekstar du kjenner til.

Vedlegg:

Relatert innhald

Korleis kan Erlend Loes Doppler lesast som ein samfunnskritisk roman? Og kjenner du deg igjen i flinkis-syndromet Doppler gjer opprør mot?



Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel