Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

To naturalistar og ein kommunist om fattigdom

Forfattarane Amalie Skram og Arne Garborg skreiv mellom anna om korleis fattigdom forma liva til arbeidsfolk og bønder. I "Karens jul" og Bondestudentar møter vi to ulike skjebnar. Samanlikn desse med teksten til ein politikar om fattigdom i Noreg i dag.

Del 1: Kva er fattigdom?

Tenk over og diskuter gjerne med ein medelev:

  • Kva ser du for deg når du høyrer ordet "fattigdom"? Skriv ned dei orda som fell deg inn.

  • Er det forskjell på fattige i Noreg i dag og fattige på 1800-talet? I tilfelle korleis, trur de?

  • Kva tekstar beskriv fattigdom i dag? Sjå om de kjem på kvar de har lese om, eller sett på, tekstar om fattigdom. Kva slags bilete gir dei av fattige?

  • Korleis trur de det påverkar livet å vere fattig i Noreg i dag?

Del 2: Karens jul

Les novella "Karens jul" av Amalie Skram.

  1. Skram teiknar eit ganske detaljert bilete av omgivnadene og av Karen. Strek under skildringane i teksten (eller kopier og lim inn i eit dokument).

  2. Kva for ord skaper stemninga og gir deg bilete i hovudet? Undersøk kva for ein ordklasse mange av desse tilhøyrer. Tips: Bruk ordbok til å finne det ut.

  3. Forutan dei detaljerte skildringane er dialogen og den direkte talen eit viktig verkemiddel Skram bruker i novella. Kva informasjon får du av replikkane? Tips: Sjå både på språket og det som blir sagt.

  4. Kva for ein type forteljar og synsvinkel har novella? Korleis påverkar det tolkinga di?

Relatert innhald

Del 3: Bondestudentar

Les utdraget frå Arne Garborgs Bondestudentar

  1. Kva inntrykk får de av hovudpersonen Daniel og situasjonen han er i?

  2. Kva verkemiddel bruker Garborg for å gi oss eit bilete av Daniel og situasjonen hans? Strek under skildringane i teksten (eller kopier og lim inn i eit dokument)

  3. Kva for ein type forteljar og synsvinkel har teksten? Korleis påverkar det tolkinga di?

Relatert innhald

Del 4: Samanlikn tekstane

  1. Kva slags skjebner beskriv dei to tekstane? Samanfatt kort kva motiv og tema er.

  2. Korleis påverkar fattigdommen livet til hovudpersonane?

  3. Samanlikn tekstane ved hjelp av eit Venn-diagram. Kva er likt? Kva er ulikt?

  4. Begge tekstane blir rekna som "naturalistiske". Ut frå det du har funne ut ved å sjå på tekstane, kan du forklare kva du trur kjenneteiknar denne stilperioden?

Venndiagram. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Undersøk tekst i kontekst

  1. Kven var Arne Garborg og Amalie Skram? Samarbeid om å finne opplysningar og del dei med klassen.

  2. Kva er eigentleg "naturalisme"?

  3. Kvifor seier vi at naturalisme er ei vidareføring av den kritiske realismen?

  4. Kvifor skreiv Skram og Garborg slik dei gjorde, trur de? Kva ville dei oppnå ved å skrive desse tekstane?

Del 6: Fattigdom og utanforskap

Å vere fattig betyr at du har under halvparten av inntekta til gjennomsnittet i landet du bur i. Sjølv om skjebnane til fattige i Noreg i dag kanskje ikkje er så tøffe som Karen og Daniel sine, kan fattigdom føre til utanforskap.

  1. Les korleis Mímir Kristjánsson skildrar dette i utdraget frå boka Mamma er trygda.

  2. Kvifor skriv forfattaren slik han gjer? Undersøk kven Mímir Kristjánsson er og diskuter kva som kan vere formålet hans med teksten.

  3. Når du har lese teksten, diskuter igjen spørsmålet "Er det forskjell på fattige i Noreg i dag og fattige på 1800-talet?" Skriv ein tekst der du svarer på spørsmålet og bruker døme frå alle tre tekstane du har lese. Les gjerne òg artikkelen under om fattigdom i Noreg for å få meir bakgrunnskunnskap.

Relatert innhald

I boka om den sjuke mor si skriv Mímir Kristjánsson om skamma knytta til det å vere på trygd, eller vere ein "navar".

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda. Korleis kan det då ha seg at det blir fleire og fleire fattige her i landet? Og kven er dei fattige?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2022

Læringsressursar

Kritisk realisme og naturalisme