Zola, Skram og naturalismen
Romanen Thérèse Raquin av franskmannen Émile Zola kom ut i 1867. Det blei gjennombrotet hans og handlar om både kjærleik, mord og skyldkjensle.
Boka startar med ei miljøskildring av nokre gater i Paris.
Les miljøskildringa i vedlegget
Beskriv stemninga i utdraget og kva kjensler det vekkjer i deg.
Strek under setningar og/eller ord som du synest skaper denne stemninga.
Samanlikn med andre i klassen: Har de beskrive stemninga med like ord?
Bruk fagomgrep for å forklare korleis Zola bruker språket til å vekkje kjensler i lesaren.
Når man kommer fra kaiene og går Guenegaudgaten helt ut, treffer man på Nybropassasjen, en slags trang og mørk gang som går fra Mazaringaten til Seinegaten.
Denne passasjen er ikke mer enn tretti skritt lang og to skritt bred; den er brolagt med gulnede, slitne og istykkerslåtte heller, som alltid er vemmelig fuktige og klebrige. Glasstaket som er over den, er svart av skitt.
På vakre sommerdager, når en glødende sol brenner gatene, bryter en hvitaktig lysning møysommelig gjennom de skitne rutene og når så vidt ned i passasjen. På riktig fæle vinterdager og når tåken ligger tett om morgenen, kaster rutene bare mørket i en natt nedover de klebrige hellene, et skittent og ufyselig mørke.
På venstre side finnes det noen mørke, lave og trange butikker som det står en kald likkjellergufs ut fra. De som holder til huse her, er folk som handler med brukte bøker, leketøy og alle slags ting av papp. Utstillingsvarene deres som er grå av støv, står liksom og sover inne i mørket, og alle har de fått et underlig grønnaktig skjær fra vindene med de små firkantede rutene. De mørke butikkene innenfor utstillingsmontrene virker som store uhyggelige hull, som noen underlige skikkelser av og til dukker opp fra.
(Zola, 1867/1974, s. 11)
Novella "Karens jul" av Amalie Skram handlar om ein politimanns møte med ei fattig, nybakt mor. Akkurat som Zola startar Skram teksten sin med ei miljøskildring. Her skal de lese eit kort utdrag frå siste del av denne miljøskildringa.
Les miljøskildringa i vedlegget
Kva stemning vekkjer utdraget i deg? Ulike delar av utdraget kan vekkje ulike kjensler. Marker dette.
Strek under ord og/eller setningar som vekkjer desse stemningane.
Samanlikn med andre i klassen: Har de beskrive stemninga med like ord?
Bruk fagomgrep for å forklare korleis Skram bruker språket til å vekkje kjensler i lesaren.
Så var det en vinternatt i desember måned oppunder jul. Det drev så smått med snø, men den smeltet mens den falt og gjorde den klebrige sørpen på kaiens brosteiner alt våtere og fetere. På gasslyktene og dampkranene lå snøen som et grålikhvitt, fintfrynset overtrekk, og kom man tett ned til skipene, kunne man skimte gjennom mørket at den hang i riggen som girlandere mellom mastene. I den mørkegrå, disige luften, fikk gassflammene i lyktene en skitten, branngul glans, mens skipslanternene lyste med et grumset-rødt skinn. Av og til skar den knallende lyden fra skipsklokkene med et brutalt gnelder gjennem den fuktige atmosfæren, når vakten om bord slo glass til avløsning. (Skram, 1892/2019)
Sit i grupper:
Samanlikn stemninga i utdraga.
Samanlikn ordbruken i utdraga.
Kva fagomgrep brukte de om dei språklege verkemidla i utdraga?
Bruker Zola og Skram same verkemiddel for å skape ei viss stemning? Finn døme og forklar korleis det er likt.
Romanen Thérèse Raquin er eit trekantdrama. Boka handlar om korleis Thérèse blir forelska i Laurent medan ho er ulykkeleg gift med Camille. Thérèse og Laurent druknar Camille, men Laurent plagast av dårleg samvit og er engsteleg for om dei eigentleg har klart å drepe han. Derfor besøkjer han Paris' likhus for å sjå om han kan finne liket.
Les utdraget "Laurent på likhuset"
Korleis vil du beskrive skildringa av liket i utdraget?
Korleis er ordvalet i skildringa? Kva stemning skaper dette ordvalet?
Kvifor trur du Zola har valt å skildre liket på denne måten?
Relatert innhald
Eit utdrag frå Émile Zolas Thérèse Raquin, som handlar om besøk på Paris' likhus.
Les skildringa av den døde Karen i "Karens jul"
Samanlikn skildringa av Karens og barnet sin død med skildringa av Camilles lik i Thérèse Raquin. Ser du nokon likskapar og/eller forskjellar?
Samanlikn med andre elevar i klassen og diskuter kva de meiner er forfattarane sitt mål med desse skildringane.
Relatert innhald
Diskuter i plenum:
Kva likskapar ser de mellom "Karens jul" og Thérèse Raquin?
Korleis skil skildringane i desse to tekstane seg frå det du har lese av realistar som til dømes Henrik Ibsen og Alexander Kielland?
Relatert innhald
Les fagartikkelen om naturalismen (over).
No skal du sjekke di eiga forståing av fagartikkelen om naturalismen og dei to litterære tekstane du har lese. Gjer det ved å skrive ein kort tekst om naturalismen. I teksten skal du ha med dei ufullstendige setningane under. Det blir din jobb å fullføre dei.
Det er ikkje lov å sjå på fagartikkelen om naturalismen medan du skriv, men du kan spørje medelevar om hjelp om du står fast:
Årsaka til at vi kallar naturalismen ei grein av realismen, er at ...
Realistane og naturalistane hadde same mål, nemleg å ...
Vi kan sjå på naturalismen som ei råare utgåve av realismen, fordi ...
Eit godt døme på denne råskapen ser vi i Thérèse Raquin av Zola. Han skriv om ... Når han skildrar lik, bruker han ... Målet er å ...
Amalie Skram er kanskje ikkje like grotesk i detaljane som Zola, men i "Karens jul" skildrar ho ... Skrivestilen er ...
Naturalistane valde å skrive om andre karakterar frå andre miljø enn realistane. Eksempelvis skildra naturalistane ..., medan realistane ...
Alt i alt kan vi seie at realistane og naturalistane ...
Samanlikn "Karens jul" med Jan Kristoffer Dales novelle "Arbeidsnever".
Relatert innhald
Jan Kristoffer Dales novelle "Arbeidsnever" handlar om livet i arbeidarklassen. I denne oppgåva skal du særleg øve på å bruke norskfaglige omgrep.
Skram, A. (2019). Karens jul. (Opphavleg gitt ut 1892). Henta frå https://www.norgeshistorie.no/kilder/industrialisering-og-demokrati/k1556-amalie-skram%e2%80%93Karens-jul.html
Zola, É (1974). Thérèse Raquin. Oslo: Gyldendal. (Originalverket gitt ut 1867.)