Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis skaper Ibsen realisme i Gjengangere?

Korleis bidreg dramaturgien og replikkane i Gjengangere til å skape realisme? Og kva skjuler seg eigentleg bak scenetilvisingane i stykket?

Oppgåve 1

Illustrasjon av handlinga i første akt i Gjengangere. Øvst i biletet står fem karakterar som er med i handlinga. Midt i bildet er det ei pil mot høgre. Over pila står fem punkt frå notida, somme av dei er knytte til fortida under pila. Del 1: Regine og snikkar Engstrand snakkar saman. Del 2: Pastor Manders kjem. Han diskuterer bøker og asyl med fru Alving. Del 3: Osvald står opp. Han og pastoren diskuterer sambuarskap. I denne delen blir Osvalds minne om faren og pipa nemnt, og eit skjelett fell ut av skapet. Del 4: Osvald forlèt stova, og fru Alving og pastor Manders diskuterer. I denne delen fell tre skjelett ut av skapet. Del 5: Osvald og Regine flørtar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Retrospektiv teknikk – skjeletta ut av skapet

Jobb i par:

  1. Studer illustrasjonen av første akt (over). Forstår de denne?

  2. Illustrasjonen skal vise dramaturgien i første akt. Han viser at Henrik Ibsen bruker retrospektiv teknikk. Kva kan dette omgrepet bety?
  3. Kvifor er det fire skjelett i illustrasjonen?

I plenum:

Diskuter svara på spørsmåla over. Sikre at alle forstår kva retrospektiv metode er.

Jobb i par igjen:

  1. Kva fire avsløringar frå fortida skal dei fire skjeletta representere? Les del fire i første akt, etter at Osvald forlèt stova, og fru Alving og pastor Manders diskuterer, for å finne ut av dette. Første akt kan de finne i Gengangere på bokselskap.no

  2. Illustrer andre og tredje akt slik det er gjort over. De skal ikkje teikne skjelett, men skrive ned avsløringar som kjem, slik det er gjort i den oransje sirkelen.

  3. Kva funksjon har desse "skjeletta" som fell ut av skapet for handlinga på notidsplanet? Sjå på desse spørsmåla:

    • Korleis påverkar dei forholdet mellom pastor Manders og fru Alving?

    • Korleis endrar det pastor Manders' syn på kammerherre Alving og Asylet?

    • Korleis endrar det Regines syn på seg sjølv og Osvald i siste akt?

    • Korleis endrar det synet til lesaren på forholdet mellom Regine og Osvald?

    • Korleis endrar det fru Alvings syn på seg sjølv?

Del 2: Retrospektiv teknikk og realisme

Notidshandlinga i Gjengangere går over berre eitt døgn, men i løpet av dette døgnet skjer det så mykje, at livet til fem personar blir volte om. Korleis klarer Ibsen å få til dette på så kort tid?

Diskuter:

  • Korleis bidreg den retrospektive teknikken til å skape realisme? Med andre ord: Kvifor trur de Henrik Ibsen bruker denne teknikken for å gi publikum inntrykk av at det som skjer på scenen, er verkeleg?

Oppgåve 2. Replikkar som skaper realisme

Replikkane til karakterane viser at Ibsen ønskjer størst mogleg preg av realisme i stykket. Det vil seie at personane på scenen skulle snakke slik dei ville gjort om publikum møtte dei utanfor teatersalen.

Finn døme på replikkar som viser at

  • Regine Engstrand er frå underklassen, men søkjer seg mot overklassen

  • snikkar Engstrand er frå underklassen

  • pastor Manders er ein konservativ prest

  • Osvald er ein radikal kunstnar

Tips

Regine: Sjå korleis Regine snakkar med far sin, og korleis ho snakkar med pastor Manders i første akt.

Snikkar Engstrand: Kva for nokre munnlege uttrykk bruker snekker Engstrand i samtalen med Regine i første akt?

Pastor Manders: Ta eit ordsøk på ordet "gud" (ctrl + F) i første og andre akt i Gengangere på bokselskap.no.

Oppgåve 3. Realistiske scenetilvisingar

Ei borgarleg møblert stove med skikkelsar kledde i svart som beveger seg rundt omkring. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer scenetilvisingane under. Korleis skal desse gi inntrykk av at publikum ser rett inn i ein ekte borgarleg heim og møter verkelege personar?

Innleiing til første akt:

(En rummelig havestue med dør på den venstre sidevæg og to døre på væggen til højre. I midten af stuen et rundt bord med stole omkring; på bordet ligger bøger, tidsskrifter og aviser. I forgrunden tilvenstre et vindu, og ved samme en liden sofa med et sybord foran. I baggrunden fortsættes stuen i et åbent noget smalere blomsterværelse, der er lukket udad af glasvægge og store ruder. På blomsterværelsets sidevæg tilhøjre er en dør, som fører ned til haven. Gennem glasvæggen skimtes et dystert fjordlandskab, sløret af en jævn regn.)

Presentasjon av Snekker Engstrand

(Snedker Engstrand står oppe ved havedøren. Hans venstre ben er noget krumt; under støvlesålen har han en træklods.)

Presentasjon av pastor Manders

(Pastor Manders, i overfrakke og med paraply, samt med en liden rejsetaske i en rem over skuldren, kommer gennem havedøren ind i blomsterværelset.)

Oppgåve 4. Skriv eller dramatiser realismen i Gjengangere

I denne oppgåva kan de velje om de vil skrive akademisk eller lage ei framføring.

Alternativ 1: Skriv akademisk

Skriv tre avsnitt om korleis Henrik Ibsen skaper realisme i Gjengangere. Under ser du temasetninga i kvart avsnitt. Oppgåva di blir å skrive vidare på desse avsnitta. Hugs å berre skrive om eitt moment i kvart avsnitt!

  1. I Gjengangere bruker Henrik Ibsen retrospektiv teknikk ...

  2. Eit anna verkemiddel som skal skape realisme, er attkjennande replikkar ...

  3. Også scenetilvisingane bidreg til realismen ...

Alternativ 2: Lag eit moderne realistisk drama

Gå saman i grupper. Lag ein moderne versjon av Gjengangere. På 1800-talet høyrde Fru Alving til borgarskapet. I dag ville vi kanskje plassert henne i øvre middelklasse eller blant dei rike.

Målet er at de skal klare å skape realisme. Bruk desse verkemidla:

  1. Lag ei scenetilvising. Sidan de sannsynlegvis ikkje har rekvisittar tilgjengelege, skal de skrive om eller teikne korleis stova i ein typisk norsk heim med nok av pengar ser ut.

  2. Lag karakterar som er typiske for den øvre middelklassen/dei rike. Nokon idéar kan vere vaskehjelp, au pair, ei velkledd kvinne ... Bruk fantasien!

  3. Pass på at replikkane er typiske for karakterane de lagar. Det vi seie at de må bruke sosiolekt/dialekt/aksent/slang for at dei skal verke realistiske.

Framfør gjerne framfor klassen!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme