Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv innleiing, avslutning og tittel til fagartikkelen

Når du er ferdig med hovuddelen, er du klar for å skrive innleiing og avslutning. No skal me sjå på korleis du kan gjere det og samtidig få til den magiske raude tråden. Vi kroner sjølvsagt verket med ein tittel som fengjer.

Del 1: Diskuter i grupper

De skal skrive ein fagartikkel om tekst i kontekst.

  • Kva kjenneteiknar ei god innleiing?

  • Kva moment bør vere med i innleiinga?

Del 2: Vurder tre innleiingar

Del 3: Skriv innleiinga

Skriv ei innleiing til fagartikkelen din. Du kan velje nokre av teknikkane du lærte i del 2, eller lage din heilt eigen. Hugs uansett at du må

  • introdusere tekstane du skal skrive om

  • introdusere temaet du skal skrive om

Del 4: Diskuter i grupper

Les innleiinga og avslutninga til modellteksten under. Diskuter:

  1. Kva verkemiddel bruker skrivaren for å sy saman innleiinga og avslutninga?

  2. Kva moment er med i avslutninga?

Innleiing:

"Hvor fri er jeg?" spør 20-åringen Sofia seg sjølv, og lesarane, om i boka Skamløs (2017). Utdraget handlar om Sofias oppvekst, motgang og medgang. Ordet "fridom" er tett knytt til den tida vi lever i her og no. Norske kvinner, og menn, har meir fridom enn nokosinne. Dei er sjølvstendige og kan sjølv avgjere korleis dei vil forme liva sine. Det liker vi i alle fall å tru. Men om vi går 1000 år tilbake i tid, til vikingtida, korleis stod det til med sjølvråderetten til kvinnene då? Og kan vi finne ut korleis kvinnerolla har forandra seg ved å utforske Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Sofias forteljing?

(Hovuddel)

Avslutning:

Dei to tekstane om livet til unge kvinner, fortalt med 1000 års mellomrom, viser oss altså at valmoglegheitene og innverknaden kvinner har over eige liv, har forandra seg mykje. Helga må ta omsyn til kollektivet, medan dagens unge kvinner først og fremst kan tenkje på seg sjølv. Men Sofias historie viser òg at vi har mange uformelle normer å ta omsyn til, sjølv om dette kanskje ikkje er så bevisst. Det går ikkje an å spå i framtida, men eg vil tippe at kvinner i Noreg i år 3000 òg lever i fridom. Som flokkdyr flest, vil dei likevel òg søkje aksept ved å tilpasse seg forventningane. Men kva for uskrivne normer som gjeld for denne kvinna i framtida, det veit vi ingenting om.

Del 5: Skriv avslutninga til fagartikkelen din

Skriv avslutninga til fagartikkelen. Nokre tips:

  • Les gjennom innleiinga og grip tak i poeng frå denne. Då får du til ein sirkelkomposisjon og ein raud tråd i teksten din.

  • Du kan gjerne reflektere over det du har skrive i hovuddelen, men unngå å fortelje att alt ein gong til.

  • Det går òg an å skrive om eit framtidsperspektiv eller reflektere meir sjølvstendig over tekstane du har lese.

Del 6: Diskuter

  • Kva kjenneteiknar ein god tittel?

  • Kva kjenneteiknar ein dårleg tittel?

  • Kva synest de om overskrifta til modellteksten: "Kvinnekår i 1000 år.

Del 7: Lag ein tittel

Lag ein tittel til fagartikkelen din. Hugs at gode titlar

  • ikkje er for lange

  • speglar innhaldet i teksten

  • fangar merksemda til lesaren

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel