Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Livsmeistring med Arne Garborg

I teksten "Um pengar" skriv forfattaren om kva pengar kan gi oss, og kva dei ikkje kan gi oss. Tolk teksten! Sjå deretter nærare på andre tekstar som skildrar forholdet mellom pengar og lykke.

Del 1: Kva gir lykke?

Diskuter i klassen: Kan du bli lykkeleg av pengar? Kanskje må de då òg diskutere kva det vil seie å vere lykkeleg?

  1. Skriv opp argumenta på tavla.

  2. Vel side. Dei som meiner "ja" stiller seg i eitt hjørne av klasserommet, dei som meiner "nei" i eit anna.

  3. Kvar gruppe blir einige om kva som er det to viktigaste argumenta for ståstaden sin.

Del 2: Garborgs bodskap

  1. Les teksten "Um pengar". Språket er slik Garborg skreiv det i 1903, så bruk gjerne først tid på skrive teksten om til moderne norsk.

  2. Garborg bruker ordpar som moro–glede og kameratar–vennskap. Skriv opp alle ordpara og diskuter: Er det slik at det første ordet i kvart par kan kjøpast for pengar? Forklar!

  3. Den siste setninga kan hjelpe dykk til å tolke teksten. Prøv å forklare kvarandre kva forfattaren meiner med "Skallet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal."

Relatert innhald

Diktet "Um pengar" er skrive av forfattaren Arne Garborg (1851–1924).

Del 3: Lykke i dagens samfunn

Ta for dykk éin eller fleire av tekstane som på ulike måtar problematiserer forholdet mellom materielle gode, velstand og lykke.

  1. Kva sjanger tilhøyrer teksten?

  2. Kva bodskap har han?

  3. Kva verkemiddel bruker teksten for å få fram bodskapen?

  4. Korleis påverkar teksten synet ditt på pengar og lykke? Skriv opp nye argument på tavla, eller kople det du har lese/sett til eksisterande argument.

Tekst 1. Lykka kan kjøpast for pengar

I artikkelen "Lykken kan kjøpes for penger" på forskning.no kan du lese om resultatet av ein studie på forholdet mellom rikdom og lykke.

Tekst 2. Chanel

I novella "Chanel" kan du lese ei skildring av korleis det er å skiljast frå Chanel-veska si.

Tekst 3. 100 ting

Teknologigründerane Paul og Toni kranglar om kven av dei som er mest avhengig av alle tinga dei eig. For å finne ut av dette blir dei einige om å inngå eit veddemål.

Del 4: Samanlikn bodskapane

Diskuter tekstane de har jobba med i klassen.

  1. Har de endra synet på om pengar kan gjere dykk lykkelege? Vel hjørne og ståstad på nytt.

  2. Fortel kvarandre kvifor de bytte hjørne, eller valde å stå på same stad.

  3. Kva tekst/tekstar påverka dykk mest? Kvifor?

  4. Er Arne Garborgs råd om pengar og lykke framleis gyldig?

Relatert innhald

Arne Garborg var ein radikal forfattar og samfunnsdebattant som ønskte å modernisere Noreg på fleire område og kjempa for det frie individet.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme