Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etter å ha lese Peer Gynt

Når du har lese, sett eller dramatisert heile eller delar av det dramatiske diktet Peer Gynt, er det på tide å fordøye teksten: Kva er det eigentleg dette stykket vil seie oss? Vi skal òg sjå på musikken si rolle i korleis teksten har blitt tolka.
Peer Gynt, Dovregubben med krone og ei rekke småtroll som ler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva synest du er det viktigaste i stykket?

Skriv aleine. Du skal skrive cirka 200–500 ord:

Kva synest du er det viktigaste i dramaet Peer Gynt? Grunngi. Bruk gjerne sitat frå teksten.

Del 2: Del i grupper

  1. Les det de har skrive opp for kvarandre i grupper.

  2. Diskuter kva de har svart: Var de inne på det same, eller har de lagt vekt på ulike moment i teksten?

Del 3: Peer Gynt og musikken

Animasjonen over viser eit musikkstykke som blir framført med strykeinstrument.

Peer Gynt har ofte blitt tolka nasjonalromantisk. Mykje av årsaka til dette er den musikken Edvard Grieg laga til den første oppsetninga av stykket.

  1. Lytt til "Dovregubbens hall" ved å sjå animasjonen over.

  2. Lytt til "Morgenstemning" av Edvard Grieg framført av Kringkastingsorkesteret på NRK TV.

  3. Lytt deretter til "Solveigs sang" på NRK TV.

  4. Diskuter: Kva stemning synest de musikken skaper? Kva ser de for dykk når de høyrer musikken?

  5. Meiner de denne musikken verkar nasjonalromantisk? Forklar!

  6. I 1947 skulle Peer Gynt framførast på nytt. Komponisten Harald Sæverud fekk i oppdrag å komponere musikken. Sjå intervjuet med Sæverud under og svar på spørsmåla:

    • Kvifor var Harald Sæverud skeptisk til å lage musikk til Peer Gynt?

    • Kva var målet til regissøren då han skulle setje opp stykket?

    • Kva meiner Sæverud var målet til Grieg då han laga musikken?

    • Kva seier Sæverud var målet hans når han skulle komponere musikk til Peer Gynt?

Del 4: Skriv ein fagartikkel om Peer Gynt

Skriv ein fagartikkel eller eit essay. Oppgåva er som følger:

Peer Gynt – kva kan Henrik Ibsens dramatiske dikt lære oss i dag?

I teksten din skal du komme med di eiga tolking av stykket og reflektere over om tematikken i teksten er aktuell i dag. Du skal vise kunnskapar om den konteksten stykket kom ut i og bruke sitat frå teksten i refleksjonen din.

Tips til kva du kan ta opp i fagartikkelen:

NB! Du treng ikkje skrive om alle momenta under.

  • Forklar kvifor stykket tradisjonelt har blitt tolka nasjonalromantisk.

  • Drøft korleis teksten er ein satire over Noreg. Bruk sitat.

  • Er det slik at Ibsens satire òg gjeld den moderne nordmannen? I så fall – korleis? Kom med konkrete døme.

  • Kva er det "å vere seg sjølv"? Sitatet blir gjenteke i stykket.

  • Er det "å vere seg sjølv" noko som er viktig i dag òg? I så fall – korleis?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel