Fattigdom i Noreg - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fattigdom i Noreg

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda. Korleis kan det då ha seg at det blir fleire og fleire fattige her i landet? Og kven er dei fattige? Her får du lære kva fattigdom er, og kva vi kan gjere for å løyse problemet. I tillegg får du vite litt om kostnadene ved å få folk ut av fattigdommen.

Definisjon

Ein generell definisjon av fattigdom er at ein manglar det ein treng for å kunne leve eit fullverdig liv. Som regel bruker vi to mål for fattigdom: absolutt fattigdom og relativ fattigdom. I begge tilfella blir det sett ei fattigdomsgrense. Dei som ligg under denne grensa, blir definerte som fattige.

Relativ fattigdom

Ein person som er fattig i Noreg, vil bli oppfatta som velståande til dømes i eit land som Sudan. Relativ fattigdom er fattigdom samanlikna med ei anna gruppe. Vi seier gjerne at dei fattige hushalda i Noreg er fattige i forhold til andre hushald. Det vil seie at dei blir haldne utanfor ein del aktivitetar og gode som er vanlege her i landet. Levestandarden blir altså sedd i forhold til det samfunnet ein lever i.

Det finst to fattigdomsgrenser som det er vanleg å bruke – OECD si fattigdomsgrense og EU si fattigdomsgrense. Begge tek utgangspunkt i medianinntekta i eit land, det vil seie den inntekta som er «vanlegast». OECD set fattigdomsgrensa til 50 prosent av medianinntekta. I Noreg i 2018 tilsvarer det 282 100 kroner for eit hushald.[1]

EU set fattigdomsgrensa noko høgre, til 60 prosent av medianinntekta. Etter denne definisjonen ligg fattigdomsgrensa i Noreg på 314 520 kroner i året (2018). I tillegg må inntekta liggje under fattigdomsgrensa i tre samanhengande år før ein person kan definerast som fattig. Dersom vi følgjer den grensa Verdsbanken har sett for absolutt fattigdom – 1,90 USD om dagen – er ingen fattige i Noreg. Dersom vi derimot følgjer OECD- eller EU-grensa, er høvesvis 6 prosent og 12 prosent av befolkninga fattige.

Eit problem med desse definisjonane av fattigdom er at dei berre tek utgangspunkt i inntekta. Dei faktiske utgiftene folk har, er ikkje tekne med. Derfor er den grensa for absolutt fattigdom som Verdsbanken har sett, altså 1,90 USD om dagen, ein betre måte å måle fattigdom på. Men grensa på 1,90 USD lèt seg ikkje bruke på norske forhold. Finst det eit liknande mål som passar betre for å definere kva som er fattigdom i Noreg?

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) reknar med at ein vaksen person bør greie seg med drygt 9100 kroner i månaden for kvinner og 9500 kroner for menn (2019). Buutgifter blir ikkje rekna med, men kjem i tillegg fordi dei varierer mykje etter kvar ein bur i landet. Statistisk sentralbyrå (SSB) har slått fast at dei gjennomsnittlege buutgiftene for husstandar i 2019 var ca. 95 700 kroner.

Fattige i Noreg

Vi kan altså rekne med at rundt 5–12 prosent av befolkninga i Noreg er fattige. Og talet på fattige er stigande. Forskjellane mellom dei som er fattige og dei som er velståande, blir større og større. Det skjer sjølv om vi har eit politisk system som prøver å sikre velferda for heile befolkninga. Fattigdommen i Noreg er ikkje livstruande, men påverkar livet til dei det gjeld, slik at dei ikkje har høve til å leve eit fullverdig liv.

Ca. 35 prosent, eller 498 milliardar kroner, av staten sine inntekter går til folketrygda (2020). Formålet med folketrygda er å gi innbyggjarane økonomisk tryggleik ved å sikre inntekter og kompensere for utgifter ved arbeidsløyse, sjukdom og skade, uførleik, svangerskap og fødsel, åleineomsorg for barn, alderdom og dødsfall. Beløpet er høgt, høgre enn dei samla inntektene staten har av oljeproduksjonen, som i 2019 utgjorde omtrent 300 milliardar kroner. Dette seier noko om kor mykje det kostar å drive velferdsstaten Noreg.

Fattigdom rammar nokre grupper meir enn andre:

  • Unge einslege, einslege forsørgjarar, par med små barn og familiar med tre eller fleire barn, innvandrarar, langtidsarbeidslause, langtidssjuke og mottakarar av sosialhjelp
  • Pensjonistar, mellom anna alderspensjonistar som bur åleine
  • Innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn (denne gruppa er sterkt overrepresentert blant personar med langvarig låg inntekt)
  • Personar med psykiske lidingar

Fleire av dei gruppene som er nemnde ovanfor, aukar i forhold til resten av befolkninga. Ettersom befolkninga i tillegg generelt sett blir eldre, kjem utfordringane og kostnadene til å bli mykje større i framtida. Det var derfor brei politisk semje om å opprette Statens pensjonsfond utland («Oljefondet»), som desember 2015 var verd ca. 7 475 000 000 000 kroner. Dette fondet er oppretta for å møte dei komande økonomiske utfordringane som folketrygda står overfor.

Tiltak mot fattigdom i Noreg

Kva for tiltak blir så sette inn for å løyse fattigdomsproblemet i Noreg? Hovudområda har tradisjonelt vore å arbeide for:

  • stabilt høg yrkesdeltaking
  • låg arbeidsløyse
  • høgt gjennomsnittleg inntektsnivå, men små lønnsforskjellar
  • allmenne sosiale støtteordningar

Tiltaka mot fattigdom er mange og mangesidige. Gjennom velferdsstaten skal alle vere sikra livsopphald. Ingen skal måtte svelte i hel i Noreg. Tiltak for å redusere talet på langtidssjukmelde, tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande utdanning, styrking av språktrening for innvandrarar osv. er viktige bidrag for å hjelpe fleire ut av fattigdommen.

Fattigdomsproblematikken i Noreg er svært samansett. Det finst ikkje éi løysing som kan lyfte alle ut av fattigdommen. Overfor kvar enkelt gruppe må det setjast inn tiltak som er retta mot den spesielle livssituasjonen dei er i. Éin ting synest likevel å vere ein samnemnar: Både for dei fattige sjølve og for politikarane er det eit hovudmoment at barna skal vernast mot fattigdom. Ei av årsakene til at dette målet blir prioritert, ligg i det faktumet at fattigdom blir reprodusert. Barn av fattige foreldre har ein vesentleg større risiko for sjølve å bli fattige. Men kan vi i det heile løyse fattigdomsproblemet, sjølv i eit av dei rikaste landa i verda?

Ei utfordring er at fattigdomsgrensa er glidande. Etter definisjonen vil det derfor alltid vere fattigdom i Noreg. Å leve eit fullverdig liv blir dermed eit relativt omgrep.

Kildeliste:

Relatert innhald

Skrive av Bjørn Simonsen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2020