Del 1: Realismeomgrepet forklart av Tore Renberg
Sjå videoen med den realistiske forfattaren Tore Renberg over. Undervegs skal du notere ned svar på desse spørsmåla:
Tore Renberg angir eit eksakt årstal for oppstarten til realismen i Noreg. Kva for eit? Og kvifor akkurat dette årstalet?
Korleis forandra den norske litteraturen seg i innhald etter inntoget av realismen?
Korleis forandra han seg i skrivestil?
Kvifor kallar Tore Renberg seg sjølv ein realist?
Kva er målet til realistiske forfattarar, ifølgje Tore Renberg?
Realistane på 1870-talet skreiv tendensromanar, seier Renberg. Kva betyr det?
Kvifor har Renberg eit ønske om å skrive romanar som "er eit supplement til historieskrivinga?"
Del 2: Diskuter realismeomgrepet i grupper
Sit i grupper. Kor mykje har de eigentleg forstått av realismeomgrepet? Test ut ved å prøve å forklare og utdjupe desse to påstandane:
Tore Renberg skriv realistisk litteratur, akkurat som Alexander Kielland.
Alexander Kielland skreiv litteratur i perioden vi kalla realismen. Det gjer ikkje Tore Renberg.
Del 3: Les og skriv med eigne ord
Tore Renberg forklarer kva som er forskjellen på realismen som litterær epoke og realismen som skrivestil i videoen over. No skal de gå i djupna på temaet ved å lese fagartikkelen "Realismen – både ein epoke og ein skrivemåte".
Relatert innhald
Les artikkelen og skriv ned minst ti stikkord som skal hjelpe deg å hugse innhaldet.
Legg vekk alle hjelpemiddel, bortsett frå arket/dokumentet du skreiv stikkord på og skriv ein tekst på cirka 150–300 ord der du forklarer kvifor vi kallar realismen både ein epoke og ein skrivestil.
Byt ark/dokument med ein medelev. Be hen lese gjennom det du har skrive og leggje til eller kommentere.
Kvifor skal eg gjere dette?
"Å skrive er å tenke", skriv litteraturvitar og professor Toril Moi (Moi, 2019). Ho held slik fram: "Først når vi setter ordene ned på papiret, ser vi kva vi tenker".
Når du tek til deg ny kunnskap, er det først når du skal fortelje att denne med eigne ord, det går opp for deg om du har forstått stoffet. Ikkje minst vil det å omformulere kunnskapen til eigne ord få deg til å eige stoffet.
Kjelder
Moi, T. (2019). "Å skrive er å tenke" frå Metoden min. Om sakprosaskriving. Oslo: Cappelen Damm.