Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein fagartikkel om tekst i kontekst?

I Vg2 skal du skrive fagartiklar som både greier ut om og drøftar tekst i kontekst. Men kva betyr eigentleg det? Her vil du få ei innføring i dei sentrale omgrepa og nokre gode tips til prosessen med å skrive fagartikkel.
To figurar som held i kvar sin tråd og beveger trådane som i bølgjer. På den eine står det tekst, på den andre kontekst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein fagartikkel?

I Vg1 skreiv du fagartikkel, så du kjenner til sjangeren frå før. Då veit du kanskje at du i ein fagartikkel først og fremst skal vise kunnskap om eit emne, men òg at du skal vise evne til sjølvstendig refleksjon.

I Vg2 og Vg3 vil du gjerne bli beden om å skrive fagartiklar om skjønnlitteratur, sakprosa eller språklege emne.

La oss ta eit døme. Sei at du har fått denne oppgåva utdelt:

Skriv ein fagartikkel der du greier ut om og drøftar korleis familien blir framstilt i moderne tekstar og norrøn litteratur. Vel tekstar sjølv.

Ei slik oppgåve krev at du viser korleis eit tema går igjen i både nyare og eldre tekstar. Då må du samanlikne tekstane og vise likskapar og forskjellar mellom dei. Du skal spesielt sjå på korleis temaet "familie" blir behandla i tekstane.

Du skal skrive akademisk

I ein fagartikkel skal du skrive akademisk. Det som kjenneteiknar akademisk skriving, er først og fremst at han er objektiv og sakleg. Det betyr ikkje at du ikkje har lov til meine noko når du skriv akademisk, men du må halde desse meiningane i bakgrunnen. Hovudformålet er nemleg å opplyse om eller drøfte eit emne. "Synsing" er altså noko du bør unngå i ein fagartikkel. Unngå derfor setningar som "Eg likte godt denne teksten."

Du skal bruke pålitelege kjelder

Når du påstår noko om ei sak, bør du bruke kjelder. Har du lese om korleis familien blir skildra i norrøne ættesagaer på Snl.no, så oppgi kjelda i teksten din. Unngå det som verkar som useriøse bloggar og andre upålitelege kjelder. Til dømes er tekstar skrivne av andre elevar ei upåliteleg kjelde.

Les gjerne meir om korleis du kan sjekke kjelder på Kildekompasset.

Kva betyr det å greie ut?

Eit synonym for omgrepet "greie ut" er "forklare". Det vil altså seie at du skriftleg skal forklare ein lesar om eit fagleg emne.

Om du løyser oppgåva som handlar om familien i litteraturen, så må du altså fortelje lesaren din korleis familien blir framstilt i nokre utvalde tekstar.

Kva betyr det å drøfte?

Diskuter

Går det an å drøfte litteratur? I så fall – korleis?

Mange trur at å drøfte berre betyr å komme med for- og motargument om ei sak. Det er jo greitt når du blir beden om å drøfte ei problemstilling som "Bør me forby pelsoppdrett?". Men kva skal du eigentleg gjere når du skal drøfte tekstar?

Kvinne som ser gjennom forstørringsglas. Foto.

Å drøfte i denne samanhengen betyr at du skal "granske" eller "utforske". Sjå for deg deg sjølv som ein detektiv: Du skal, i overført betyding, bruke eit forstørringsglas og gå inn i ulike tekstar for å undersøkje korleis desse skildrar eit tema. Skriv du til dømes fagartikkel om familien i litteraturen, skal du først ta for deg ein tekst og gjere deg opp ei meining om korleis forfattaren har behandla temaet. Deretter må du finne bevis, i teksten, for påstanden din.

Eit døme på drøfting av litteratur

Du kan vise korleis eit tema blir behandla på ulike måtar ved å samanlikne tekstane. Når du skriv "Medan den norrøne teksten viser at storfamilien var viktig, viser den moderne teksten at kjernefamilien har overteke hovudrolla.", drøftar du temaet familien i litteraturen.

Kva betyr tekst i kontekst?

Vi ser på ordlyden i oppgåva om familien i litteraturen ein gong til. Viss du skal skrive ein fagartikkel om litteratur, vil nok det vanlege vere at oppgåva ikkje er så enkel som "grei" ut og "drøft" tekstar. Kanskje vil ho heller sjå slik ut:

Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis familien blir framstilt i moderne tekstar og norrøn litteratur. Grei i tillegg ut om den kulturhistoriske konteksten til tekstane. Vel tekstar sjølv.

Som du ser, så har det no blitt lagt til eit ledd der du ikkje berre blir beden om å skrive om tekstar, men også den "kulturhistoriske konteksten" dei kom ut i.

Diskuter i par

  • Kva meiner de frasen kulturhistorisk kontekst kan bety?

Ein ekspert forklarer

Førsteamanuensis Henning Fjørtoft forklarer omgrepet på denne måten:

Eit døme

Når du jobbar med å forstå både den historiske og kulturelle konteksten ein tekst kom ut i, jobbar du med den kulturhistoriske konteksten. Den historiske konteksten forstår du nok: Du skal vise korleis tekstane speglar det som skjedde i samfunnet på denne tida. Men når me legg til orda "kultur" og får kulturhistorisk, så betyr det at du òg skal vise kunnskap om den tekstkulturen teksten kom ut i.

Til dømes: Handlar stort sett alle norrøne sagaer om modige menn, så var det kanskje sånn at dette var eit ideal på denne tida? Då har du studert tekstar frå perioden og kan seie litt meir om konteksten enn akkurat kva som skjedde i vikingtida. Du har òg forstått korleis vikingane tenkte og kva verdiar dei hadde. Litteraturen frå denne tida speglar nemleg dette.

Eit avsnitt som handlar om familien i norrøn litteratur og kulturhistorisk kontekst, kan heilt konkret sjå slik ut:

Legg merke til at omtalen av konteksten viser kunnskap om både historia og andre tekstar som blei gitt ut samtidig.

Tips til framgangsmåte

Men korleis skal du eigentleg gå fram viss du blir beden om å skrive ein fagartikkel der du skal greie ut om og drøfte tekstar i kulturhistorisk kontekst? Det er naturlegvis ingen fasit på dette, men me foreslår denne prosessen:

  1. Les ein modelltekst. Å lese døme på gode tekstar i den sjangeren du skal skrive før du skriv sjølv, er alltid nyttig. Då vil du få meir innsikt i kva sjangeren krev, og du kan plukke opp tips om både innhald og oppsett av eigen tekst.

  2. Idémyldre og finn gode kjelder. Du bør alltid setje av god tid til idémyldringsfasen før du skriv. Då vil skrivinga sannsynlegvis gå lettare. Eit godt tips er å først gå gjennom idémyldringsfasen aleine, deretter i grupper og så til sist i plenum i klassen. Årsaka er at du då vil ha idéar frå alle medelevane med deg inn i skrivefasen. Når du skal skrive ein fagartikkel der du må vise kunnskap, bør du i tillegg finne kjelder om emnet. Del gjerne kjeldene med kvarandre i grupper og drøft om dei er pålitelege.

  3. Lag ein disposisjon. Ordne alle momenta du ønskjer å skrive om i ei logisk rekkjefølgje.

  4. Skriv hovuddelen og få tilbakemelding. No kan du setje i gang med å skrive. Det kan vere lurt å vente med innleiinga til etter du har skrive hovuddelen. Årsaka er at innleiinga skal presentere hovuddelen, og du er jo ikkje sikker på innhaldet i hovuddelen før denne er ferdig. Undervegs bør du få tilbakemelding frå lærer og/eller medelevar.

  5. Skriv innleiing, avslutning og tittel. Spar desse momenta til slutt. Då kan du bruke tittel, innleiing og avslutning til å skape ein elegant raud tråd i teksten din.

  6. Sluttfør teksten. Heilt til slutt må du sluttføre teksten, altså lese godt gjennom han før innlevering. Du må endre eventuelle uheldige eller upresise formuleringar og rette skrive- og teiknsetjingfeil.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel