Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Et dukkehjem før og no

Kvifor skreiv Henrik Ibsen det verdskjende dramaet Et dukkehjem? I denne oppgåva skal du både utforske konteksten til dramaet, lese eit utdrag og øve på å skrive akademisk. I tillegg skal de diskutere ein moderne dansk versjon av Ibsens skodespel.

Del 1: Kontekst

For å forstå kvifor Henrik Ibsen skreiv Et dukkehjem, er det nyttig å vite litt om konteksten til stykket. Vi skal derfor sjå på

  • samfunnsforhold på 1800-talet

  • korleis Ibsen blei påverka av personar frå eiga samtid, som

    • Camilla Collett

    • Laura Kieler

    • Georg Brandes

    • Susanna Ibsen

    • J.S. Mill

    • Bjørnstjerne Bjørnson

A) Samfunnsforhold på 1800-talet

Sjå videoen om Camilla Colletts liv over og svar på kva han seier om

  • forskjellar i rettar i lovverket mellom kvinner og menn på 1800-talet

  • korleis kvinnene i borgarskapet levde

  • kva som avgrensa kvinners fridom og sjølvstende på 1800-talet

B) Korleis blei Ibsen påverka av andre?

Les teksten "Bakgrunnen for Et dukkehjem" av Vigdis Ystad. Målet er at du skal forstå korleis desse personane kan ha påverka Ibsen til å skrive eit drama om Noras veg til sjølvstende:

  • Camilla Collett

  • Laura Kieler

  • Georg Brandes

  • Susanna Ibsen

  • J.S. Mill

  • Bjørnstjerne Bjørnson

Her er eit forslag til korleis de kan løyse oppgåva:

  1. Ha namna framfor deg i eit dokument eller på eit ark. Medan du les, skal du skrive ned korleis personane påverka Ibsen ved sida av namna.

  2. Sit i grupper. Legg vekk det de har notert og fortel kvarandre munnleg korleis dei seks personane over kan ha påverka Henrik Ibsen.


Del 2: Innføring i Et dukkehjem

De skal lese dei siste sidene i dramaet. Men kva er det som har skjedd på dei første sidene? Sjå filmen under for ei innføring i kva som skaper konflikten mellom Nora Helmer og ektemannen Thorvald:

Del 3: Les Et dukkehjem

Sit saman i par. Ein av dykk speler rolla som Helmer, den andre rolla som Nora. De finn eit modernisert utdrag av siste del av stykket på Norgeshistorie.

  1. Les stykket høgt i para.

  2. Samarbeid om å markere alle sitat som

    • forklarer kvifor Nora dreg

    • viser at Thorvald ser på Nora som eit lite barn, ikkje eit vakse og sjølvstendig menneske

Del 4: Diskuter teksten

Diskuter funna de gjorde i del 3b i plenum. Ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

  1. Korleis viser sitat frå dette utdraget at Nora har rett i at ho blir behandla som ei dokke?

  2. Korleis viser dette utdraget at Ibsen var inspirert av typiske opplysningsidéar som individualisme, fridom og lykke?

Del 5: Skriv om teksten

No skal du øve deg på å skrive to avsnitt om Et dukkehjem. Målet med denne oppgåva er å

  • øve på å bruke sitat for å grunngi påstandane dine

  • øve på å bake sitat elegant inn i teksten din

  • øve på å vise til forsking på korrekt måte

Du skal skrive to avsnitt:

  1. Det første avsnittet skal handle om kva som er temaet i Et dukkehjem. Her er det viktig at du grunngir påstandane dine ved å bruke sitat frå utdraget.

  2. Det andre avsnittet skal handle om kva og kven som inspirerte Henrik Ibsen til å skrive Et dukkehjem. I dette avsnittet skal du

    • vise korleis samfunnsforholda på 1800-talet er ei årsak til at Ibsen skreiv stykket

    • bruke Vigdis Ystads artikkel til å vise korleis ulike personar kan ha inspirert Ibsen

Hjelp til skriveoppgåva

Vedlagt finn du ein modelltekst som kan hjelpe deg til å skrive gode avsnitt. I presentasjonen under finn du forklaringar til modellteksten som viser deg kva som skaper flyt i teksten, og korleis du bruker sitat og kjelder rett.

Filer

Del 6: Ein moderne kortfilm om Nora

A doll's house av den danske regissøren Tobias Gundorff Boesen er ei modernisering av Ibsens skodespel.

Diskuter i grupper:

  1. Korleis blir Henrik Ibsens tema i Et dukkehjem aktualisert i denne kortfilmen?

  2. I Ibsens Et dukkehjem møter vi aldri Helmer og Noras barn. Kva funksjon har dottera i kortfilmen?

  3. I filmomtalen står det: "Filmen er en moderne parafrase over Henrik Ibsens klassiske historie om Nora og Helmer – en historie, der set i lyset af vores moderne præstationssamfund har fået ny betydning." (Ekkofilm, u.å.). Kva kan det bety? Er de einige i denne omtalen av filmen?

Kjelder

Ekkofilm (u.å). Et dukkehjem. Henta frå https://www.ekkofilm.dk/shortlist/film/et-dukkehjem/

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme