Hopp til innhald

Fagstoff

Skriv hovuddelen i fagartikkelen

Du bør starte med hovuddelen når du skriv fagartikkel. Her vil du få tips om avsnittsoppbygging, riktig balanse mellom tekst og kontekst og kjeldeføring.

Del 1: Korleis skrive hovuddelen

Tips:

Du bør ha ein modelltekst framfor deg heile tida når du skriv fagartikkelen. Det er lurt å kikke på denne om du står fast.

Relatert innhald

Eit tips til:

Les oppgåveteksten ein gong til. Er du sikker på at du har forstått den riktig og veit kva du skal skrive om? Sjekk dette før du set i gong med skrivinga. Diskuter gjerne med andre i klassen før du gyv laus på hovuddelen.

I presentasjonen under vil du få tips om korleis du kan setje opp teksten din. Her blir det brukt døme frå modellteksten om kjønnsroller i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og utdraget frå Min kamp 4.

Del 2: Korleis bruke kjelder

Det aller beste tipset du kan få om kjelder er: Bruk dei!

Årsaka er at

  • resonnementa dine verkar meir truverdige om du viser til pålitelege kjelder som støttar det du seier

  • fagartikkelen er ein akademisk sjanger, og når du skal skrive akademisk, blir det forventa at du viser til kjelder

Les meir om korleis du fører kjelder både inni teksten og når du lagar kjeldelista her:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel