Hopp til innhald
Fagartikkel

Fire årsaker til at den kritiske realismen oppstod

Etter at vi fekk grunnlova i 1814, hylla norske kunstnarar og forfattarar Noreg. Men i siste halvdel av 1800-talet forandra dette seg. Målarar og forfattarar peika i staden på problem i samfunnet. Her skal vi sjå på fire årsaker til at kunsten og litteraturen endra seg.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Årsak 1: Ein reaksjon på nasjonalromantikken

At Noreg er eit vakkert land, er du kanskje einig i? På første halvdelen av 1800-talet var norske målarar og forfattarar opptekne av å framstille det dei meinte var det mest urnorske: ein vakker, dramatisk natur og staute bønder i bunad.

Forfattaren Mauritz Hansen beskriv Gudbrandsdalen på denne måten i novella "Luren" (1819):

Etter en temmelig besværlig fotreise stod jeg ved solens nedgang på høyden, hvorfra med overraskende ynde dalen plutselig åpnet sin favn for mitt blikk. Jeg lot bonden der førte min kløvsalte hest, dra foran og satte meg på et fjellstykke for å beskue den blomstrende dal. Bekkenes rislen, fuglenes sang og de gressende kyrs klokker lød harmonisk i mitt åpne øre. (Hansen, 1819)

No var det var ikkje slik at Mauritz Hansen og kunstnarar som Tiedemand, Gude og J.C. Dahl laug då dei framstilte det dei meinte var typisk norsk, altså den vakre naturen, men dei pynta nok litt på verkelegheita.

Ikkje berre idyll

Noreg er jo eit vakkert land, men Noreg på 1800-talet var langt frå berre idyll. På landsbygda var det skitent, lukta vondt, var knapt om mat, og det var langt mellom bønder i bunad. Dessutan handla kunsten og litteraturen i lita grad om livet i byen, der det var svolt, tronge leilegheiter og utbreidd prostitusjon.

Reaksjonen

Det var dette utvalet av motiv mange av dei realistiske forfattarane og målarane reagerte på. Dei ønskte å vise at livet i Noreg ikkje berre var vakker natur. Dermed måla Christian Krogh fattige, svoltne menneske med slitne klede i Christiania i staden for vakre budeier i nasjonaldrakt. Også forfattarane endra tema og skrivestil.

Tendenslitteratur

Dei realistiske forfattarane ønskte nemleg å bruke litteraturen til å delta i samfunnsdebatten. Slike verk, som tek opp problem i samfunnet, kallar vi tendenslitteratur. Målet til mange av forfattarane mot slutten av 1800-talet blei dermed ikkje å hylle Noreg, slik romantikarane hadde gjort, men å fremje ideal som fridom og sanning.

Årsak 2: Sosiale forhold i Noreg

Eit klassesamfunn

Etter 1850 utvikla klassesamfunnet seg. Den viktigaste årsaka var at Noreg blei industrialisert, og det voks fram ein arbeidarklasse, ein middelklasse og ein overklasse.

Ei anna følgje av industrialiseringa var urbanisering, altså at mange flytta frå landsbygda til byane. I byane kunne unge menneske finne jobb på fabrikkar, men arbeidslivet her var langt frå nokon dans på roser. Det var både lange arbeidsdagar og dårleg løn.

For dei som blei igjen på bygda, var det ikkje slik at livet stort sett bestod av turar på fjorden i nasjonaldrakt. Sanninga var at det ofte var matmangel, barnedød og sjukdom som prega kvardagen.

Dette skildra ikkje nasjonalromantikarane. Og det var denne delen av verkelegheita realistane ønskte å vise for det norske folket.

Kvinner sine kår

Svært mykje av den realistiske litteraturen handla om forholdet mellom kjønna. I motsetning til i dag var kvinner umyndige. Det vil seie at dei ikkje hadde rett til å styre eigen økonomi. Dermed var det slik at far styrte økonomien i familien. Når ei kvinne blei gammal nok til å gifte seg, var det mannen som overtok ansvaret for henne.

For den borgarlege, gifte kvinna var livet ofte ganske hendingslaust. I dag er det sjølvsagt at unge kvinner anten tek utdanning eller ein jobb når dei flyttar heimanfrå.

Unge kvinner i borgarskapet på 1800-talet flytta gjerne frå heimen og inn i eit tilvære som ikkje utfordra dei mentalt. I eit intervju med ei borgarleg, gift kvinne skildrar intervjuobjektet livet på denne måten:

De unge pikene i kondisjonerte familier skulle helst bare spasere, brodere og gjøre visitter – og de holdt på å kjede seg fordervet: "Du gode Gud, hvor vi broderte!" utbrøt en gammel dame da hun fikk spørsmål om hvordan de fikk tiden til å gå. (Skaarer, 2013).

Noko annleis var livet for kvinnene i arbeidarklassen. Heller ikkje dei var myndige, men dei jobba for å tene nok pengar til familien. Lover om likeløn fanst ikkje, så løna til kvinna var ofte halvparten av mannen si. Dessutan fekk kvinnene mange barn, og kombinasjonen lange arbeidsdagar og sju–åtte barn sleit nok på kvinnekroppen.

Prostitusjon var eit relativt vanleg yrke for kvinnene frå arbeidarklassen. Sex utanfor ekteskapet var faktisk forbode av kriminallova i 1842, men om ein mann oppsøkte ei prostituert kvinne, kunne berre kvinna bli straffa. (Sørensen, 2018)

Altså...

Det var nok å ta tak i av problem for dei norske forfattarane på 1800-talet. I tillegg til fattigdom og undertrykking av kvinner skreiv dei òg om religiøs dobbeltmoral og hykleri i forretningslivet.

Årsak 3: Idéhistoriske årsaker

Ei tredje årsak til at norske forfattarar skreiv samfunnskritisk litteratur som stilte spørsmål ved gjeldande moral og reglar, var at dei las nye tankar frå utanlandske filosofar og vitskapsmenn.

Dei nye tankane frå utlandet sette spørsmål ved etablerte sanningar. Dei utfordra kyrkja og autoritetar i samfunnet. I staden for at kyrkja og konservative krefter skulle ha ein moralsk fasit, kan vi sjå at dei nye var prega av naturvitskapane og ei verdsleggjering av samfunnet. Verdsleggjering betyr det same som sekularisering, som vil seie at det ikkje lenger er kyrkja og religionen som speler hovudrolla i eit samfunn, men vitskap og individualisme.

Dette inspirerte norske forfattarar til å skrive om søken etter lykke, sanning og individet sine kår. Dobbeltmoralen, hykleriet og maktmisbruken skulle fram i lyset!

Årsak 4: Påverknad frå utanlandsk litteratur

Det at en litteratur lever, viser seg i at den setter problemer under debatt. (Brandes, 1871)

Dette var den danske litteraturkritikaren Georg Brandes sine ord. Han etterlyste ein nordisk litteratur som tok opp samfunnsproblem slik det blei gjort i utlandet.

Brandes haldt ei rekkje foredrag i Noreg og blei ein omstridd figur. Dei konservative mislikte foredraga hans, medan dei radikale forguda han. Framfor alt inspirerte han store norske forfattarar som Henrik Ibsen og Alexander Kielland til å skrive ny problemorientert litteratur.

Kven var så desse utanlandske forfattarane Brandes beundra og ønskte at norske forfattarar skulle etterlikne? Vi kan sjå på eit lite utval:

Honoré de Balzac

Honoré de Balzac var ein fransk forfattar som sette samfunnsproblem under debatt. Han er aller mest kjend for å ha skrive Eugénie Grandet, (1833), eit verk som handlar om korleis grådigheit og maktkamp pregar menneska i ein småby. Skrivestilen hans er typisk realistisk med detaljerte miljøskildringar. Desse detaljerte skildringane gir inntrykk av å etterlikne verkelegheita, noko som etter kvart blei målet for realistane på 1800-talet.

Charles Flaubert

Også Charles Flaubert var fransk. Den mest kjende romanen hans var Madame Bovary (1857). Akkurat som Honoré de Balzac streva han etter å skape verkeligheitsnære skildringar ved å skildre personar og miljø detaljert. Hovudpersonen i romanen, madame Bovary, lever i eit ekteskap med ein mann som kjedar henne. Ho drøymer seg bort frå det heile, men romanen endar i tragedie.

George Sand

I motsetning til dei kvinnelege forfattarkollegaene sine skreiv ikkje George Sand berre kjærleiksromanar. Ho stilte spørsmål ved sosiale forhold i heimlandet Frankrike, og ho viste korleis kvinner kunne kjenne på ekteskapet som eit fengsel. Måten ho skreiv om forskjellen mellom kjønna på, var eit tema Brandes etterlyste hos nordiske forfattarar.

Betyding

Vi veit ikkje akkurat kva for nokre filosofar, vitskapsmenn og forfattarar dei norske realistiske forfattarane las. Men vi veit at Georg Brandes, som vidareformidla dei nye idéane frå Europa, fekk stor innverknad på kulturlivet i Noreg på 1870-og 80-talet. Vi kan nok rekne med at dei største forfattarane våre var oppdaterte og leste den litteraturen Brandes talte så engasjert om.


Kjelder

Brandes, G. (1871). Hovedstrømdrag i det nittende Aarhundredes litteratur.

Hansen, M. (1819). "Luren" frå Skisserende nationale Fortellinger. Henta frå https://www.skandinavistik.uni-freiburg.dei/Members/Anz/LVS/Kolloquium/Hansen

Lønnå, E. Kvinners rettigheter i Norge fra 1814 til 1913 i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. august 2021 frå https://snl.no/kvinners_rettigheter_i_norge_fra_1814_til_1913

Myhre, J.A. (2015). Levekår og dagligliv, Norgeshistorie. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/bygging-av-stat-og-nasjon/1402-levekar-og-dagligliv.html

Skaarer Å.C. og Kåss I.W. (2013). Kvinneidealet på 1800-talet. Kvinnehistorie.no. Henta frå https://www.kvinnehistorie.no/artikkel/t-901

Sørensen, Ø. (2018). Prostitusjon i 1880-åra. Norgeshistorie.no. Henta 25. aug. 2021 frå https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1558_prostitusjon-i-1880-arene.html.