Hopp til innhald

Fagstoff

Garborg – ein europear frå Jæren

Forfattaren Arne Garborg var oppteken av fattigfolk og kvinner sine rettar, kjempa for naturen og mot dobbeltmoral og religiøs fanatisme. Tankane hans var føre si tid. Her skal vi sjå nærare på europearen og kvinnesaksmannen Garborg.
Portrett av ein sitjande Arne Garborg. Han har på seg dress, skjorte og slips og har eit undrande blikk. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visjonæren Garborg

Arne Garborg var diktar, journalist, kritikar og essayist. Han var ein av dei viktigaste forfattarane i samtida si og spelte ei sentral rolle i kultur- og samfunnsdebatten i 1880- og 1890-åra. Målet hans var heile tida å modernisere det norske samfunnet, og han hadde tankar og visjonar om korleis vanlege folk skulle få kunnskap og politisk påverknadskraft i eit samfunn i endring. Han var oppteken av fridom og sjølvstende for både individ og nasjon.

Ein liberal forfattar

Meiningane til Garborg var radikale i samtida, og romanane og debattinnlegga hans førte mellom anna til at han mista stillinga som statsrevisor. Det liberale synet hans på ekteskapet og skildringa av prostituerte og fattigfolk var til dømes noko som opprørte mange. Rektoren på Kristiansand katedralskole brann Garborgs roman Mannfolk på bålet, for han ville ikkje at elevane skulle utsetjast for slikt "svineri".

Naturalisten Garborg

Garborg skildra livet til bønder, fattigfolk og prostituerte, slik naturalistiske forfattarar i tida gjorde – det var detaljerte skildringar av elende. Samtidig viste han òg kjærleik for dei små og utstøytte i samfunnet. I 1876 skreiv Garborg ei melding av Henrik Ibsens Peer Gynt der han kritiserte forfattaren. Han meinte at Ibsens karakterar verka kalde, og det var fordi han ikkje kjende "folket frå hjartesida".

Europearen og nasjonsbyggjaren Garborg

Sjølv om Garborgs tekstar ikkje blei like godt motteke av alle, var han ein respektert forfattar og samfunnsdebattant i samtida si, også i Europa. Han reiste mykje, las utanlandske forfattarar og skreiv òg tekstar som blei gitt ut i europeiske aviser. Politikarar og intellektuelle følgde med på og las det han skreiv. Garborg blei sjølvsagt òg sjølv påverka av dei nye straumdraga i Europa.

Garborg var oppteken av europeisk politikk, kultur, religion og filosofi, samtidig som han var oppteken av korleis vi skulle byggje landet vårt og kulturen vår. Han var langt føre si tid då han skreiv om at vi måtte hente impulsar òg utanfor landegrensene:

Å laga ein serskilt nordmannskultur vilde ikkje vera å gjera oss meir norske, det vilde vera å gjera oss meir dumme, og me vilde mindre og mindre kunna vera med i det store kappstræv millom nasjonarne.

Språkmann og nasjonsbyggjar

Garborg var særskilt oppteken av at språket var viktig i nasjonsbygginga. Han brukte landsmålet når han skreiv eigne tekstar, men òg då han omsette fleire verk frå verdslitteraturen. Etter hans meining burde det vere samsvar mellom korleis folk snakka og korleis dei skreiv. Det var både meir sosialt og pedagogisk rett når målet var autentisk med nasjonal kultur og identitet, meinte han. Garborg ønskte at kvart individ skulle få fridom og vere med på å forme denne nasjonale identiteten. Då var det viktig at folk kunne tileigne seg kunnskap gjennom eit språk dei kjende og forstod.

Statue av forfattaren Arne Garborg på Knudaheio. Flatt landskap på Jæren. Ansiktet er hogd i stein, sett i profil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvinnesaksforkjemparen Garborg

Fridommen til individet var ein grunntanke som prega det meste Garborg gjorde. Som romanforfattar skildra Garborg emne som det tidlegare hadde vore tabu å skrive om, til dømes seksualitet og prostitusjon. Han ville vise korleis moralnormene, ekteskapsordninga og dei økonomiske forholda i samfunnet øydela for kjærleik og samliv og førte til sedløyse.

Garborg blei påverka av både Ibsen og Bjørnson, men gjekk etter kvart over til å kritisere tekstane og prosjekta deira. For mens Ibsen skreiv om hykleriet til borgarskapet, var Garborg særleg oppteken av ufridommen til arbeidsfolk, og spesielt tenestekvinner og prostituerte. Han peika på korleis kvinner sin økonomiske situasjon og mangelen på røysterett gjorde dei avhengige av menn. Ekteskapet blei berre ein "næringsveg" for kvinner. Han kritiserte òg Bjørnsons , som kravde at både kvinner og menn skulle vere seksuelt fråhaldne fram til dei gifta seg.

Mannfolk

I romanen Mannfolk problematiserer Garborg ekteskapet som institusjon. Ein av karakterane i romanen, Georg Jonathan, drøymer om eit frivillig og likeverdig kjærleiksforhold med tenestejenta Julie.

Utdrag frå romanen Mannfolk (1886)

Ho skulle vera sjølvstendig, liksom han var sjølvstendig. Det var det som skjemde ut dei fleste samliv, at for kvinna skulle ekteskapen mest alltid vera næringsveg.

[...]

Kjære, ver modig! bad han. Lat os vera modige, Julie! Det ville vera vondt, om me svikta. Eg ser på flokken av dei som gifter seg; fyrst narrar dei kvarandre med draumar og store ord: dei skal elske æveleg, dei skal – å! – og når draumen brest, so gjeng dei sidan og piner livet av kvarandre med skuldingar og klagemål; so er det spilt liv; og so er dei svikne, og kva det er alt. Kvi skal me vera med på slikt, Julie? Me lever trygge på draumen vår so lenge han held; og kan hende held han livet ut. Men slitnar han for oss, so gjeng me kvar til sitt, frie som før, og gjev kvarandre ein kyss til takk for dansen.

Rettskrivinga i utdraget er modernisert.

Men draumen om eit fritt og likestilt samliv utanfor ekteskapet lèt seg ikkje realisere. Alt folkesnakket gjer at Julie pressar på om at dei må gifte seg, og det endar slik Georg Jonathan føresåg: Glansen gjekk av Julie, og han kom til å elske henne "pent, lidenskaplaust og pliktmessig".

Arven etter Garborg

Arne Garborg var altså ein føregangsmann på mange område. Gjennom sakprosa, romanar og noveller, skodespel og dikt sette han viktige saker på dagsordenen, som religion, likestilling, klasseforskjellar og det frie mennesket. Han blei òg ei viktig stemme for målrørsla og for nasjonsbygginga.

Sjølv om Garborg ikkje blir lesen like ofte som Ibsen og Bjørnson, har han hatt minst like stor innverknad på utviklinga av det moderne norske samfunnet. Arven frå Garborg og dei andre forfattarane i perioden vi kallar "det moderne gjennombrotet" er mellom anna at vi lever i eit demokratisk land der alle har røysterett. Vidare har vi eit samfunn med små klasseforskjellar, der du kan gifte deg med den du elskar og skilje deg igjen om du vil. Garborg har òg noko av æra for at vi har eit levande nynorsk skriftspråk.

CC BY-NCSkrive av Marthe Johanne Moe og Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme