Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Idémyldring og kjeldeinnsamling til fagartikkelen

Når du skriv ein fagartikkel, bør du bruke kjelder. I tillegg er det lurt at du idémyldrar med andre før du set i gong med skrivinga.
Ei gruppe på sju ungdommar diskuterer medan ein lærar lyttar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Idémyldring

Etter at du har valt oppgåve til fagartikkelen og sett deg godt inn i tekstane du skal skrive om, bør du skrive ned idéar du vil ha med i artikkelen din. Gjer det gjerne slik:

  1. Først aleine. Lag ein tabell med to kolonnar og to radar. Øvst skriv du "tekst" og "kontekst". Skriv ned alle momenta som handlar om temaet i tekstane i kolonnen med "tekst" som overskrift og alle idéane som handlar om historie og litteraturhistorie under kolonnen "kontekst".

  2. I grupper. Sit i grupper og la éin og éin få ordet. Fortel kvarandre kva moment de har tenkt å bruke i fagartikkelen. Skriv ned gode idéar som dei andre i gruppa kjem med i tabellen din.

  3. I plenum. No kan alle i klassen dele idéane med kvarandre. Om du skriv ned gode idéar frå dei andre i klassen, vil du ganske sikkert få mykje å skrive om i fagartikkelen.

Kvifor jobbe sånn?

Mange synest det er vanskeleg å finne på noko å skrive om når dei skal produsere tekst. Derfor er det viktig å bruke tid på førskrivingsfasen. Det å utveksle idéar med andre elevar i klassen gir deg både nye idéar og innfallsvinklar du ikkje hadde tenkt på sjølv.

Samtidig er det lurt å setje av god tid til å jobbe heilt aleine først. Du bør nemleg fordjupe deg i tekstane og skrive ned eigne idéar utan distraksjonar frå andre.

Del 2: Finn kjelder

I ein fagartikkel bør du ha ei akademisk tilnærming til stoffet. Eitt av krava til ein god akademisk tekst er at han bruker pålitelege kjelder. Du bør derfor finne kjelder som

  1. seier noko om kva som var typisk for kunsten og litteraturen i den tida tekstane dine kom ut

  2. seier noko om om det som skjedde i samfunnet då tekstane blei gitt ut

Då kan du både seie noko om kulturkontekst og situasjonskontekst.

Korleis finn du ei relevant kjelde?

Viss du bruker Google, så er nok ikkje problemet å finne stoff om emnet du skal skrive om. Det som blir utfordrande er å

  • finne relevante kjelder som passar til akkurat di oppgåve

  • vurdere truverdet til kjelda

  1. Start med å lese artikkelen "Strategiar ved søk på nettet" (nedst på denne sida).

  2. Bruk god tid på å finne tre–fire kjelder som du meiner er relevante for oppgåva di. Marker gjerne sitat i kjelda som du ønskjer å bruke.

  3. I grupper: Vis kvarandre kjeldene de har funne og diskuter både relevansen og truverdet til kjeldene. (Bruk gjerne tipsa frå den vedlagde artikkelen "Vurder kjeldene" nedst).

Men kva med tekstar frå samtida?

Det kan vere vanskeleg å finne kjelder som skal seie noko påliteleg om eiga samtid. Nokre tips:

  • Bruk gjerne statistikk frå SSB og Ungdataundersøkinga om du vil finne truverdige tal på tendensar i tida.

  • Du kan bruke kronikkar av fagpersonar på feltet du skal skrive om.

  • Læreboka og NDLA har garantert fagstoff om tendensar i samtidslitteraturen du kan bruke om kulturhistorisk kontekst.

Relatert innhald

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

Ver kritisk til kva kjelder du bruker i arbeidet ditt. TONE hjelper deg å hugse kva du bør sjå etter i ei kjelde.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel