Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sluttfør fagartikkelen

Når siste punktum i fagartikkelen er skrive, er det freistande å levere han inn fortast mogleg. Men du har ei viktig oppgåve å gjere først: nemleg å sluttføre teksten din.
Raud tråd med start og mål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

Gjer det obligatorisk for elevane å få tilbakemelding av ein annan elev. Du kan organisere det slik:

  1. Lag par som er på omtrent same faglege nivå. Be dei lese teksten nøye, laga merknader i margen og skrive minst to konkrete tilbakemeldingar under teksten. Til slutt kan dei to elevane setje seg saman og gi kvarandre tilbakemeldinga munnleg.

  2. Om du veit at nokre av elevane dine vil synast det er vanskeleg å vise teksten sin til andre i klassen, bør du organisere det slik at tilbakemeldinga blir gitt anonymt. Fordelen med dette er òg at elevane tør å gi kvarandre ærlegare tilbakemeldingar enn når dei veit kven mottakaren er.

Tips:

Om tilbakemeldinga er anonym, vil elevane ofte vere litt hardare med kvarandre enn om dei kjenner mottakaren. Gi dei god opplæring i kva som er akseptable tilbakemeldingar. Ta deg gjerne tid til å lese gjennom tilbakemeldingane til elevane før mottakaren får dei.

I den relaterte artikkelen nedst finn du gode råd for korleis elevane kan gi kvarandre tilbakemelding.

Kva er sluttføring?

Å sluttføre teksten din vil seie at du les nøye gjennom han og sjekkar at språk og innhald er godt. Mange synest dette er ein kjedeleg jobb, men av og til må du gjere noko du synest er kjedeleg, rett og slett fordi det er så viktig!

Tips

Du les din eigen tekst best om du lèt han liggje ei stund etter at du har skrive han. Då har du nemleg fått meir avstand til både språk og innhald og vil ha lettare for å oppdage feil eller unøyaktigheiter. Derfor bør du gjere deg ferdig ein dag eller to før du skal levere han inn.

Oppgåve 1. Ver observant på eigne problemområde

Les gjennom tidlegare tilbakemeldingar på tekstar du har skrive. Er det nokon tilbakemeldingar som peikar på gjentakande feil i språk eller struktur? Om du til dømes har mange særskrivingsfeil i tidlegare tekstar, er det store sjansar for at du òg har det no.

Lag ei liste over vanlege feil du gjer. Bruk denne aktivt når du skal sluttføre teksten din. Det er få ting som er så tilfredsstillande som å klare å levere inn ein tekst som viser at du er klar over, og kan fikse opp i, språkfeil.

Oppgåve 2. Les teksten høgt

Ei kvinne studerer ein PC-skjerm. Ho ser frustrert ut.

Les teksten høgt for deg sjølv. Bruk god tid. Dette er eit av dei aller beste tipsa for å oppdage dårleg språk. Må du stoppe opp fordi det "luggar" nokon stad? Då har du sannsynlegvis laga ei dårleg setning. Skriv ho på nytt og les ein gong til.

Oppgåve 3. Les teksten baklengs

Les teksten høgt for deg sjølv, setning for setning, men baklengs! Kvifor i all verda skal du gjere det? Svaret er at når du har jobba med ein tekst lenge, så er du så inne i han at du blir blind for eigne feil. Men når du les teksten baklengs, blir du tvinga til å lese seinare. Då vil det vere enklare å oppdage slurvefeil og dårlege formuleringar.

Oppgåve 4. Få tilbakemelding

Byt teksten din med ein annan elev for å få tilbakemelding. Det kan vere lurt at du skriv ned eit par spørsmål medeleven din særleg skal leggje merke til, noko du er usikker på om du har fått til. Det kan vere spørsmål som "Korleis synest du innleiinga fungerer?" eller "Har eg nokon særskrivingsfeil?" Då vil det vere lettare for medeleven å lese målretta.

Hugs å ta omsyn til tilbakemeldingane. Det er gode sjansar for at den som les teksten, har meir presise observasjonar om kva som kan forbetrast enn det du sjølv har.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel