Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ibsens gåter i Gjengangere

No skal du lese nokre få utvalde sitat frå Gjengangere som er ganske gåtefulle. Klarer du å løyse gåtene?
Bilete av ei pipe med teksten "Ceci n'est pas une pipe" under. Måleri.

Del 1: Løys gåtene

Tips til lærar:
  • Vis først side 1 til heile klassen. La elevane jobbe heilt aleine først. Be dei lese sitata, deretter skrive ned det dei trur er svaret. Deretter kan dei samanlikne det dei har skrive.

  • Om veldig få skjønar nokon av gåtene, gå rundt og gi dei hint som "Kva er spesielt med gauken samanlikna med andre fuglar?", og "Kvifor blir fru Alving så engsteleg når Osvald snakkar om barndomsminne?"

Presentasjonen har to sider. Du vil berre sjå nokre sitat. Les desse og sjå om du klarer å sjå nokon samanheng. Kanskje går det opp eit lys for deg?

Viss du ikkje klarer gåta, kan du trykkje på spørsmålsknappen til høgre for å få hint.

Del 2: "Dette er ikke en pipe"

Relatert innhald

Kortversjon av "Dette er ikke en pipe" som lanserer ein spennande teori om kva pipa i Ibsens Gjengangere kan representere.

Jobb aleine:

Les den korte versjonen av artikkelen "Dette er ikke en pipe" av Frode Helland og Arnfinn Åslund (over).

  1. Kvifor meiner forskarane at Osvald ikkje blei smitta av syfilis ved å røykje av same pipe som far sin?

  2. Korleis argumenterer dei for at pipa er eit , og at Gjengangere har eit incestmotiv?

  3. Forskarane lanserer òg bevis for at det er pastor Manders som er Osvalds far. Korleis argumenterer dei for dette?

Diskuter:

Diskuter artikkelen "Dette er ikke en pipe":

  1. Synest de forskarane kjem med truverdige argument? Grunngi påstandane dykkar.

  2. Kva for nokre av desse påstandane er de mest einige i?

    • Eg trur Osvald har blitt utsett for incest av sin eigen far.

    • Eg trur pastor Manders er Osvalds far.

    • Eg trur ikkje noko av det forskarane seier, stemmer. Pipa er berre ei pipe, og kammerherre Alving er Osvalds far.

Del 3: Gåtefulle scenetilvisingar

Fru Alving, kledd i grønt, står inntil ein vegg og ser på skuggen til pastor Manders.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ibsen var kjend for å lage scenetilvisingar som ofte hadde ei skjult betyding. No skal de jobbe på same måte som i del 1: De skal lese nokre scenetilvisingar og sjå om de finn ut av gåtene i desse.

Jobb aleine

Les gjennom alle scenetilvisingane under. Ta deg god tid. Legg særleg merke til

  • korleis veret utviklar seg

  • kva det er som har skjedd like før det kjem ein ny dag utan dystert regnver

  • korleis fru Alving og Osvald omtaler livet på heimstaden sin

  • kva ord Osvald bruker når han fortel om livet i Paris

Diskuter i grupper

Diskuter funna dykkar i grupper. Kan lyset og veret vere litt meir enn berre konkrete scenetilvisingar? Kan det ha ei symbolsk betyding i stykket?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Opprøret mot autoritetane!