Hopp til innhald

Fagstoff

Naturalismen

Naturalismen som litterær retning oppstod i Frankrike omkring 1870. I Noreg finn vi litteratur med naturalistiske trekk etter 1880. Naturalismen har fellestrekk med den kritiske realismen, som fokus på urett og overgrep og idealet om ei realistisk framstillingsform.
Måleriet "En Bondebegravelse". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturalismen er ei utvikling av realismen

Realismen og naturalismen er ikkje to ulike periodar i litteraturhistoria. Vi kan heller sjå på naturalismen som ei utvikling av realismen. Forfattarane som skreiv naturalistiske tekstar, hadde nemleg same mål som realistane: Dei ønskte å bruke litteraturen til å setje problem under debatt. Tekstane dei gav ut var altså, til liks med realistane sine, samfunnskritiske.

Kva skil naturalismen frå realismen?

Sjølv om dei realistiske og naturalistiske forfattarane hadde same mål, var det nokre forskjellar både i skrivestil, innhald og inspirasjonskjelder.

Determinisme

Hos dei naturalistiske forfattarane finn vi ikkje den same optimismen og trua på at forandring er mogleg gjennom opplysing. Naturalistane såg på mennesket som eit produkt av arv og miljø, eit "tenkjande dyr" som blir forma av nedarva eigenskapar og av omgivnadene det lever i. Dette kallar vi determinisme: Mennesket sin skjebne er bestemt på førehand.

Ein naturalistisk forfattar ville til dømes ikkje late Nora Helmer ta skjebnen i eigne hender og forlate mannen sin slik Henrik Ibsen lèt henne gjere i dramaet Et dukkehjem (1879). Ibsen lèt Nora forlate mann og barn for å leve eit liv i tråd med eigne ideal. Slik lèt han lesaren tru på at forandring og frigjering er mogleg.

Oline frå sagaen om Hellemyrsfolket. Kvinne sit på ei mark og drikk noko med alkoholhaldig innhald frå ei flaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For naturalistane var eit slikt fritt val umogleg. Eit godt døme på ein karakter som er eit produkt av arv og miljø, er Oline i Amalie Skram (1846–1905) sin romansyklus Hellemyrsfolket (1887–98). Oline, som har levd eit hardt liv prega av alkoholisme, får aldri nokon ny start. Tvert om: Når sonen Vesle-Gabriel døyr, dregst òg mannen hennar, Sjur Gabriel, inn i det same elendet. Den berømte avslutninga i romanen er: "Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren".

Fattige miljø

Medan dei kritiske realistane skreiv om og for borgarskapet, fekk òg andre samfunnsgrupper ei stemme i den naturalistiske litteraturen. Alkoholikarar, prostituerte og andre representantar for dei lågaste samfunnslaga blei hovudpersonar i ein litteratur. Ein typisk representant for ein av desse karakterane kan vere den gamle Oline, "Småfylla". Skram skildrar henne slik i andre bok i romanserien To venner (1887):

Hun var så spinkel og bitte liten at hun på avstand så ut som et barn. Først når man kom nærmere, oppdaget man at det var en gammel kone. Ryggen var bøyd i hoftene og stod forover i en skrå linje. I det grågustne, flate ansiktet satt den røde nesen som en svullen klump. Underleppen hang ned på haken og syntes å være for tung til å kunne løftes opp på sin naturlige plass. Midt i undermunnen stod to høye, smale tenner som hadde vokst skjevt ut til sidene med et tomt rom i mellom seg. Andre tenner såes ikke. De små øyne uten bryn lyste med en rødlig blankhet som minnet om slitte kobberskillinger. (Skram, 1887)

Råare og meir detaljert enn realismen

Realistane ønskte å skrive detaljert og avbilde verkelegheita på ein naturtru måte. Naturalistane gjekk endå lengre og kan sjåast på som ei råare utgåve av realismen. Forfattarane veik ikkje tilbake for å skildre òg dei stygge sidene ved livet, og det på ein nærast dissekerande måte. Verkelegheita til naturalismen er detaljert, rå og usminka. Til og med i dag kan vi reagere på den naturalistiske forfattaren Émile Zolas skildring av ein død kropp i ein likkjellar i Paris i romanen Thérèse Raquin (1867) :

Camille var motbydelig å se på. Han hadde ligget fjorten dager i vannet. Ansiktet hans så ennå ganske fast ut. (...) Håret var klistret fast til tinningene, øyelokkene var trukket opp og blottet de gustne øyesteinene, de sønderbitte forvridde leppene så ut som de smilte hånlig, og litt av den svarte tungen stakk fram mellom de hvite tennene. Kroppen lignet en dynge kjøtt i oppløsning (...). (Zola, 1867)

Legg merke til at skildringa av liket er så nøyaktig, at motivet kan likne eit fotografi. Naturalistane ønskte, som realistane, at litteraturen skulle etterlikne verkelegheita, men dei gjekk endå lengre i detaljrikdom for å få til dette. Romanen blei den føretrekte sjangeren til naturalistane, då han eigna seg til å framstille og dvele ved detaljane.

Seksualitet og samfunnet sitt syn på seksualiteten blei òg eit vanleg tema i naturalismen. Dette skreiv realistane i lita grad om. Også dette kan vi sjå på som ei vidareføring og ei råare utgåve av litteraturen til realistane generelt og kvinnekampen spesielt.

Portrettfoto av Amalie Skram. Foto.

Amalie Skram er kjend for ekteskapsromanane sine. Her tek ho mellom anna opp seksualmoralen. Samfunnet godtok på denne tida at menn hadde seksuell erfaring før ekteskapet, medan det nærast var umogleg for ei kvinne å bli godt gift om ho ikkje var jomfru.

I romanen Forrådt (1892) skriv Amalie Skram om Aurora, også kalla Ory. 17 år gammal blir ho gifta bort til den langt eldre kapteinen Rieber, som ho på ein litt barnsleg måte beundrar og synest godt om. På bryllaupsnatta blir ho kasta ut i ei for henne heilt ukjend verd. Ho kjenner seg forrådd av si eiga mor som ikkje har førebudd henne på kva samvær mellom ektefellar inneber. Og når ho får vite at ektemannen har hatt eit aktivt seksualliv – primært med prostituerte kvinner – før han gifta seg med henne, kjenner ho seg dobbelt forrådd.

Arne Garborg (1851–1924) er ein annan sentral naturalistisk forfattar. I romanen Mannfolk (1886) tek han opp same tematikk som Skram – nemleg korleis dei ulike seksualnormene i samfunnet for kvinner og menn hindrar likeverdige kjærleiksforhold.

Kvifor skreiv naturalistane slik?

Årsakene til at naturalistane skreiv som dei gjorde, var naturlegvis at dei, som realistane, ønskte å bruke den litterære stemma si til å engasjere og kritisere. Men kvifor skreiv dei endå meir detaljert og råare enn realistane? Og kvifor viste mange av dei eit deterministisk livssyn?

Positivismen

Positivismen inspirerte naturalistane til å skrive slik dei gjorde. Positivisme er ei filosofisk retning som berre anerkjenner sansing som grunnlag for kunnskap. Det vil seie at om noko skal godtakast som sanne fakta, må det kunne observerast. Dette er ei av dei viktigaste årsakene til at naturalistane skreiv så detaljert og strevde etter ei objektiv framstilling av verkelegheita. Dei ønskte å skrive slik vitskapsmenn forska, og då kunne dei ikkje servere lesarane sanninga i fanget. Lesarane måtte observere henne sjølv.

Émile Zola

Portrettfoto av Émile Zola.

Det var franskmannen Émile Zola som gav naturalismen namnet sitt. Zola meinte at det var den naturalistiske forfattaren si oppgåve å vise fram og lære lesarane sine det som var gale i samfunnet. Realistane hadde, ifølgje Zola, langt i frå gått langt nok i å peike på skuggesidene i samfunnet.

Men det var ikkje oppgåva til forfattaren å fortelje lesaren kva som var gale. Målet var å beskrive lidinga så kjølig og nøkternt som mogleg, akkurat slik vitskapsfolk gjekk objektivt til verks når dei forska. Lesaren måtte sjølv tenkje, dømme og trekkje slutningane sine om korleis skjebnen til karakterane kunne forandrast.

Hippolyte Taine

Émile Zola var inspirert av moderne naturvitskap og filosofi. Vi kan særleg nemne Hippolyte Taine, ein fransk filosof og historikar. Han meinte at positivistiske forskingsmetodar måtte brukast òg i litteraturfaget. Taine meinte at mennesket var eit produkt av arv og miljø, og at kunsten måtte reflektere dette.

Kritikk av naturalismen

Émile Zolas litterære program blei kjend i Norden. Georg Brandes, mannen som i stor grad inspirerte Ibsen og andre norske forfattarar til å "setje problem under debatt", var oppteken av Zola og naturalismen. Det er liten tvil om at alle dei kjende norske forfattarane kjende til idéane hans, men vi veit ikkje om dei las litteraturen hans.

Faktisk skreiv vår meste kjende naturalist, Amalie Skram, i eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson at "fransk litteratur kjeder meg" (Bjerkelund, 1989, s. 41). Ho hevda òg at ho ikkje hadde lese noko av Zola før ho skreiv dei første verka som blir rekna som naturalistiske. Men at ho kjende til dei radikale idéane hans, er det nok liten tvil om.

Henrik Ibsen ville heller ikkje anerkjenne Zolas naturalisme. Då han gav ut Gjengangere (1881), meinte ein del kritikarar at dramaet var naturalistisk i og med at det handla om arv, miljø og determinisme. Til det blir det sagt at Ibsen svarte:

Zola stiger ned i kloakken for å ta seg et bad, jeg for å rense den. (Knudsen, J. 1988, s. 91)


Kjelder

Bjerkelund, R. (1989), Amalie Skram – dansk borger, norsk forfatter. Oslo. Aschehoug. Henta frå http://urn.nb.no/urn:NBN:no-nb_digibok_2013121806043.

Knudsen, J. (1988). Brandes G.: I modsigelsernes tegn Berlin 1877-83. København: Gyldendal.

Skram, A. (1887). Hellemyrsfolket, utdrag frå To venner. Oslo: Gyldendal. Henta frå https://www.bokklubben.no/slektsromaner/hellemyrsfolket-amalie-skram/produkt.do?produktId=3725350.

Zola, É (1974). Thérèse Raquin. Oslo: Gyldendal. (Originalverket gitt ut 1867.)


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme