Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dekonstruer ein modelltekst om tekst i kontekst

Ein god fagartikkel som gjer greie for og drøftar tekst i kontekst – kva kjenneteiknar eigentleg den? I denne oppgåva skal du lese og dekonstruere ein modelltekst for å forstå kva som gjer han god.

Del 1: Les og vurder teksten


Modellteksten du skal lese, er ein fagartikkel som handlar om familien i norrøn og moderne litteratur.

Filer

  1. Les fagartikkelen "Kvinnerolla gjennom 1000 år".

  2. Diskuter i grupper: Kva gjer dette til ein god fagartikkel?

  3. Gjer fagartikkelen det han skal gjere når det gjeld å greie ut og drøfte tekst i kontekst? Du kan dele oppgåva inn i desse mindre oppdraga for å finne det ut:

    • Utforskar skrivaren begge tekstane i vedlegget, og bruker hen konkrete døme for å "bevise" påstandane sine (til dømes sitat frå tekstane)?

    • Blir tekstane samanlikna?

    • Viser skrivaren kunnskap om den kulturelle og den historiske konteksten til Sagaen om Gunnlaug Ormstunge?

    • Blir det reflektert over samtida når teksten handlar om utdraget frå Skamløse jenter?

    • Er språket akademisk?

    • Er kjeldeføringa god?

Del 2: Riktig balanse mellom tekst og kontekst

To figurar som held i kvar sin tråd og beveger trådane som i bølgjer. På den eine står det tekst, på den andre kontekst.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal skrive ein fagartikkel om tekst i kontekst, er det viktig å finne den riktige balansen mellom dei to. Ein tekst som berre handlar om litteraturhistorie og historie generelt, blir ikkje eit godt svar på oppgåva. Då har du nemleg ikkje svart på det oppgåva spør om. Du har skrive om kontekst, men ikkje tekst. Omvendt kan du ikkje berre skrive om tekstane. Då viser du ikkje nok kunnskap om kulturhistoria, du skriv altså berre om tekst, men ikkje kontekst.

Oppdrag:

Vis korleis dei tre første avsnitta i hovuddelen balanserer forholdet mellom tekst og kontekst. Du kan til dømes fargekode delane i teksten på denne måten:

  • Dei delane av teksten som omtaler temaet i utdraget frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, fargar du raude.

  • Sitat frå sagaen fargar du blåe.

  • Delar som handlar om litteraturhistorie, fargar du grøne.

  • Delar som handlar om historie, fargar du gule.

Del 3: Oppsummer

Sit i grupper og diskuter:

Kva er det viktigaste de tek med dykk til eiga skriving etter å ha lese denne fagartikkelen?


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel