Hopp til innhald

Fagstoff

Søk på nett og strategiar

Du kan planleggje nettsøk, dokumentere kjeldekritikk og plukke ut relevant informasjon systematisk for å få best mogleg utbytte av søk på nett.
Hender som strekk seg mot ulike digitale skjermar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gløymer du bort kjeldene dine i farta?

Du kan møte på fleire utfordringar i arbeidet med kjeldesøk. Du finn ikkje igjen ei kjelde som var utruleg bra, du finn informasjon på sider som du ikkje helt skjøner kva er, du kopierer eit sitat over i eit dokument, men gløymer å få med nettadressa, du blir sliten i hovudet og gløymer kva det var du leita etter. Og kanskje forsvinn du på sosiale medium fordi det kom inn eit varsel?

Tenk over

I kor stor grad kjenner du deg igjen i denne beskrivinga? Del refleksjonane dine med ein medelev og til heile klassen.

Du kan få bukt med slike utfordringar viss du øver deg på å bruke ulike strategiar når du jobbar med nettsøk.

Planlegg søket ditt

Planlegg søket ditt og ha klart for deg lesemål og søkjeord. Formuler så tydeleg som mogleg:

  • Kva du er ute etter?
  • Kva skal kjeldene kunne hjelpe deg med?
  • Kva for søkjeord skal du bruke? Skriv dei opp i eit dokument.
  • Kva slags synonym, engelske ord eller presiseringar kan du bruke?

Bestem deg på førehand og skriv alt ned i eit planleggingsnotat. Du vil vite meir om det du prøver å finne, og kva som kjem opp ved søk, etter at du er kome i gang. Då kan du gjere justeringar på planen din.

Når du skal planleggje søk, kan du ha i bakhovudet at du nettopp skal hoppe frå tekst til tekst. Du vil finne informasjon i video, i skriftlege tekstar og i bilete.

Du kan førebu deg gjennom å jobbe saktare enn du er van til, og stille følgjande spørsmål:

  • Kor kan eg finne det eg er ute etter?
  • Kva for moglege lenker kan eg trykke på her?
  • Kva for moglege tekstar (video, bilete, boksar, interaktivitet) kan eg undersøkje?
  • Kva for val må eg ta?
  • Kven kan eg stole på i denne kjelda?

Øv deg på å vere bevisst, og kontroller navigasjonen din. Du kan til dømes bestemme deg for kor du skal leite og kor mange tekstar du skal sjå over i slengen.

Pausar

Legg inn pausar, litt på same måte som når du jobbar i intervall i ein gymtime. Legg inn pausar mellom intervalla.

Dokumenter søket

Søk og navigasjon etter informasjon på nett har likskapstrekk med nettlesing generelt:

  • Du bruker opp hjernekapasitet for å vite kor du er i tekstane du flyttar deg mellom.
  • Du bruker strategiar for å handtere informasjonsmengd og arbeidsminne.
  • Du må hugse mykje på ein gong. Du må bruke strategiar for sjølvregulering. Det vil seie at du må halde motivasjonen oppe, passe på å vere utkvilt og unngå freistingar for ikkje å falle ut av fokuset ditt.

Gjennom dokumentasjon av kjeldesøket ditt kan du systematisere desse lesestrategiane. Når du er i gang med å gjennomføre søkjeplanen din:

  • følg han
  • skriv ned avvik frå planen
  • noter undervegs: kva du gjer
  • noter undervegs: kva du finn
  • noter undervegs: i kor stor grad kjelda ser ut til å løyse problemet ditt

Planlegging og dokumentasjon av eit søk kan gjerast i same dokument.

Strategiar for kjeldekritikk

Det er mykje enklare å vite korleis du skal lese ei kjelde, og forstå det du les, når du veit kva som er opphavet til kjelda, kor kjelda er publisert og kva for sjanger ho har. Derfor er det lurt gå systematisk til verks når du skaffe deg oversikt over informasjon om kjelda.

Ei tilnærming du truleg kjenner frå før, er kjeldekritikk gjennom TONE-metoden. Akronymet er forbokstavane til orda truverd, objektivitet, nøyaktigheit og eignaheit. Du kan bruke metoden for å sjekke kor gode kjeldene du har funne er for det du skal bruke dei til.

Lesestrategiar

Når du les ein tekst som del av eit skulearbeid, jobbar du gjerne etter bestemte arbeidsmåtar. Desse arbeidsmåtane hjelper deg med å skape ei meining og lære noko av teksten. Det kan til dømes vere å:

  • formulere forventningar til kva teksten vil innehalde
  • lære å stille relevante spørsmål til teksten
  • lære å utarbeide ei rimelig oppsummering av teksten
  • identifisere og avklare vanskelege formuleringar og omgrep i teksten
  • finne sitat du skal bruke i ditt eige arbeid

Hjelpedokument ved nettsøk

Få hjelp til å gå systematisk til verks når du planlegg, vurderer og dokumenterer søk.

Lage ein kopi: Planlegging, kjeldekritikk og dokumentasjon ved nettsøk

Laste ned pdf: Planlegging, kjeldekritikk og dokumentasjon ved nettsøk

Filer


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tove Stern Frønes og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising