Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forstå den kritiske realismen med teikn-og-forklar-metoden

Skaff deg oversikt over perioden vi kallar kritisk realisme ved å lage illustrasjonar og stikkord. I denne oppgåva skal du både forstå perioden og lære deg teknikkar for å hugse og forstå tekst.
Hender som teiknar ei teikning med mange figurar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med denne oppgåva er ikkje å gå i djupna på perioden som vi kallar realismen, men å

  1. forstå kva som utløyste den kritiske realismen

  2. forstå kva realistane skreiv om, og kvifor dei skreiv om dette

  3. forstå korleis realistane skreiv, og kvifor dei skreiv slik

  4. forstå kvifor vi kallar realismen både ein epoke og ein skrivestil


Korleis skal du gjere dette? Jo, ved å teikne! Deretter skal du forklare teikningane dine til ein medelev.

Ei hand held i ein penn. Illustrasjon.

Vi tilrår at du teiknar på papir i denne oppgåva.

Del 1: Kva utløyste den kritiske realismen?

  • Kvifor byrja forfattarane å skrive litteratur som kritiserte samfunnet på slutten av 1800-talet?

Dette er spørsmålet du skal utforske no. Gå fram på denne måten:

  1. Opne artikkelen "Fire årsaker til at den kritiske realismen oppstod" (under).

  2. Tittelen viser at det er fire årsaker du skal lære om. Del derfor arket ditt inn i fire og skriv inn dei fire største overskriftene frå artikkelen inn i rubrikkane dine.

  3. Les om den første årsaka, "Ein reaksjon på nasjonalromantikken", ein gong. Lukk deretter igjen pc-en. Lag så ei teikning under overskrifta som heiter det same på arket ditt. Denne teikninga skal representere det du har lese. Til dømes kan du representere romantikken ved å lage symbol som hjarte, fjell og så vidare. Treng du hjelp til å hugse namn, som til dømes Søren Kierkegaard? Teikn ei kyrkje eller eit kors, eller kva som helst som betyr noko for deg!

  4. Les gjennom årsaka ein gong til. Lag gjerne ein–to teikningar til i rubrikken. Skriv i tillegg ned tre–fire stikkord frå det du har lese, som skal hjelpe deg å hugse stoffet.

  5. Gå saman med ein medelev. Prøv å fortelje att til kvarandre det de nettopp har lese og forklar kvifor de teikna slik de gjorde.

  6. Gå deretter gjennom teikn-og-noter-delen til resten av dei tre årsakene. Men ikkje snakk med sidemannen etter kvar årsak.

  7. Avslutt med å fortelje att alle dei fire årsakene til ein medelev.

Kvifor skal eg gjere dette?

Teikn-og-forklar-metoden hjelper deg både å hugse og å halde på konsentrasjonen din. Her er nokre årsaker til dette:

  • Metoden tvingar deg til å dele opp lesinga. Når du skal lese lange, komplekse tekstar, er det alltid lurt å stoppe opp undervegs for å sjekke om du eigentleg har forstått det du les.

  • "Å skrive er å lære", seier litteraturprofessor Toril Moi. Men noko av det same kan seiast om å teikne: "Å teikne er å forstå for å hugse". Når du teiknar det du har lese, behandlar hjernen din stoffet på ein annan måte enn om du berre les.

  • Metoden ber deg stykke opp og lese kvar del to gonger. Den første gongen for å skaffe oversikt, den andre gongen for å forstå.

  • Metoden ber deg òg notere kort og fortelje att. Stikkorda skal hjelpe deg i attforteljinga di, og det å snakke om det du har lese, vil verkeleg hjelpe deg til å sjekke om du har forstått stoffet.

  • I tillegg skal du lytte til attforteljinga til ein medelev av teksten. Mange synest dei lærer betre av å lytte enn av å lese.

Alt i alt så sikrar denne metoden at du får brukt alle sansane i innlæringa av nytt stoff

  • ved å lese

  • ved å teikne

  • ved å skrive

  • ved å snakke

  • ved å lytte

Relatert innhald

Del 2: Kva skreiv dei realistiske forfattarane på 1800-talet om?

Gå fram på same måten som du gjorde i del 1 – altså ved å bruke teikn-og-forklar-metoden. Du kan òg leggje inn variasjonar som desse:

Forretningsutviklar skriv på whiteboard-tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Ikkje forklar dine eigne teikningar, men prøv å forstå teikningane til fleire medelevar.

  • Fortel att artikkelen kollektivt i klassen ved å la ein elev teikne noko på tavla. Deretter skal de prøve å forklare kva teikninga viser, og kva tema frå realismen teikninga handlar om.


Relatert innhald

Del 3: Kvifor kallar vi realismen både ein epoke og ein skrivestil?

Den siste artikkelen du skal lese, heiter "Kvifor kallar vi realismen både ein epoke og skrivestil?" Bruk teikn-og-forklar-metoden på denne òg.

Relatert innhald

Del 4: Oppsummer.

No skal du vende tilbake til spørsmåla frå del 1 for å undersøkje kva du har forstått og hugsar.

Du skulle

  • forstå kva som utløyste den kritiske realismen

  • forstå kva realistane skreiv om og kvifor dei skreiv om dette

  • forstå korleis realistane skreiv, og kvifor dei skreiv slik

  • forstå kvifor vi kallar realismen både ein epoke og ein skrivestil

Oppsummer ved å velje mellom ein av dei to arbeidsmetodane under:

  1. Jobb aleine. Ha alle teikningane og notata framfor deg og skriv ned alt du hugsar om dei fire punkta over. Prøv å organisere teksten din i overskrifter og underoverskrifter.

  2. Jobb i grupper. Sit saman i grupper på tre eller fire. Legg teikningane dykkar midt på bordet. Gå systematisk gjennom punkta over og prøv å fortelje att til kvarandre det de har lese ved å bruke teikningane som hjelpemiddel.

Del 5: Evaluer metoden i klassen

Diskuter i klassen:

  1. Kva metodar bruker de for å hugse stoff de les? Det kan vere til ei prøve, eit foredrag eller ein fagsamtale.

  2. Kva syntest de om teikn-og-forklar-metoden? Er det ein metode de kjem til å bruke framover? Grunngi ved å fortelje kvifor, eller kvifor ikkje.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme